søndag 21. april 2013

Meir soverom og lufting av planar

 
 
Her kjem ei litt meir om same tema som mitt forrige innlegg handla om:
Søsken deler soverom.
 
Takk for alle gode innspel i kommentarfeltet. Dette er nok eit tema som er aktuelt for mange, og derfor også opptar fleire enn meg. I forrige innlegg var eg litt einsidig positiv til tematikken og rosemalte kanskje litt det at mine tre deler rom.
 
 
Me gler oss til rommet til Sara er klart til å takast ibruk igjen. Det blir kanskje innan 2 veker, så det er ikkje så lenge dei tre skjønningane mine skal dele rom. Godt er det, for det er ikkje berre fryd og gammen når 3 barn skal dele rom. Det er jo ikkje berre om natta dei deler rom, men også om dagen. Eg er veldig einige med de som kommenterte at det er lettare for søsken av same kjønn å dele rom. Jenter og gutar har ulike typer leiker og leker kanskje på litt forskjellige måter. Medan jentene typisk leiker med dokker, barbie eller petschopper, driv gutane med legobygging, togbane, bilar og sjørøverleiker. Det som mine barn likar å drive med på tvers av kjønn er utkledning/rolleleik, perling, teikning, pusling, for å nemne noko. Når dei er ute er det anneis. Då er det mindre forskjell på måten barn av ulikt kjønn leiker på. Det er derfor meir utfordrande med felles barnerom når barna leiker inne og då særleg når dei har vener på besøk.

Eg ser desse problemstillingane, men samtidig tenker eg på at me har det så altfor godt i Norge. I mange land er det heilt naturleg og ingen alternativ til at barn deler soverom. Det er også mange som søv heile familien på same rom, og enda verre er det dei som ikkje har ein stad å sove. Derfor skreiv eg slik eg gjorde i forrige innlegg.
 
 
No er jo me heldige som lever i rike Norge. Og når me bur i Norge så har me lett for å oppføre oss som nordmenn flest. Me bruker store deler av kvardagen og livet vårt på å jobbe slik at me får kjøpt oss dei tinga me vil ha *smil* Ja, det skal noko til for ikkje å bli dradd med i det materielle jaget som herjar her i vesten.
 
  
Me er ikkje så veldig ulike folk flest skal eg seie deg. Eg skreiv at me ikkje bekymra oss i det heile for kvar fjerdemann skal sove når han/henne blir eit år elller to, og skal ut i frå mamma og pappa sitt soverom. Det er sant at eg ikkje bekymrar meg, men det betyr ikkje at me ikkje har tenkt ! *smil* Me tenkjer stadigvekk på huset vårt og at det byrjar bli for trangt.

I sokkeletasjen vår har me ein leilighet som me leiger ut. Den er nesten 80 km2 og har tre soverom, så me er takknemlege for at me kvar mnd får inn ein god sum på den. Spørsmålet no er om me skal ta ibruk det arealet, eller om me skal bygge på huset. Det er ikkje heilt enkelt å bestemme seg, for det er ulemper og fordeler med begge deler. Me heller vel mest mot å bygge litt på den eine enden av huset, slik at me får eit ekstra soverom, utvidelse av eit soverom og fleire bodar (ein matbod, ein redskapsbod og eit lite lintøy-rom). Dette vil også frigjere eit rom som me no bruker til bod, men som eigentleg kan brukast til soverom. Dermed vil me kunne få to ekstra soverom i tillegg til at eit av soveromma blir eindel større. Tanken er å bygge ut huset 2,4 m, over 2 etasjer. Ikkje så stort tilbygg, men trur me likevel kjem til å få mykje igjen for det.

Me tenkjer slik at det me må legge ut på tilbygg av huset vil me på få år tene inn igjen med inntekta frå utleigedelen av huset. Det hadde jo vore deilig å hatt heile huset for seg sjølv, men den økonomiske fridommen som ei slik bi-inntekt gir er gull i vår fase av livet. Det er lettare for meg å jobbe redusert eller vere heimeverande når me har utleigedel på huset.
 
Andre som har stått i same dillemma?
 
Me er berre i planleggingsfasen enno, men eg tenkte eg ville dele tankane våre med dåke. Eg er aldri i så stort redebyggingsmodus som når eg er gravid! *smil* Det er vel slik me er skapt.
 
Ønsker deg ein fin dag ♥

Bileta frå dette innlegget er reprisebilder frå Sara sitt rom.
 
Kristina

1 kommentar:

  1. Ja en må jo planlegge litt.
    Vi kjøpte et stort hus der vi laget til en leilighet
    i første etg. Den leide vi ut i en del år. Så derfor måtte guttene ei stund dele rom.
    Høres flott ut å få flere boder, i tillegg til et soverom. Trenger mye oppbevaringsplass til mange barn.
    Så det er nok lurt visst dere syns dere klarer det økonomisk. Det er jo godt å ha den leieinntekta så lenge en ikke syns en kan jobbe så mye.
    Lykke til,
    Håper dere finner den beste løsningen for dere
    ha en herlig vårdag :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...