tirsdag 24. desember 2013

God jul!

Så vart det ingen desember-innlegg frå meg i år. Dagane og vekene har gått så fort og det har blitt lite tid til blogging, eller rettare sagt så har det blitt nedprioritert. Eg har heile tida tenkt eg skulle poste nokre glimt i frå juleførebuingane våre med bilder av ungane som bakar eller lagar noko, men så har heller energien blitt brukt til å gjere ting saman heller enn å dokumentere det me gjorde saman. Slik vart det denne gongen og no er det jul. Tenk i dag er det julafta! Ungane er kjempespente og eg kjenner sjølv også den barnlege gleda over nok ei ny julefeiring. Det er stort at me skal få minnast at Jesus kom til jorda og vart verdas frelsar. Det ynskjer eg skal få stor plass i vår juleglede. Han gir livet ekte verdi og meining. Presangar er kjekt, men Jesus gir varig glede. Han er den største gåva. Så kan me få glede kvarandre med gåver som ei takk tilbake til Han som gav oss livet. At me har kvarandre og får vere friske er noko av det eg er mest takknemleg for. La oss feire jul, med stor glede.

God Jul
 
Klem frå Kristina


fredag 29. november 2013

Dryppe lys




Å dryppe lys er ein nostalgisk ting for meg. Eg hugsar så godt kor koseleg det var å sitte inne med små lysstybbar som mamma hadde tatt vare på og dryppe dei ned i ein kopp med vatn. Så enkelt og så kjekt! Det skal ikkje så mykje til for å gjere noko koseleg ilag.

Eg har gjort som mi mamma gjorde og tatt vare på lysstubbar i ulike fargar. Desse har no blitt brukt av små barn som elskar å drive med hobbyaktivitetar. Det vart til tre fine rundingar som pyntar opp i eit vindu på kjøkkenet vårt.




Tenkte kanskje dette var ein idè som andre også kunne ha nytte av? Eg treng mange gode idèar no når me skal til med aktivitetskalender. Då er blogglandia ein god stad å hente inspirasjon :)

Takk for alle fine tilbakemeldingar på forrige innlegg!

Ynskjer alle som er innom ei god 1.adventshelg ♥

K

onsdag 27. november 2013

Lag stjerner av kvistar




Dette er dekorative stjerner som du kan pynte med likegjerne inne som ute.

Det beste med dei er at dei er enkle å lage.

Du treng:

- Kvistar av bjørk eller anna treslag. Du treng 6 stk til ei stjerne og desse bør vere ca like tjukke og like lange. Eg brukte kvistar frå selje-tre til stjernene på bilete, då dei var så like i tjukkelsen.

- Hyssing (Biltema har billeg).


Knyt pinnane saman til to trekantar og fest deretter dei to trekantane oppå kvarandre så det blir ei stjerne. Knyt hyssing i alle ledd.





I morgon skal adventstjerna finnast fram og fredag får ho koma opp, tradisjonen tru.

Tenk at det snart er advent! Me har mykje kjekt i vente.

Ynskjer deg som er innom ein god kveld/dag.

Kristina

fredag 15. november 2013

Ut av komfortsonen

Eg har ikkje tid til å drive på med interiør om dagane.
Gud har viktigare saker for meg.
Materielle ting er forgjengeleg, det blir øydelagt, slitt eller går simpelthen av moten.

Eit menneske derimot, er ein dyrebar sjel. Skapt av Gud og elska høgt. Gud ser til den som er svak, nedbrutt, såra eller forlatt. Han er ikkje likegyldig til din smerte.

Men Han treng deg og meg! Til å dele ut kjærleik. Til å spre varme og oppmuntring. Til å vere ein ven i mørkre.

Plutseleg ser eg klart. Sløret er tatt bort frå augo mine. Eg ser kor uendeleg godt eg har det og kor mykje eg har å vere takksam for. Eg ser også kor dum eg har vore som har brukt tid på å ergre meg over ting eg ikkje er fornøgd med i huset.

Gud arbeider med meg og dealer med egoisme og sjølvmedlidenhet. Han har noko større for meg. Eit spenneande liv der Han leder meg dag for dag, steg for steg. Eit liv der eg får bruke mitt fulle potensiale og vere den eg var tenkt å vere. Slik designaren hadde planlagt frå byrjinga av.

Gud leder mennesker i vår veg som treng oss. Han leder også mennesker i vår veg som me treng. Livet handlar om å gi og å få. Som regel handler det om å begynne med å gi. Gi litt av deg sjølv til nokon andre. Gi opp noko du held fast på, som du kjenner ikkje er rett. Du vil raskt erfare at det er betre å gi enn å få. Velsignelsane er ikkje langt unna.

Ingen kan hjelpe alle men alle kan hjelpe nokon.

Me kan ikkje bære andre sine problem på våre skuldre, men me kan vere ein ven som lyttar og er tilstades. Og så kan me be. Når me ber blir himmelens hær mobilisert. Det har eg erfart og det trur eg på. Gud er mektig og Han høyrer bønn!
Til deg som ber: Be om at Gud vil ta deg eit steg vidare, ut av komfortsonen og inn i det som Han har tenkt for deg.

Klem *smil*

fredag 1. november 2013

DIY vitrineskap

DIY-prosjekt handler vanlegvis om brukte og gamle møblar eller ting. Denne gongen er det annleis. Eg kunne likegjerne kalla dette innlegget for (Gal)Skap! Eg kjøpte nemleg skapet heilt nytt, for deretter å gå laus med malarkosten på det.



Dette hadde seg slik: Eg var lenge på jakt etter eit brukt vitrineskap og var jamleg innom finn.no for å sjekke om det var noko aktuelt til salgs. Etter ei stund på leit kom eg over eit som eg likte, men problemet var at eg måtte til Bergen for å få tak i det. At eg var gravid gjorde det ikkje lettare. Mannen ivrar ikkje etter gamle møblar på same måten som eg, så eg ville heller ikkje presse han med meg til "byn" med tilhengar på bilen for å hente nok eit gamalt "skrap" (i mine auge har desse gamle skrapa stor verdi:). Skapet heitte "Denver" stod det i annonsa, så eg sjekka ut kor det var kjøpt. Google fann ut at det var handla på Jysk. Det viste seg at skapet fortsatt var tilsals på Jysk, og nett no til redusert pris. Dermed kjørte eg til Jysk, som me har 10 min i frå huset vårt, og bestilte skapet.

Fordelen med å male eit nytt skap er at ein kan male dørene før det blir montert og får hengsler på seg. Men eg må innrømme det stakk litt i samvitet å male eit heilt nytt skap. Eg trøsta meg med at skulle eg kjøpt eit slikt skap i stilen eg ville ha, måtte eg betalt det tredoble. 

Førbilde, henta i frå Jysk sine nettsider:


3-4 strøk måtte til, og endå kunne eg nok hatt eit strøk til. Men det fekk vere bra nok. Inni skapet tapetserte eg med restar av tapet i frå Borås som eg har tapetsert med i gangen. Det gav skapet det vesle ekstra.

 
 
 




Ferdig resultat:

 
 
 



Endeleg har eg fått eit vitrineskap med plass til finservise, glas og vasar. Billy-hyllene våre fra IKEA er for lite djupe til å ha plass til middagsfat. No får alt stå samla og det likar eg godt.
Det blir lite med maleprosjekt no fortida, så det får bli innlegg med gamalt-nytt no ein periode. Det tar litt tid i frå ting blir utført til eg får blogga om det, tregt som det går med meg fortida. 

Det er veldig kjekt å kikke innom bloggane til alle dåke flinke bloggedamer. Eg skulle gjerne kommentert hos kvar og ein av dykk, men som oftast har eg ein liten på armen eller har noko anna eg raskt må springe til. Kanskje blir det betre etterkvart. Vesleguten har allereie vist tegn til å sove godt om nettene, så eg håpar han snart også vil sove meir om kveldane.

Eg må også nemne at det er veldig kjekt å treffe på folk rundt omkring som seier dei les bloggen min. Det gjer meg glad og audmjuk. Eg bloggar om det som ligg meg på hjarta og det eg interiserer meg for. At det er mennesker der ute som likar det dei les er veldig kjekt å høyre.

Dette vart laaangt og kanskje litt uinterisaaant. Jaja, det får stå til.





Ønsker alle ei strålande og fin helg.

KlemK    

mandag 21. oktober 2013

Himalayatorg 26.oktober 2013


 



 
 På fyrstkomande laurdag vil eg oppmode deg til å ta turen til Leirvik og besøke Himalayatorg!
 
Me er ein gjeng damer som annakvar veke samlast til misjonsforening. Her lagar me ulike ting som me no vil selge til inntekt for Himalpartner sitt arbeid i Nepal. Pengane går uavkorta til menneske som verkelg treng vår hjelp. Det er stort å få vere med å bety ein forskjell for dei som har minst her i verda. Det kan du også få lov å vere med på denne dagen. På Himalayatorg blir det blandt anna:
 
Sal av heimelaga produkt (tova vottar og hjerter, kjøkkenklutar, kjolar, syltetøy og knekkebrød, for å nemne noko)
 
Kafè med sal av kaffi og kaker
 
Lotteri med fine gevinstar
 
 
 
 
Her kan de sjå bileter av fleire ting me kjem til å selge på Himalayatorget: 
 
 





 

 
 









Ta med deg ein ven eller to og kom :)
 
Dette er forresten veldig fine ting å gi i julegåve!
 
Stad: I lokalet der "Leirvik Vin og Fetevarer" tidlegare heldt til. Det ligg på andre sida av Triobygget, vis a vis gullsmed Underhaug.
 
Det opnar klokka 10.00 og stenger kl. 14.00
 
 
 
K


tirsdag 15. oktober 2013

Nydelege haustdagar og ord til ettertanke

For nokre fantastiske haustdagar me har hatt! Sola skin frå knallblå himmel og haustfargane kjem verkeleg til sin rett. Lufta er klar og frisk og det er nydeleg å vere ute og gå tur, for deretter å gå inn ei varm stove. Hausten gir meg ei sånn ro inni meg. Det er noko fredfullt og vakkert over denne årstida.

Her er nokre bileter frå då me var i Ølve i helga, ei lita bygd ytst i Hardanger. Her kjem mamma i frå og besteforeldra mine bur her. Den finaste stad på jord, det har eg alltid sagt. 








Det er med livet som med naturen, den består av ulike årstider. Det er lett å tenke når det er vinter; å om det berre kan bli vår, eller om våren; om berre sommaren kan koma litt fort og når sommaren er her lengter me etter den vakre hausten... Er det ikkje oss menneske i eit nøtteskal? I alle fall kan eg kjenne meg igjen i det.

Nett no er det vår i livet mitt. Barna er fortsatt små og det er mykje som endå er ved sin spede start. Eg er på mange måtar uerfaren i livet og har mange år framfor meg. Vår er også årstida der me sår. Seinare vil me hauste det me sådde. Slik er det med barna våre også. Me vil sjå igjen seinare det me invisterte i dei når dei var små. Det er no me kan gi dei tryggleiken, nærheten og varmen dei treng. Det fundamentale grunnlaget vert lagt ned desse viktige barneåra.

Det er med livet som det er med årstidene. Det er så lett å leve der framme og tenke at alt skal bli så mykje betre etterkvart. Me ser fram til å bli ferdig med bleieungar og nattevåk. Me gler oss til mindre rot og meir orden. Kleshaugen får fram eit sukk i oss og all oppvasken tar knekken på oss. Trur me. Nokre år seinare forsto me at me tok feil. Det var sjølve livet, dagane me hadde den gong. Ei tid me aldri får att. Ei vakker årstid som må nytast så best den kan. Sommaren og hausten kjem fort nok. No er det dagen i dag som må levast, her og no.

Tante Grethe i Ølve sa det så fint; tida då ein kan breie på barna kjem aldri att. Sistemann i huset hos dei har nett flytta heimanfrå for å gå på skule. No er det berre to sett gamlingar igjen her på garden, la ho til. Det kan vere krevjande med små barn og ein kan ofte kjenne seg trøytt og sliten. Samstundes er det ei så vakker tid, som me berre må ta vare på. Å få ta del i barna sine liv frå dei er i magen til dei blir fødd, utviklar seg frå å vere små og totalt avhengige til å bli store og sjølvstendige, er verkeleg ei spanande og fin epoke i livet. Denne tida då ein kan legge dei i senga si om kvelden og breie dyna godt over dei, med visshet om at her er dei trygge, får ein ikkje att. Dei er så skjønne, desse små menneskebarna. Ingen får fram i oss så mange smil som barna gjer. Dei representerer glede med stor G.

Foreldra mine har også nettopp sendt yngstemann ut i verda. No er det berre dei to igjen. Me er 5 søsken i familien så det har vore tider med mykje liv i huset som er min barndomsheim . Og med 5 barn følger det også med mykje arbeid. Det vere seg rydding, klesvask, køyring, matlaging, leksehjelp, for å nemne noko. Men så kjem dagen då alt ligg på akkurat den staden der du la det i går kveld. Når ein vaskar og reingjer og det held det seg ryddig heile veka. Oppvask for 2 er gjort på null komma niks. Ettermiddagane er rolege og ein lurer på kva ein skal prate om no som ikkje ungane opptar ein på same måten lenger. Alt er annleis. Sommaren er på hell og hausten er på veg fram. Ein vakker haust der ein skal få hauste det ein har sådd. Er det ikkje fint laga til? Livet, med fire årstider, alle med sin sjarm.

Ta vare på dagane, livet og det du står i akkurat no. Klarar du å setje pris på den årstida du befinn deg i, vil du vere klar for ei ny epoke i livet når den tid kjem.


Endeleg fekk eg posta innlegget, etter å ha hatt litt problem med blogspot. Fekk ikkje lasta opp bilder i går. Andre med same problem? Ikkje like strålande haustver i dag, men slik kan det jo alltid vere anten det er vår, sommar haust eller vinter. Det er ikkje alle dagar sola skin frå blå himmel :)


Klem K

fredag 11. oktober 2013

Fotosession

I dag prøvde me oss på ein aldri så liten fotoseanse her i huset. Eg har ikkje lukkast i å få alle fire borna med på same bilete endå, så eg fann ut eg måtte sette av tid til nettopp det. Ungane fekk på seg nokolunde fine og matchande klede (shorts er favoritten til gutane her i huset) og med litt hårvoks i tillegg var dei heilt med på det som skulle skje. Storesøster fekk kle seg med den nye blusen sin som ho er så nøgd med. No trur eg at bilete til avis og takkekort er tatt. Her kjem ein liten smakebit:

 








 
Mikael snart 2 mnd
 
 
 
Tankane mine går i dag til alle dei som er involvert i den tragiske drapssaka som hende på Stord i går. Ufatteleg trist når slikt skjer. La oss tenne eit lys for dei og hugse på dei i bøn.
 

 
Kristina

onsdag 2. oktober 2013

Øv deg på å tenke positivt om deg sjølv

Er du som meg som har lett for å dømme deg sjølv for hardt? Tenker meir på det du gjer dårleg enn det du gjer bra? Føler du aldri når opp til dei forventningane du har til deg sjølv? Eg har eit lite og enkelt tips til deg.

Når du legg deg om kvelden skal du ta deg tid til å tenke over 5 ting du gjorde som var bra den dagen. Det du ikkje var så fornøgd med skal du prøve å la vere å tenke på.

Eg fekk faktisk lagd middag til heile familien i dag! Eg klarte å takle situasjonen med eit strassigt barn på ein god måte! Eg sette meg ned på golvet og pusla puslespel med nestminsteguten! Eg ringte til veninna mi som har det litt vanskeleg no! Eg fekk ei fin kveldstund med jenta mi då ho skulle legge seg!

Dersom eg ikkje hadde vore bevisst på dette ville tankar som at du svara sint til jenta di i dag og er ei dårleg mor dominert sinnet, eller du burde vore ute i hagen og rydda, vaska klær, lest meir, smilt meir, gjort alt så mykje bedre meir... Lista er lang.

Kva fører det til, å tenke på alt ein burde og skulle ha gjort? Kan eg ikkje likegodt berre innrømme at eg ikkje er eit supermenneske? Det beste eg kan gjere er å godta meg sjølv og vere god nok med meg sjølv til å la det positive dominere. Det trur eg vil framelske det gode i oss. Dømmer eg meg sjølv for hardt vil eg også dømme andre hardt. Slike mennesker er ikkje så godt å vere saman med. Derfor vil både eg og dei rundt meg ha det best om eg klarer å vere glad i meg sjølv. Det vil gjere meg trygg, glad og klar til å møte ein ny dag med ei positiv innstilling. Eg vil ha det bedre sjølv og eg vil ha meir å gi til andre. 5 positive kvar kveld, hugs det! :)


Eg treff stadig på folk i nærmiljøet som seier dei les bloggen min. Det er kjekt å høyre, for eg lurer jo avogtil på kva det eigentleg er eg driv på med. Skriv for meg sjølv liksom? Det er kjekt å skrive, men utan lesarar blir det ikkje det same. Eg set veldig pris på ein kommentar i frå deg som les bloggen. Du treng ikkje har blogg for å kommentere, du berre hakar av på anonym ved kommentarfeltet.


God klem frå meg.

søndag 29. september 2013

Meir energi av...

... å ete mindre sukker?

Ja, det erfarer eg at stemmer.

Eg er eigentleg veldig glad i alt som er søtt. Litt for glad :) Heilt frå eg var liten av har eg vore veldig glad i smågodt og alt anna som kjem innunder kategorien "snop".

For mykje sukker er jo verken bra for tennene eller kroppen. Har jo ikkje lyst til å ende opp med å få diabetes type 2 eller hjarte-og karsjukdommar heller. Eller stige i vekt. Likevel er det å få meir energi min største motivasjonskjelde til å redusere sukkerinntaket.

Mamma til fire. Fantastisk stort. Ein drøm som har gått i oppfyllelse. Då er det ikkje så kjekt å kjenne få trøtthet og manglande energi stadigvekk.

Har lyst til å vere ei tilstadesverande mor. Ei initiativrik mamma som orker å finne på ting med ungane mine og har overskudd til å ta del i kvardagen deira. Derfor er eg blitt motivert til å ta tak i dei tinga eg kan gjere for å bli mindre trøtt og få meir enegi.

Å slutte å ete snop er derfor noko eg strebar etter no. Ikkje berre snop, men generelt alt som inneheld sukker. Eg har tidlegare prøvd å berre skulle ete snop i helgene, men når eg veit det er noko godt i skapet er det berre så fristande for meg å ete bittelitt (som plutseleg blir litt meir enn bittelitt) når søtsuget blir for stort. Og det er det som er problemet mitt. Søtsug Ofte om føremiddagen, men også andre tider på døgnet. Og et eg då litt sjokolade eller noko anna sukkerhaldig fører det berre til eit større søtsug og ein vond sirkel er i gong. Hadde det berre vore det at det gjekk ut over meg sjølv så hadde det vore ei anna sak, men det største kortsiktige problemet med sukkeravhengighet (ja det vil eg kalle det) er den enorme trøttheten som følger på. Blodsukkeret stig fort og høgt og synk deretter veldig lavt. Det er det same som skjer med andre raske karbohydrater som kvitt brød, kvit ris og pasta. Maten gjer noko med oss. Me kan ikkje putte i oss kva me vil og tru at me ikkje blir påverka av det.

Derfor: mindre sukker og meir grønnsaker, nøtter, frø, grove kornprodukt og reint kjøtt. Eg prøver å ete faste og sunne måltid, med masse næring. Til frukost et eg gjerne ei skål med ei blanding av ulike frø som gresskarkjerner, solsikkekjerner, valnøtter, havregryn, tørka aprikos i biter og kanskje litt rosiner. Over dette heller eg surmelk. Biola smaker også godt, men biola med smak inneheld eindel sukker så det prøver eg å unngå no når eg er på "sukkeravvenning" :). Etter ein slik frukost kjenner eg ikkje på søtsug før eg byrjer å bli sulten igjen etter om lag 3 timar. Det er forresten lett å blande søtsug med sult. Eg kan kjenne at eg har lyst på noko søtt, men når eg kjenner bedre etter er eg faktisk berre sulten og treng skikkeleg mat.

Eg er langt i frå noko ernæringsekspert. Dette handler berre om kva eg erfarer i forhold til sukker og mat. Det som er viktig er å prøve å få til eit så stabilt blodsukker som mogleg igjennom dagen. Då vil søtsuget avta og til slutt bli borte. Eg prøver å få inn gode vaner med å ete sunne måltid ca kvar 3.-4. time. Måltida bør innehalde både protein, feitt (umeitta) og karbohydrat. Eg spør meg sjølv om me et for mykje brød i Norge. I alle fall bør det vere grovt og med proteinhaldige pålegg og grønnsaker til for å bli eit fullverdig måltid som meittar. Kneipbrød med syltetøy held ikkje mål liksom. Da må vera skikkelige greie :)

Ein anna ting eg er blitt gjort merksam på er viktigheita av å drikke nok vatn. Eg starter dagen med å drikke eit stort glas vatn (helst romtemperert). Dette reinser kroppen og organa og gir kroppen ein fin start. For å hugse det har eg det ståande på badet og drikk det med ein gong eg står opp. Vidare er det viktig å hugse å drikke mellom måltida, helst anten 2 t etter måltid eller 1/2 før. Drikk ein mykje vatn til måltida vil det uttynne fordøyelsesorgana. Denne anbefalinga har eg i frå ei bok med tittelen "Versågod spis", som er ei ernærigsbok utgitt av Norsk bokforlag. Å drikke vatn er eit enkelt tiltak for betre helse. Vatn belaster ikkje fordøyingsorgana slik mat gjer, men reinser istaden. 2 l om dagen er bra.

Oppsummert:
  • Starte dagen med å drikke romtemperert vatn, 2 små glas eller eit stort.
  • Ete jamne måltid som inneheld gode næringsstoff.
  • Unngå for mykje raske karbohydrater (kvitt brød, kvit ris og kvit pasta).
  • Halde meg unna snop og kjeks, og begrense mengde kaker og anna bakverk.
  • Dersom eg blir sulten eller søtsugen mellom måltida et eg litt gresskarkjerner, solsikkefrø eller cherrytomater (her finnes det mykje anna som også fungerer bra).
Tilslutt må eg berre sei at eg ikkje følger dette til punkt og prikke. Der er eg ikkje komen endå. Eg jobbar med saken og blir motivert når eg merker at det virker. Eg blir meir opplagt, meir stabil i humøret og eg får meir energi. Trøtt kan eg kjenne meg innimellom alikevel, så vel er det ikkje. Kosthald er jo ikkje det einaste som speler inn på energinivået vårt. Søvn tildømes, er ein anna viktig faktor. 

Håper dette kan inspirere andre også til å kutte sukker i frå kosthaldet.

Ha ei velsigna veke kjære lesar ♥ Klem

tirsdag 17. september 2013

1 mnd

I dag er litleguten vår 1 mnd gamal!

Her er eit bilete av han tatt i dag. Vår gode skjønne skatt som me koser oss glugg med.


Mikael er ein fredeleg baby. Vil ha ofte mat, men utanom det er han ikkje så kravstor. Eg er veldig glad for at han ikkje er plaga med luftsmerter. Å ha kolikkbarn er ikkje noko enkelt. Me har vore innom det med forrige mann. Det verste med det er at babyen kanskje har vondt, og det gjer ikkje godt for eit mamma hjerte å sjå. Me vil jo over alt på jord gjere det slik at barna våre har det godt. Eg er derfor så takksam for at me istadenfor å bekymre oss kan ha anledning til å verkeleg kose oss med vesle nurket. Plutseleg er han ikkje så liten lenger, så det gjeld å nyte tida.

Storesyskena koser seg også, og spør stadig om å få halde broren sin.


Her var han berre ei veke gamal. Gyllen og fin i huda grunna gulsott, men det gjorde også til at han var litt for søvnig. No veit han å vakne når han vil ha mat, og det er betryggande. Er jo deilig når dei sover mykje, men ikkje når det blir sånn at dei ikkje legg på seg tilstrekkeleg. No er heldigvis gulsotten borte og vekta stig fint.
 
 
Å ha baby er mykje kos, men sjølvsagt også litt strevsamt tiltider. Det som er mest slitsamt er vel kanskje å ha fleire avbrudd i nattesøvnen kvar natt. Men likevel, i det store og heile synes eg det går veldig fint i grunn. Det er rart med det, ein får styrke til det ein står i. Det har mykje å seie kva innstilling ein har til ting. Og så ha eg funne ut ein måte å få meir energi på. Meir om det seinare.

Takk for at du tok turen innom bloggen min :)

K

tirsdag 10. september 2013

Tripp-trapp-stol før&etter


Frå det eine til det andre.
Slik blir det litt her på bloggen min.
Ein dag eit alvorleg og seriøst innlegg, ein annan dag kort og lettlest underholdning.

Eg likar sjølv veldig godt å lese før/etter innlegg på andre bloggar. Tenkte derfor at eg ville vise dåke tripp-trapp-stolen til mellomsteguten vår som fekk seg eitpar malingsstrøk før sommaren.

Den gjekk frå å vere nedsliten og gul til å bli skinnande svart

før:


(eg hugsa ikkje på å ta bilde før eg var midt i maleseansen : )



etter: 






Fargen heiter KOKS og er ikkje heilt kolande svart.
Det var praktisk å velge denne fargen med tanke på dei svarte stengene og skruane. Gjorde ikkje mykje utav maskering denne gongen. Ein kontrast mot alt det ellers så lyse på kjøkkenet gjorde heller ingenting.


Ynskjer deg som er innom ein strålande dag.
"Bak skyene er himmelen alltid blå"

Klem


lørdag 7. september 2013

Stem for livet!

Du som har blogg, har du det slik at du avogtil får innlegget detaljert i hovudet før du eingong har sett deg ned for å skrive det? Då eg var ute å gjekk tur med minsteguten i dag så dukka det eit innlegg opp i hovudet mitt. Det handlar om eit alvorleg og viktig tema som eg berre må få ut.

På mandag er det valdag. Har du bestemt deg for kva du skal stemme? Ja, for du skal vel stemme?

Eg vil slå eit slag for menneskeverd her på bloggen min i dag. Alle mennesker har same verdi og alle mennesker i eit samfunn treng å bli ivaretatt. Det er ikkje fare for at ressurssterke folk blir neglisjert. Dei har eit talerøyr og får som oftast sagt i frå dersom det er noko som er urettferdig. Det er dei svake i samfunnet som treng å bli løfta opp og få hjelp til eit verdig liv. Eg tenkjer på alle dei eldre i samfunnet, og på dei som slit med avhengighet til narkotika, og på alle dei som er utviklingshemma eller pårørande til desse. Mest av alt tenkjer eg på det ufødte liv. Barna i mors mage. Ein stad der det skulle vere trygt å vere, men slik er det ikkje. Over 15 000 små babyar blir drepne kvart år. Abortert bort er ein anna måte å seie det på, men det er like fullt det same.



Dei kan ikkje seie i frå sjølve, desse små. Derfor må nokon gjere det for dei. Eller har dei ikkje livets rett kanskje? Er dei ikkje fullt og heilt mennesker slik som du og eg?

I forrige innlegg skreiv eg om ei bok som omhandlar svangerskap, fødsel og barseltid. Boka vart gjeven ut på 50 talet, og som du kanskje leste i innlegget så har mykje forandra seg sidan den tid. Me har fått ny kunnskap om mange ting, noko som er bra, men når det kjem til menneskeverd er eg ikkje så sikker på om kunnskapen går i rett retning. I første kapittel av denne boka står det om befruktning, og i skildringa av befruktningsforløpet har forfattaren brukt denne ordlyden:

"Foreningen av den kvinnelige eggcelle og den mannlige sædcelle utgjør befruktningen og betegner det betydningsfulle øyeblikk da et nytt menneskeliv skapes"





Slik ville det aldri vore skrive i dag. I 2013 er barnet i mors mage nedgradert til å vere eit embryo, eller endå verre, ein celleklump. På kva stadie embryoet, som har pronomen eit og nærast kan karaktiserast som ein ting, går over til å bli eit menneske veit eg ikkje. Embryoet utviklar seg etterkvart til å bli eit foster, og først heilt i slutten av svangerskapet vågar dei å kalle fosteret for barnet i mors mage.

Hjarta til barnet byrjar å slå etter 3 veker. Etter 12 veker er alle organa danna og babyen skal kun vokse og modnast resten av tida. Likevel har dei ikkje livets rett, desse små menneskebarna. Det er så ufatteleg trist. Ein heil skuleklasse med born blir tatt livet av kvar dag rundt om på sjukehusa i Norge. Samtidig må me importere arbeidskraft i frå utlandet, same antall som er tatt i abort sidan abortlova kom på 70 talet. 

Det er klart det er fleire partar i ein slik situasjon, og det kan vere mange vanskelege situasjonar rundt om. Men kvifor skal ikkje livet til denne vesle ha noko å seie i saka? Kvifor skal dei alltid kome sist i rekka? Me har då barnevern for barn som er fødte. Det skulle me hatt for dei som er ufødte også, skulle me ikkje?

Kanskje har du som les dette sjølv foretatt ein provosert abort. Eg vil berre seie til deg at dette ikkje er meint som kritikk til deg som enkeltperson, men til politikarane og dei som lagar lover og styrer i landet. Eg skjønar at det ikkje er lett for deg som har stått, eller no nettopp står i ein slik situasjon. Ting kan sjå håplaust ut mange gonger. Likevel, velg livet, det vil du ikkje angre på.

Dette fekk bli mitt politiske engasjement for denne gong. Det finnes så mange viktige saker å kjempe for og eg beundrar alle som engasjerer seg og står på i valkampen. Me som veljarar kan i alle fall gjere oss bryet verdt å gå til valurnene på mandag. Det skylder me demokratiet.

Stemma mi går til det partiet som set menneskeverd i høgsetet, og som kjempar for å behalde dei kristne verdiane i samfunnet vårt. Knut Arild Hareide og Krf, eg heiar på dåke på mandag.

Godt val, og hugs å stemme med hjarta ♥

Kristina

onsdag 4. september 2013

Barseltid før og no

Mi kjære søster kom med ei bok til meg ein dag. Boka er utgitt på 50 talet og tar for seg svangerskap, fødsel og barselstid. Denne herlege nostalgiske boka er faktisk ganske interisant og mest av alt veldig morsom å lese. Det er så mange ting  som er ulikt slik det er i dag.




Du har sikkert høyrt utrykket "sengemat". Me seier det endå, men legg noko heilt anna i det enn dei gjorde før. Før hadde dei med mat til den nybakte mammen for ho måtte jo halde senga (derav sengemat). I denne boka står det f.eks "i de første 3 dagene skal ikke moren sitte i senga, men ligge... ved normal barselseng kan hun sitte litt opp 3.dag og øke litt forsiktig etter hvert, en kort spasertur i rommet 6.-7. dag, men de første 8.-10 dagene skal hun for det meste holde senga. s57-58). 





I dag fungerer ting heilt annleis. Det er ikkje lenger snakk om å halde senga, men derimot ha ein god ballanse mellom aktivitet og kvile. Kanskje kan det bli litt vel mykje aktivitet tiltider? I dag er lagt opp til at ein skal klare seg sjølv så snart ein er ute av fødestova, og fortast muleg komme tilbake til det vanlege liv. Eg høyrer eldre damer seier dei synest synd på dagens nybakte mødre som må heim i frå føden allereie 3.dag. Før låg dei i ei veke og vart stelt og dulla med. Dag 3 etter fødsel er ofte den dagen ein får ein nedtur psykisk, melka har ikkje komme skikkeleg  i gong og vekta til barnet har veldig ofte ikkje snudd. Heim skal ein likevel. 

Det er mykje ein kan smile av i denne boka, men kanskje har me likevel litt å lære av dei lærde på femtitalet? Respekten for barseltida og litt mindre hastverk hadde vore fint synest eg. 

Dei gjer stadige framsteg i nivå av aktivitet på fødeavdelingane. Denne gongen fekk eg lære korleis eg kunne begynne å trene mage frå dag 1. Eg som trudde eg kunne blåse i magetrening dei fyrste 6 vekene! No er det ned på matta kvar kveld. Ikkje berre berre å vere barselkvinne i 2013 skal eg seie deg!

Tusen takk for alle dei fine gratulasjonshelsingane. Alt står bra til med den vesle. Me kosar oss med skjønningen. Fleire bilder kjem.


onsdag 21. august 2013

Eit nytt familiemedlem

Her er han. Vår vesle skjønne skatt.



Mikael
       født lørdag 17.aug 2013 kl 18.44
3654 g  og 51 cm


Det er eit under kvar gong eit barn blir født. Like stort som me dei tre andre var det også denne gongen å få oppleve å bli mamma igjen. Å få barnet opp på brystet, etter hardt arbeid, er ei ubeskriveleg oppleving. Vår vesle Mikael er ein herleg liten skjønning som me no koser oss masse med. Han kom tre dagar før tida, så i går på termindato var me heime igjen fra sjukehuset. Dagane går med til å sove, amme, bysse, stelle og hente seg inn igjen etter fødselen. Det er godt at mannen har 2 veker pappaperm i forbindelse med føselen. Det er gull!


Dei tre storesyskena synes også det er veldig stas med babyen.




Nyfødttida går så veldig fort, så eg har bestemt meg for å verkeleg prøve å nyte desse dagane. Det er ikkje alle dagar ein kjenner at lykkerusen dominerer stemningsleiet, men det er også heilt iorden. Den litle bylten veks så fort og det er berre akkurat no han er så hengiven og totalt avhengig av å vere nær meg heile tida. Det er ei spesiell tid som eg vil ta vare på. Ikkje tenke på den måten at "berre han blir litt større så skal alt bli bedre". Då eg vart mor for fyrste gong levde eg heile tida i framtida. Gledde meg veldig til alt som skulle skje. No er det viktigare for meg å leve i nuet og nyte dei gode øyeblikka.



Ha det fint så lenge. Eg er usikker på når eg er tilbake med innlegg. Det kjem litt an på korleis dagane blir framover. Takk for at du tok turen innom. 
Klem fra Kristina ♥



onsdag 14. august 2013

Fliser over kjøkkenbenken

Som eg nemde i forrige innlegg så har eg vore så heldig å fått fliser over kjøkkenbenken i sommar. Før var det malte panelplater og det såg ikkje fint ut lenger. Det var vanskeleg å halde veggen rein og malinga hadde byrja å flasse. Flisene kjøpte me billeg på eit opphørssalg i fjor. Mannen min tok seg av fliselegginga, og iløpet av eit par dagar fekk kjøkkenet seg eit realt løft, og eg eit ønske oppfylt.


Resultat:







Her kan de få eit inntrykk av korleis det var før. Hadde eg zooma litt inn så hadde dei stygge områda vist betre.




Mykje lettare å halde reint slik det er no.


 
 
 
 
 



Trelysestaken som står på kjøkkenbordet, kjøpte eg då me var på ferie i sommar. Dette vart den eine tingen eg kjøpte til meg sjølv. Eg trur eg har det med meg i fra foreldra mine det å kjøpe med ting til huset på ferieturar. Denne vart handla på Skogmuseet i Elverum. Eg kjem alltid til å tenke på den koselege dagen me hadde der når eg ser på lysestaken.

Her ventar me framleis på at det store skal skje. Gledar meg til å få det overstått og endeleg få treffe vår dyrebare skatt.

God klem

lørdag 10. august 2013

Innhausting

I går tok me med oss niste og gjekk ut heile familien for å plukke bringebær. Det er mykje villbringebær i området rundt der me bur, så me treng ikkje gå langt for å finne dei.

Alle var med å plukke, og tilsaman fekk me 5 l med bær. Dette er no blitt rørt til syltetøy og lagra i boksar i frysaren. Herleg å kunne kose seg med friskt syltetøy igjennom hausten og vinteren. Det er eit must for meg å ha både bringebær- jordbær- og allerhelst også blåbærsyltetøy i frysaren. Sistnemde har eg ikkje fått til endå, men har iallefall massevis av fryste blåbær frå REMA som eg kan ta opp og røre når eg vil.

Som dåke ser så begynner eg å bli veldig stor. Berre 10 dagar igjen til termin. 


Me var heldige å få ripsbær av naboen (lite å hauste på dei små buskane våre endå). Litt av ripsa fekk gutane røre, og så blanda me det med noko av bringebæra. Eg synes det blir ein veldig frisk og god smak på syltetøy blanda av rips og bringebær.




Nyt naturens goder! Bæra ventar på deg :)

Ellers så har min gode mann oppfylt eit lite ønske for meg. Han har nemleg fliselagt over kjøkkenbenken vår! Det var blitt så stygt over vasken der det sprutar vatn. No ser det heilt annleis ut. Resultat kan eg vise i neste innlegg.




Klem her i frå ♥

fredag 2. august 2013

Bursdagsfeiring

Jonas-guten vår er 5 år i dag. Mammo sin vesle gut begynner å bli stor. Berre eit år igjen før han er skulegut. Tida går så alt for fort, så eg kjenner at eg har lyst å halde litt igjen. Eg håpar eg blir klar for å sende han på skulen om eit år, noko eg definitivt ikkje er endo.

Dagen er blitt feira med vener frå barnehagen og andre vener. Etter at barneselskapet var ferdig kom familie på besøk. Alt unnagjort på ein dag, veldig greit eigentleg. Det er i dag kakene er gode, og så kan me gjere andre ting enn å stelle istand selskap i morgon.

Bursdagsguten vår:


 
 
 


To med god kjemi:





Tre forventningsfulle små. Her er dei avbilda rett før barneselskapet byrja.




Bordet vart dekka med eingongsfat og glas med Cars- motiv, etter bursdagsbarnet sitt ønske. Lettvint er det jo òg, noko som kom vel med i dag.






Vimpelrekka er alltid oppe når det er bursdag i huset.





Eit glimt av det som vart servert:




Gelè i plastglas var veldig greit. Små porsjonar passelege for små magar. Desse var populære.




Godteposane laga me sjølve :

No er mor i huset godt sliten og har plassert seg djupt ned i sofaen. Her blir eg nok verande resten av kvelden, sjølv om kjøkkenet står på hovudet. Rot spring ikkje i frå ein :)



Det var denne vekas glimt i frå nord i bygdo. Håper at du som er innom har det fint.

*Ta godt vare på kvarandre folkens*


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...