fredag 21. september 2012

Gøy med maling!

Det er ikkje berre mammo i huset som likar å male (Dvs eg er aller mest glad i forandringa som skjer når ein maler noko)

Minstemann i huset blir veldig glad om malesaker blir sett framfor han.



Og når det blir for keisamt å male på arket...




...så prøver me oss på litt ansiktsmaling:)
Akkurat det var ikkje heilt etter mammas plan.



Hej då.

lørdag 15. september 2012

Pynta til haust

Inngongspartiet vårt har no fått litt haustleg preg. Lyng og Chrystathemum er favorittar hjå meg på denne årstida.



Denne gongen valde eg ein gul Chrystathemum. Eg er litt svak for sennepsgul fortida. Synest den er veldig fin å mikse med andre fargar, f.eks mint.



Den gamle gardintrappa likar eg godt. Den er fin å pynte med ulike lykter, blomar og anna.



Helleplattingen har mannen lagt i sommar. De fekk sjå den ferdigfuga halvdelen av den :) Resten står på vent. Det er ikkje mannen det står på, han har veldig lyst å gjere ferdig prosjekta sine, men det er travelt å vere småbarnspappa. I helga er han stort sett aleine med ungane medan eg er på jobb. Gode og flinke mannen min.




Eg vil ynskja deg som er innom ein god dag.


Klem Kristina

torsdag 13. september 2012

Strikka bolerojakke



Hausten er tida for strikking, hekling og anna småsyssel. Mitt første prosjekt er ferdig. Det vart ei bolerojakke til jento mi, strikka i deilig mjukt alpakka garn


 ♥


 ♥




Har du funne fram strikkepinnane dine?


Ynskjer alle som er innom ein fin dag.

Kristina

tirsdag 11. september 2012

10 dagar med sol...

...har gjort godt for kropp og sjel.



Eg er så heldig å ha ei svigermor som har hus i Spania. Den siste halvanna veka har me tilbragt i sol og varme. Eg har fortsått at me ikkje har gått glipp av så mykje medan me har vore borte, sånn vermessig iallefall ;)


Pappa lagar basseng i strandkanten.



Temperaturen låg på rundt 30 grader i skyggen. Heilt perfekt.



September er ei fin tid å reise til syden på. Det som er negativt er at ungane må ta seg fri frå skulen. Skulejenta vår fekk med seg ei reisebok som ho har skrive og teikna i medan me var der. Ho fekk lære seg nokre spanske ord, litt fakta om landet og ellers ført logg om kva ho har drive på med. Det er jo lærerikt det også ;) Så får me heller prøve å ta igjen det tapte på skulefronten.



Me reiste saman med foreldra mine, søstera mi med mann og baby og tvillingsøskena mine. Dermed vart me eit reisefølge på 12. Einsame har me iallefall ikkje følt oss :)




No er batteria lada og me er klare for hausten.



Kristina




lørdag 1. september 2012

Klar, ferdig...

gå!

Det er 1.september og me kan vel alle vere einige om at hausten er igong. Enten me likar det eller ikkje.



Eg for min del synest hausten er ei veldig koseleg årstid. Då får eg lyst til å finne fram strikketøy og krølle meg opp i sofaen med ein kopp varm te. Eller ta med meg resten av familien ut på tur i frisk haustluft. Fargane i naturen er jo berre nydelege på denne tida. Hausting av epler, plommer og andre frukter er også gode ting ved hausten.


Eit nytt kapittel byrjar. Sjølv om eg ikkje er student lenger kjenner eg på forventningar til kva denne hausten og dette skuleåret skal bringe. Gud har så mykje bra for oss, men så er det så lett å velge gå sin eigen veg. Då er det ikkje alltid det går like bra. Akkurat det har eg nettopp fått erfare (deler kanskje i eit seinare innlegg). Men heldigvis lærer ein av feila ein gjer. Mange trur at Gud er ein streng Gud med massevis av lover og bud om synd og skam. Eg opplever Gud som ein kjærleg Far som rettleier barnet sitt slik Han ser er best. Avogtil (eller kanskje ganske ofte) er barn opprørske, men pappaen elskar barnet sitt like mykje for det. Ubetinga kjærleik, det er det beste ein kan oppleve. 

Eg håpar du har ein god start på hausten.
Her blir det ein liten bloggepause, men eg er snart tilbake.

(Tusen takk til alle dåke som legg igjen ein kommentar. Dåke er så gode :)

Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...