torsdag 30. august 2012

Nymalt krakk


Eg fekk lyst å prøve ein ny farge på malinga denne gongen. Olivengrønn vart det då.  






Krakken som eg kjøpte i eit dødsbu i vår, har fått seg ein liten makeover. Under lokket er det oppbevaringsplass. Ein praktisk og koseleg krakk synest eg. Men litt uvant å male ting i grønt, det må eg innrømme. Kan hende eg må fram med kvitmålinga om ei stund, men først gir eg Olivengrønn ein sjanse.


Krakken slik den var før eg fann fram malerkosten. Litt for shabby og slitt for min del.





Krakken står nede i gongen vår. Greit å ha ein plass å sitje når ein skal kle av og på ungar. 





Over krakken heng ei hylle med litt for mykje stasj på. Jaja, gjestene blir iallefall ynskt velkomen, og det er trass alt det viktigaste, at det er hjertevarme i huset vårt. Så får det heller briste å bære alt det som har med interiøret å gjere :)





Tusen takk for at du stakk innom nord i bygdo. Det set eg veldig pris på. I det siste har fleire folk frå nærmiljøet komt bort til meg og sagt at dei les bloggen min. Det synest eg er veldig gøy å høyre. Eg vil jo gjerne formidle noko gjennom bloggen og då er det kjekt at folk liker å lese det eg viser gjennom ord og bilete. Legg gjerne igjen eit spor viss du har tid, det blir eg så glad for :)

Klem frå Kristina

mandag 27. august 2012

Ein god sommar er over


Nokre glimt ifrå sommaren vår. 


      Leik og is på fotballbanen i Mandal.





Strandliv! Me fekk oss heldigvis 2-3 soldagar medan me var på ferie i Mandal. 







Ein tur i dyreparken vart det også. 





Sukker-kliss-klass-spinn. Nam-nam.
Det var tjukt med folk her denne dagen. Her satt me benka framfor Kardemommeby-forestilling. Det blir fort eitpar timar som går med i køståing ein slik dag. Men det er prisen å betale for å reise der i høgsesongen. Ungane hadde uansett ein toppers dag.


Eit av høgdepunkta for min del denne sommaren var innhaustinga av jordbæråkeren. 30 planter gav oss heile 20 kg jordbær. Søte, smakfulle bær heilt utan kunstige stoff. Glede.


Me har fått fleire fine turar saman med gode vener. Plukke blåbær, fange småfisk, grille pølser og berre nyte naturens gode gåver. Herleg. Dette er jo noko me i høgaste grad kan fortsetje med sjølv om sommaren er på hell. Eg håpar me kan få mange fine turar utover hausten. 





Ungar i leik ved sjøen. Fange krabbar, vasse og kose seg ilag. Om ikkje sommarsola har vore med oss kvar dag, så har me likevel fått mange gode sommarminner å glede oss over. 



Dette var berre nokre glimt ifrå sommaren vår. Det kjentes godt å mimre litt over dagane me har hatt og gjere seg sjølv klar over at me faktisk har hatt ein god sommar. Det håpar eg du også har hatt.


Kristina


onsdag 22. august 2012

Masker, synlege og usynlege

Å kor kjekt det er når mor tar seg tid til å gjere noko kreativt med ungane! Desse to var storfornøgde med maskene me laga her ein dag. Me brukte tjukt papir, tusjar, glitter, strikk og fjør, ja med andre ord alt slikt dill som barn berre elskar å drive på med.



Å kle seg ut er stor stas. Å lage utkledninga sjølv om mogleg endå betre.




Det er herleg med barn, dei er seg sjølv. Dei går stort sett utan masker på seg, og då tenkjer eg på meir usynlege masker, slike me meiner når me snakkar om å "kaste maska av". Barn griner når dei er lei seg, ler når dei er glade, gir trøst til dei som treng det... Dei bryr seg ikkje om kva andre tenker om dei, ikkje før dei eventuelt er blitt oppdratt til det.

Handlingane kan lett bli styrt ut av andre sine forventningar til oss. Ofte er det me sjølv som trur at den og den tenkjer at eg må gjere ting slik og slik. Kanskje har ein fått høyrt sårande ord i oppveksten som har sett spor, noko som gjer at me er redde for å utsette oss for det same igjen. Me tar på oss ei maske og prøver så godt me kan å leve opp til andre sine forventningar. Dette gjer oss slitne og delte som mennesker.

Gud ynskjer at me skal vere heile mennesker med integritet. Rakrygga og med føtene planta på eit solid fundament. Gjennom at Jesus har vist meg at eg er fullkomen i hans auge, skapt med ei hensikt og med eit mål, har eg fått hjelp til bli fri fra det som kan binde. Hos Jesus finn ein ubetinga kjærleik og ein treng derfor aldri vere redd for å gjere seg sårbar framfor han. Derfor er det befriande å søke Guds anerkjennelse og aksept istadenfor mennesker sin.

Heilt utan maske er eg ikkje. Det kan ofte vere fristande å ta den på. Særleg imøte med folk ein ikkje er heilt trygg på. Men eg er klar over den og vil helst få den av, fortast mogleg.

Men slike masker som dette er jo skjønne. Dei sprer liv og glede :)



Klem fra meg

mandag 13. august 2012

Lindesnes fyr

Heilt syd i Norge ligg denne vakre staden kor ein kan besøke Noregs eldste fyr. Me tok oss ein tur der medan me ferierte i Mandal, noko me slett ikkje angrar på. Lindesnes fyr er eit flott kulturminne og landemerke, og med nyleg oppgradering er det blitt eit flott turistmål.


 Medan me var der såg me nokon med store sekkar som byrja på ein 264 mil lang gåtur til Nordkapp. Den turen må ha tatt nokre dagar. Men heilt sikkert ei flott naturoppleving. Personleg ville eg føretrukke turen på sykkel, eller aller helst bil, skal eg vere realistisk nok :)


Meg og ungane framfor fyret som vart sett opp i 1915


I følge Wikipedia vart det første fyret på Lindesnes eller Neset, som det òg vert kalla, sett opp allereie i 1656. Heilt sidan middelalderen har denne staden vore ein av dei viktigaste landemerka for seglande mellom Nordsjøen og Østersjøen.


Me vågar oss opp nokre stupbratte trapper



Blått hav så langt du ser...


Me hadde ein fin ettermiddagstur ut her i havgapet. 













Norge har mykje flott å by på! Det er berre til å oppdage det.

Takk for at du kikka innom. Lenge mellom kvart innlegg her, så takk for at du har tolmodighet med meg.


Klem fra Kristina


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...