onsdag 4. juli 2012

Eit lite livstegn

Det er på høg tid med eit innlegg her i frå. Me nyter glade (sommar)dagar og kosar oss med ferie og minimalt med må gjere saker. Det er så herleg å berre kunne vere saman som familie, få litt betre tid til å vere saman med venner, og gjere det som ein ellers ikkje alltid får gjort.

Eit av prosjekta her i vår/sommar har vore å lage til leikehytte til ungane. Hadde tenkt å vente med å vise bilder derifrå til alt var heilt ferdig innvendig, men då veit eg ikkje kor lenge eg måtte ha venta. Tenkte òg eg skulle hatt slike fiine bilder med oppstasja ungar som har klær som matcher og står i stil til resten, men det vart visst heller aldri noko av. Så derfor får eg ta til takke med å vise nokre skikkeleg ustyla, men koselege bilder, i frå ungane sitt nye vesle hus i hagen :)
















Det er kjempekoseleg med ei slik lita hytte i hagen. Det synest iallefall mor ;) Mannen har stått for snikringa og det meste av malinga utandørs, mens eg har kost meg med å sy gardiner, vimpelrekker og dynetrekk, samt samla saman ting & tang til å ha inni.  

Nokre av tinga er nye, men det meste er gjenbruk. Det vart litt tynnare på barneromma no kan du sei, då eindel vart flytta ut her. 






Benjamin viser kor sterk han er


Kanskje kan eg få vist fleire bilder seinare. Eg har blandt anna vore på miljøstasjonen og fiska opp eit balndebatteri frå ein container. Denne har eg no fått "kobla til" på leikekjøkkenet deira. Det vart eg inspirert av etter at eg var på besøk hos ei god veninne. Det er gøy å bli inspirert, derfor er det også gøy med blogging. Ikkje sant?

Ønsker deg fortsatt gode sommardagar.

Det blir nok feriemodus ei stund til her på bloggen min. Tusen takk for at du tok turen innom. Eg blir veldig glad om du legg igjen nokre ord.

Kristina


Ps. Den give-awayen eg reklamerte for i forrige innlegg, tenk eg var så heldig å vinne  den!! Dagen etter vant eg i gavedrysset til Frøken & Fru. Så no har eg både sommarlektyre og nye håndkler. Så heldig :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...