torsdag 14. juni 2012

Har du sansen for Jesper Juul?

Då bør du ta turen innom denne bloggen som har give away gåande akkurat no. Maria med bloggen "Schytt`s hverdag" gir nemleg bort boka "Din kompetente familie" til ein av lesarane sine. Maria er veldig kreativ (sjekk den flotte pallesofaen ho har laga), men ho er også eit nydeleg vakkert menneske, som gjerne deler av sine erfaringer om det å vere menneske på godt og vondt. Eg er blitt så glad i Maria og bloggen hennar at eg ville tipse dåke om dette. Klikk på orda med stor skrift og kom direkte inn til denne fine bloggen.




Eg kjem sterkare tilbake seinare ;)

Sommarklem 

onsdag 6. juni 2012

Mitt barndomsparadis

Ungane mine på veg ned til stranda eg har så mange gode minner i frå. Ølve, ei bygd i Kvinnherad, finaste plass på jord. På ein gard her bur besteforeldra mine og tanta og onkelen min. Her tilbragte eg mange fine dagar som barn og eg er glad for at ungane mine no kan få oppleve noko av det same.




Vakkert med værbitte gamle naust saman med skjønne naturomgjevnader.


Her ser de garden til besteforeldra mine. Dei er no pensjonerte og onkelen og tanta mi har teke over. Dei har mellom 20 og 25 mjølkekyr.




Seglebåtar nyttar seg av brisen denne fine junidagen.




På landevegen, midt imellom bakkar med høgt gras. Her kan ein fange sommarfuglar, plukke markblomar og leke gøymsel i det høge graset.
Eit paradis for barn, små og store. Her kjenner eg at eg verkeleg lever. Det kvite huset du kan sjå rett fram på høgre hånd er foreldra mine sitt sommarhus. Det er under restaurering og kjem til å bli veldig fint etterkvart. 

Me som bur i Norge er heldige som har så mykje vakker natur rundt oss. La oss bruke det meir! Har du ikkje vore på vestlandet før så ta med deg nokon og legg ferien hit. Treng ikkje reise utanlands for å sjå vakre stader ;)



Det blir lenge mellom blogginnlegga her om dagane. Våren og sommaren er her og må nytast.

Håpar du har fine vår/sommardagar :)

Bloggeklem frå Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...