onsdag 23. mai 2012

Ved inngangspartiet står det...

...ein stege!



Den gamle stegen frå 50 talet har fått nytt liv hjå oss. Eg adopterte den via finn.no. Den var slitt og med masse malingsflekkar då den kom hit. No er den blitt beisa kvit og fin.




Stegen har no pensjonert seg frå hardt arbeid. Den er istaden blitt ein pyntestege som blomane kan henge på :) Fint synest eg.









Her nyt me sommaren, som kom så veldig brått på oss. Herleg. Det betyr meir utetid og mindre innetid, noko som også går utover bloggeaktiviteten. Men veldig kjekt at DU kom innom her i dag.

Klem fra Kristina



søndag 20. mai 2012

Vinnaren er kåra!

Då er vinnaren kåra og den heldige vart HildeM med bloggen Lykkelig med liten

Random.org hjalp meg med å trekke ein vinnar ut av dei 151 lodda som vart tatt. Eg kan med handa på hjarta sei at trekninga har gått rett føre seg :) Bevis? Ikkje så lett. Prøvde å kopiere randomruta som de ser under, men av ein eller anna grunn står max tallet på 100?! Her skreiv eg sjølvsagt 151, noko resultatet også viser.




True Random Number Generator  148True Random Number Generator

Uansett: Gratulerer til HildeM som stakk av med premien. Gåva vil bli sendt deg innan nokre få dagar.
Ville takke alle som var med på denne gi-borten. Skulle gjerne gitt ei gåve til dåke alle saman...
Håpar alle har hatt ei fin helg! Her har me kost oss med sol og varme. Herleg.
Me bloggast ;)

lørdag 19. mai 2012

Vinn klossekalender! 1 dag igjen før trekking

I morgon kveld kl.20.00 blir vinnaren av denne fine klossekalenderen fra bloomingville trukken.



Har du ikkje allereie meldt deg på kan du gjere det ved å kommentere under dette innlegget. Legg du deg til som følger får du eit ekstra lodd.


Tusen takk til alle som har blitt med så langt :)


Ynskjer alle ein fiin lørdag.

Kristina



torsdag 17. mai 2012

Eg ber for Norge


Her har me hatt ei flott 17.mai feiring med alt som høyrer med av is, kaker, tog, fest i menigheten og sjølvsagt rømmegraut med spekeskinke. Vèret har ikkje vore heilt topp, men med paraplyar og varme bunader gjekk det fint likevel. 



Noko av det største med denne dagen synest eg å sjå alle dei norske flagga som vaier i vinden. Eg likar så godt flagget til landet vårt, med det fine blå korset i midten. Korset er for meg eit symbol på Jesus, som ein gong måtte dø for meg og deg. Han tok straffa som eg skulle hatt og har ved sin død gjort meg fri fra syndens forbannelse. Eg er så utruleg takknemleg for alt det Jesus har gjort for meg, og kan derfor med stor frimodighet skrive om Han til alle dåke som les bloggen. Han er ikkje langt borte og fjern frå oss. Han lever ved trua i hjertene våre og hjelper oss med alt det me treng til. Som 17 åring opplevde eg  t.d å bli sett momentant fri frå sjølvfordømming. Eg sleit med masse negative tankar om meg sjølv, men så møtte Jesus meg og,ja...Jesus er berre så god! Han bytte bort løgnen med sannheten, og gav meg trua tilbake på meg sjølv. Slik er Han; God, kjærleg og sann. I Bibelen får eg lære meir om kva Gud seier er sant, både om oss menneske og om mange andre relevante tema. Her er kva Gud tenker om deg, henta fra sefanja 3,17 (eg har bibelen min på bokmål som de kanskje skjønar:)

Herren din Gud er hos deg, en helt som har makt til å  frelse. Han gleder og fryder seg over deg og gir deg på ny sin kjærlighet. 

Derfor er korset så viktig for meg ein slik dag. Det er stort å få synge Gud signe vårt dyre fedreland og dei andre nasjonalsongane. Ein anna flott Norge-sang er Eg ber for Norge av Solveg Leithaug. Trykk på linken under og sjå og høyr kor vakker den er.



17 klemmer fra meg til deg ♥

K


onsdag 16. mai 2012

Våg å seie i frå!

Her ein dag måtte eg gjere noko som eg kjende kosta meg ganske mykje. Det var ingen andre som hadde sagt at eg måtte gjere det, utanom den indre stemma i meg. Eg har det litt i meg, dette med å seie i frå om ting. Det blir sagt at eins styrke kan bli eins svakhet. Eg øver meg derfor på å bruke det på rett måte og i rett tid.

Eg plar handle på Rema 1000. I det siste har eg ikkje gjort det. Grunnen er den at dei har byrja å sette fram dei mest pornografiske blada ein kan få i ein daglegvarebutikk, rett ved kassaapparata omtrent der du finn tyggispakkar o.l. Me snakkar om blader mykje grovare enn Vi menn f.eks. Eg reagerer sterkt. Fyrst og fremst fordi eg har ei avsky mot denne pornoindustrien som dyrkar og utnyttar jenter sine kroppar, og gir ei heilt urealistisk forventning til kva sex handlar om. Bileta blir retusjerte og gir unge jenter eit uopnåeleg ideal, som mykje av anna reklame også gjer. Me jenter og damer blir altfor ofte vurdert utifrå utsjånaden vår. Statsråd Anniken Huitfelt er ei av dei som har sett seg lei av journalistar sine terningkast av antrekk, og stilte derfor opp i skisko ved ei anledning der det var forventa fine klede. Tøft gjort!

Bilete lånt frå google

Tilbake til Rema 1000. Eg for min eigen del klarer å ignorer desse nakenmodellane som lyser mot meg, men eg tenker på alle barn som er i butikken. Skal dei måtte bli eksponert for slike bilder? Nei takk, då velger eg heller ein anna butikk. Barnesinna, og forøvrig også våre eigne, er skjøre og vare for sterke inntrykk. Barn skal skjermast frå pornografiske bileter, det er me vel alle einige om. 

Derfor, etter mange vekers ergrelse og irritasjon over å sjå at blada forsatt stod som blikkfang ved kassaapparata, bestemte eg meg for å gjere noko. Eg spora opp dagleg leiar og skreiv ein mail til han. Ikkje noko sint mail, men ein sakleg mail der eg delte tankane mine kring temaet og understreka at slikt må ikkje barn bli utsett for.

Dagen etter fekk eg svar; Dei tok klaga til etterretning og fjerna blada umiddelbart! Jippi! Flott gjort av Rema 1000!

Gje beskjed om det noko du er ueining om, men ikkje i sinne. Bruk venlege og konstruktive ord, då blir du høyrd!

Dette kunne vore eit 8.mars-innlegg frå meg, men istaden blir det eit innlegg dagen før nasjonaldagen. Me er heldige som lever i eit fritt land der alle har lov til å ytre meiningane sine. Det er verkeleg noko å vere takknemleg over.


Klem, Kristina



tirsdag 15. mai 2012

Kom og kjøp...

I bursdagsselskapet til Sara i helga laga me til kiosk. Barna fekk kaste pil ute og gjere seg fortjent til papirmyntar som dei etterpå kunne snope i kiosken for.



Nesten som ekte dette her:) 
Myntar vart lagt på kopimaskina og deretter klypt ut.



I kiosken kunne dei få kjøpe kuleis, kjeks på pinne, slikkepinne og pulverrøyr. For å gjere det endå litt meir spanande hadde me fleire ulike strøssel til å ha på isen. Såg ut til at ungane koste seg med dette her. Litt reknetrening vart det òg, noko som passar bra for små tøtter som går i 1.klasse.






Godteposen valgte me å kutte ut. Istaden fekk dei pengar nok til å kjøpe seg ein ting kvar av det som var i kiosken. Trur nok dette blir ein bursdagsslager her i huset framover.

♥ 

Takk for at du tok turen innom bloggen min.
Ynskjer alle ein fin dag.

Klem fra Kristina

mandag 14. mai 2012

Bursdagsjenta vår




Danse danse dokka mi
Nå er dokka fin og blid.
Danse danse dokka mi,
ja nå skal dokka danse.




I helga har me feira storesøster sin bursdag. Vår kjære, snille, gode Sara`mor er blitt sju år. Sju år med deg i vårt liv har vore sju rike og gode år. Namnet Sara tyder prinsesse, fyrstinne eller vakrest blandt kvinner. Noko eg synest passar svært godt til jenta mi. Heilt objektiv kan eg vel ikkje påstå at eg er i den saka:)





No er feiringa over og alle er godt nøgde (ikkje minst foreldra, puh..) Veldig koseleg med feiring og masse besøk, men også godt når det heile er over. Er det ikkje slik det er med festlighetar?




Velkomen til alle nye følgarar! Så kjekt at fleire har lyst til å lese stort og smått frå Nord i bygdo :)





Eg vil samtidig nytte høve til å tipse om ein flott blogg som er vel verdt ein tur innom. Dette er ein av mine favorittbloggar, så det er ikkje så vanskeleg for meg å reklamere for den. Bloggen heiter Hjertespor og skriv nydeleg om mange relevante tema for deg som ynskjer å forstå deg sjølv og menneska du omgår deg med på ein betre måte. Spirea, som er forfattaren bak bloggen, sit på enormt mykje erfaring, visdom og kunnskap som ho deler her. Akkurat no har ho ein flott gi-bort gåande hos seg. Klikk her og bli med du òg. 


♥  

Ynskjer alle ein god mandag!

K

fredag 11. mai 2012

Strikk til liten gut

Ei lita jakke og hue er ferdigstrikka og klar til å bli gitt vekk. Ein liten nevø skal få dette i gåve. På ein månad er eg blitt tante til to skjønne små krabatar. Det er koseleg og kjekt å strikke slike små plagg, og ekstra kjekt å kunne gi til mine små tantebarn.





Hua kan brukast på begge sider.


Det er så kjekt å få gjort ting ferdig! Det inspirerer til å få gjort resten av mine uferdige objekt ferdigstilte.



Eg vil ynskje alle ei god helg! 


Kjem til å bli opptatt med bursdagsfeiring og 17.mai førebuingar den komande tida, men du skal ikkje sjå bort i frå at eg plutseleg er tilbake. 

Ha det fint så lenge ;)

K

torsdag 10. mai 2012

Poncho vart til pute + lykt

Når eg innimellom ryddar bort klede frå klesskapet mitt prøver eg å ta vare på kle som eg ser potensiale i. Noko passar ikkje lengre (etter 3 svangerskap) og noko er gått ut på dato.



Denne grøne hekla ponchoen, kjøpt på Cubus i si tid, kom eg over i sysakene mine her ein dag. Den lyste mot meg der den låg. Grønt er jo så skjønt fortida og såg for meg at denne kom til å friske opp i sofaen vår. Som tenkt, så gjort.






Klipp, klipp, sy, sy, hekle, hekle. Vips, ei ny pute. Stoff til overs vart det også. Dette vart hekla snurpa saman rundt eit syltetøyglas. Denne skal få lyse fint for oss i lange og varme sommarnetter framover (håper, håper..på det med varmen altså).

Eg lot 1/3 av frynsene vere att på eine sida. Har berre knyta dei i sløyfer slik at eg lett kan opne og ta det av ved vask etc





Grønt er blitt ein ny favorittfarge i stova vår.


Så kjekt at akkurat DU tok turen innom bloggen min i dag. 

Klem fra Kristina   

tirsdag 8. mai 2012

14 jenter...

...skal innbydast til bursdag! 

Her ser de ei engasjert jente i sving med å lage invitasjonar.



Mi fine jente med fregner og lause tenner. Å kor fort tida går, tenk no er du snart 7 år!





Like kjekt med heimelaga invitasjonar som kjøpte. Ikkje treng det vere så avansert heller. Me har brukt litt tjukt kvitt papir, ulike stempel og litt fargelegging. Ikkje noko meir enn det. Det som skal stå inni har eg skrive ut på data og limt på.






Takk for alle koselege tilbakemeldingar.

Kristina

søndag 6. mai 2012

Nattevaktsysler

Når eg jobbar natt hender det eg får ei ledig stund (eller ein time eller to, alt etter kor travelt det er). Då er det kjekt å ha noko å sysle med, ellers kan timane fort bli lange.

Babyteppet som eg byrja på då eg gjekk gravid med Benjamin (som no er 1 1/2 år) har blitt tatt fram igjen. Kven som skal få det får tida vise. Har iallefall lyst til å få gjort det ferdig.




Bestemorsruter er rett-fram arbeid som ikkje krever for mykje tenking og er derfor perfekt syssel på nattestid. Eg har som regel to-tre ulike handarbeidsprosjekt samtidig. Eit der eg kan vere sosial, eit som krever meir konsentrasjon, eit som krever ei symaskin. Nokon som kjenner seg igjen? Men eg prøver å ikkje ha for mange prosjekt samtidig, då blir det for mange UFOàr å halde styr på :) (UFO=Uferdig objekt)





12 lappar + montering manglar før dette babyteppet kan gå i frå å vere ein UFO til å bli eit ferdig objekt. Ei nattevakt helg til så er det kanskje unnagjort :)


Velkomen til nye følgarar. Håpar de vil trivast :)

Kristina



lørdag 5. mai 2012

Utfordring: Nytt møter gamalt

Kvar månad har NIB (norske interiørbloggar) ei utfordring til medlemmane sine. Det er ikkje ofte eg har deltatt, men denne gongen passa temaet meg veldig fint: "Nytt møter gammelt".

Eg elskar å blande inn gamle loppisfunn og arvegods i interiøret. Ser eg ein container utanforbi eit hus blir eg svært nysjerrig. Eg er ikkje sein med å melde mi interesse :) Det ligg i blodet mitt. Kan ikkje noko for det. Allereie frå eg var 12 år har eg tråla loppemarknader og bruktbutikkar på jakt etter skattar.

Ved å bruke gamle ting i interiøret får ein liksom 3 i 1. Det er miljøvennleg, det er billeg og det gir massevis av sjarme.


Tallerkenhylla og fata på bildet over er bruktfunn/arvegods. GreenGate koppane og knaggrekka er kjøpt nye.









Denne hylla er ny, men har ein litt slitt look. Innhaldet er stort sett bruktfunn, utanom tildaboksen, den vesle GG skåla og GG koppen som heng på kroken.

Den fine kalenderen du ser på bildet er ikkje min eigentleg:) Den skal loddast ut. Du kan vinne den ved å melde deg på gi-borten min her!





I stova er det også ei god blanding av nytt og gamalt. Skjenken på bildet under kjøpte eg på gjenbruken for deretter å male den kvit. Den vesle blå hylla med speil på har eg hatt sida eg var lita jente. Kista du kan skimte er gamal, ellers er dei andre tinga her nye.






Tilslutt eit lite glimt frå soverommet vårt, som også har ei blanding av nytt og gamalt. Tapetet på veggen er i litt moderne stil. Saman med dei søte gamle nattborda syns eg det utgjer ein fin kontrast. Her går fargenyansane i lyst, beige og aqua. Tre fargar eg godt kan like på eit soverom.



Vil du sjå fleire bidrag i utfordringa til NIB trykk her.

Fortsatt god helg til alle som er innom!

-Kristina-












fredag 4. mai 2012

DIY vaskepulverboks

Frå det eine til det andre. 

I dag vil eg berre tipse om ein enkel måte å lage vaskepulverboks på. 

Eg har kjøpt to potter/urner i sink på Europris til den nette sum av 39,90 pr stk. Eg har brukt vanleg kritt til å skrive teksten. Var ikkje klar over at kritt viser så godt på sink, men det gjer det visst.




Ein liten sinkspade i kvar boks set prikken over ièn. Dei er kjøpt hos kvist & kvast (29 kr pr stk).






No er eg på jakt etter nokre fine flasker til å ha skyllemiddel og milo i. Nokon som veit om ein stad ein får kjøpt det rimeleg?

Takk for all respons på forrige innlegg. Abort er eit tema som tydelegvis engasjerer, og det synest eg er flott. Kvart menneske har ein ukrenkeleg verdi, også det ufødte. Det kan eg ikkje teie stilt om. 

God helg til alle!

Kristina


Ps. Har du ikkje meldt deg på gi-borten min kan du gjere det her.

torsdag 3. mai 2012

Ulike sider ved det å ha barn og mine tankar om temaet abort.


Når minsten er vaken er det liv og røre. Blir det stille ei stund er det grunn til å sjekke nærmare opp i kva som skjer.
Slik fann eg kjøkenbenken ein dag etter at eg hadde høyrd mistenkeleg lite i frå minsteguten dei siste 10 minutta.

Kva er det med smør og born? Ein som har storkosa seg her iallefall :)





Travelt er det med små born, men likevel det beste som har hendt meg. I helga var eg aleine i huset nokre dagar medan eg jobba natt og resten av gjengen var på hyttetur. Eg fekk rydda huset, ordna og stelt. Det var herleg å kunne rydde utan at det vart rotete med ein gong. Arbeidet viste verkeleg igjen og eg naut det. Tanken slo meg at slik er det å ikkje ha born. Likevel, eg ville aldri ha bytta. Borna fyller huset og liva våre med latter, sang og glede. Så får me heller bære over med skrikinga, skrålet og rotet :)


Mine tre godingar.



Litt alvorsprat.


Eg var 20 år då eg vart gravid fyrste gong. Meg og min kjære var nygifte og eg hadde akkurat byrja på sjukepleierhøgskulen då eg fann det ut. Mange vel abort i same situasjon. Det var aldri eit alternativ for meg. 

Kvart år blir over 16.000 barn tatt livet av i mors liv, berre i Norge. Dette synest eg er enormt trist. Å få barn er ikkje noko som hindrar ein i å vere lukkeleg, tvert om, det gir livet ein heilt ny dimensjon.

Det er som ei jente (20) som er med i unge mødre på tv sa: "Eg er imot abort. Der det er eit hjarte som slår, er det også eit liv. Er folk gamle nok til å ha sex, bør dei også vere gamle nok til å ta konsekvensane av det". 

I dag er eg 3 barnsmor og arbeider som sjukepleiar på sjukehuset her me bur. Barn er inga hindring, ein lærer seg berre til å strukturere livet sitt litt betre.

Litt personleg her i dag. Håper det går bra. Eg veit eg skriv om eit ømt tema og det er ikkje meininga å støte nokon. Abort er ei sak eg brenn for og derfor var det naturleg  for meg å nemne det her.

Menneskeverd er ein flott organisasjon som arbeider med å beskytte det ufødte liv. Trykk her og kom til nettsida deira. Organisasjonen er verdt både eit besøk og eit medlemsskap.

Takk for at du tok deg tid til å lese!


♥♥♥

K



tirsdag 1. mai 2012

Den beste månaden...

i året er Mai!

Det synest eg iallefall.






Blomstringa er i full gong.
Bjørka skyter knopp.
Flagget vaiar i vinden.
Bursdagsfeiringar for jentene i huset.

Mai er skjønn.


Sola varmer meir og me kan alle kle oss lettare. Alt blir så mykje enklare. Ungane kosar seg ute heile dagen. Blir berre ropt inn når det er mat. 

Det ligg ei forventning over mai. Håp om sol og sommar. Mykje godt i vente.

Håpar du har ein god 1.mai.

Seinare i kveld legg eg ut innlegg med ein liten gi-bort til dåke kjære lesarane mine. Trur det er ei gåve alle vil kunne like. 

God klem  
tusen takk for alle dei koselege kommentarane 
de legg igjen. Det gledar meg :)



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...