Det er mykje me vaksne har å lære av barn, ja faktisk kan dei vere forbilder for oss på mange måtar.
Eit eksempel.
Vesleguten vår har nettopp lært seg å gå, vel 16 mnd gamal. Han er så stolt som ein hane! Struttar av glede og sjølvtillit medan han trippar rundt på golvet. Om han dett er han rask med å reise seg att. Han smiler og er så fornøgd med det han får til. Sjølvkjensla er på topp!
Han bryr seg ingenting om at mange av hans jamgamle lærte seg å gå før dei var fylt eit år. Han tenkjer ikkje over at han er sein og derfor ikkje burde glede seg. Han er fri frå det å samanlikne seg med andre! Istaden er han storfornøgd med det som han har klart, sjølv om han har brukt lengre tid på det mange enn andre.
Slik er ikkje me voksne, desverre. Me har så alt for lett for å måle oss opp imot andre. Me skal vere like flinke, like effektive, like produktive, like kreative, like sprudlande som alle andre. Resultatet blir ei konstant kjensle av å ikkje strekke til. Dette fører med seg dårleg sjølvkjensle og kanskje frustrasjon som igjen går utover våre næraste. Iallefall har eg opplevd det slik.
Det er mykje betre å akseptere seg sjølv slik ein er. Vere ærleg med seg sjølv og sjå sin begrensning. Då får ein det så mykje betre med seg sjølv og andre, og potensiale i oss vil kome tydeligare fram.
Jesus lærer oss å bli som barn. Å ikkje vere barnslege men barnlege. Å ha same tillit til Han som eit barn har til sine foreldre. Stole fullt og heilt på Hans kjærleik. Leve nær Han og la Han forsørge oss på alle livets området. Eit vers som betyr mykje for meg og som har blitt eit slags livsmotto for meg er dette:
"Søk først Guds rike og Hans rettferdighet, så skal du få alt det andre i tillegg". Matteus 6,33
Gud har omsorg for oss!
♥
Kristina