lørdag 31. mars 2012

Voksdukar


Voksdukar frå stoff & stil. SÅ praktisk og greit. Eg er spesielt godt nøgd med denne kvit/svart stripete akrylduken på stovebordet. 










På kjøkenet er det store polkadottar som gjeld. Lyse blå/grønn med kvite prikkar. Kjempefin farge no på denne årstida. Dei lekre brettekantar kom visst veldig godt fram på biletet :/ Jajapyttsann








Utfordringa er å halde dei fine over tid. Spesielt tomatsaus er eit problem. Då er det likelurt å ta av duken har eg funne ut, for merker etter t.d ketchup set seg fort. Det er eit minus. Bortsett frå det er eg veldig glad for mine nye voksdukar.

Her går det i nattevakter i helga. Etter det ventar påsketur med familien. Har du nokre kjekke planar for påska?

Fortsatt god helg til deg som er innom!

Kristina


fredag 30. mars 2012

Nymalt bord og fleire bruktfunn

Bordet som eg viste i eit tidlegare innlegg er no ferdigmalt. Eg bestemte meg for å male det heilt kvitt. Synest det passa best inn i kjøkkenstova vår, kor der allerie er litt fargenyansar frå før. Har planar om å male veggane i same grå farge som kjøkenet vårt. Taket skal malast kvitt. Kva tid det blir veit eg ikkje, men det er ein av dei tinga som eg har lyst å få gjort men som ikkje absolutt må gjerast.







Bordet såg slik ut før eg tok fram målarkosten. Det er sikkert mange som meiner eg gjorde feil i male bordet, men det vart for tungt og mørkt for meg slik det var. Det er jo eit ganske massivt bord.


Eg nemnde tidlegare at eg har funne fleire små skattar i eit dødsbu. Her er noko av det:


2 stk gamle koffertar. 100 kr for begge to.


Ein stor krakk med rom oppi
100 kr

Ein liten krakk
100 kr

Husmora sin nye solstol :) 100 kr



2 stk av desse nydelege puffane.
100,- pr stk


Det var i hovudsak det eg fekk med meg fra dødsboutsalget eg var på i forrige veke.

Koffertane og den store krakken skal få vere som dei er, men solstolen og den vesle krakken skal "bli nye" med litt maling. Kva med dei to kvite puffane då, skal dei få vere som dei er? Kanskje eg berre skal trekke om lokket og behalde den slitte looken på underdelen?
Kom gjerne med forslag :)

Ynskjer alle ei flott helg!


Kristina





tirsdag 27. mars 2012

B A B Y B O Y

Eg er blitt tante!
Mi kjære søster og mannen hennar fekk ein flott gut 25.mars. Eg er så stolt og kry, eg er blitt tante for aller fyrste gong!



Eg har laga ei lita gåve til min vesle nevø. Ei strikka sparkebukse og ei lita hue. Dette kan vere varme og lune plagg i rå og kald vårluft.


Oppskrifta er frå nøstebarn, likeeins garnet.


Ull er gull! Det regulerer varmen slik at barnet ikkje blir verken for varmt eller for kaldt. Eg er veldig glad i å kle ungane mine i ull. Det er berre ei kort stund om sommaren at ullkleda ikkje er i bruk her i huset.



Settet vart pakka inn og overlevert den nybakte mammo på KK i Bergen i går. Å kor skjønn denne gode guten var. Ein liten skatt gitt fra Gud til to heldige foreldre. Eg fekk ikkje sett meg mett på han. Heilt bedårande.


 Her ligg tåka tett over fjella. Måtte den vike for sola som så gjerne vil fram og spreie litt lys og varme.

Ynskjer deg ein fiin vårdag.

Kristina

fredag 23. mars 2012

Sommarleg på jenterommet

Tusen takk for alle gode tips til kva eg kan gjere med bordet i innlegget under. Trur eg har bestemt meg for kva eg vil gjere. Malarkosten skal fram, såpass kan eg røpe.

Over til dagens innlegg: Jenterom!
Eg hadde lyst å glede den gode jenta mi med litt nytt på rommet hennar. Samtidig fekk eg gjort ferdig ein UFO (uferdig objekt)og dermed letta litt på mitt eige samvit. Eg sydde vimpelrekka for omlag eit år sidan og var i gong med ein duk. Eg viste vimpelrekka og den påbegynte duken i eit innlegg de kan sjå her, om de vil. Men det som ein gong skulle bli ein sommarduk, vart heller laga til ei pute. Den siste lappe-firkanten sydde eg til ei lita brikke til å ha på nattbordet. 

Bildet på veggen er ein teikning Sara laga då ho var 4 år. 
Dette passa godt inn med fargane på dei nye tekstilane.

Sukkersøte pastellar saman med alt det kvite gav ein lett og sommarleg stemning på jenterommet. Den kvite puta med brodert felt (kva kallar med desse putene?) er arva frå ei avdød grandtante.





Resten av rommet var ikkje verdt å ta bilete av i dag. Det får koma ved eit seinare høve, når me har fått orden på rotet ;) Det er det som er så greit med blogging. Ein vel sjølv kva ein vil sensurere :)

Kjære Gud jeg har det godt. Denne songen er fast godnattsong.

Sara jento mi vart iallefall veldig glad for denne vesle gåva frå mammo. Å gi og å motta gåver kan bety mykje i relasjonar. Det fine er at det ikkje er kva gåva kosta i kroner som tel mest, men kor mykje omtanke som ligg bak det ein gir. 




Tusen takk til alle de som les bloggen og til alle de som skriv kommentarar til meg. No har eg også fått lagt til denne svar-funksjonen i kommentarfeltet, slik at eg kan svare dykk direkte. Det gjer det så mykje enklare å kommunisere med den enkelte, også de som ikkje har eigen blogg. 

Ynskjer alle som er innom ei nydeleg fin helg.

Kristina 

torsdag 22. mars 2012

2 stk nybada gutar og eit nytt bruktfunn!

Kva er vel betre enn to små nybada skjønningar ikledd reine pysjamasar? Gutane mine elskar å bade og dei verkar også til å elske å vere nybada. Då er dei alltid så blide og aktive. Dei kjenner vel på det same som oss vaksne, at det er forfriskande med eit bad.



 Sjå kor stor eg er!

Medan dei no sit og ser barne tv måtte eg ein tur innom her. Eg treng nemleg hjelp frå dykk. Eg har gjort eit aldri så lite bruktfunnkupp (trur eg sjølv iallefall :). Tirsdag såg eg ei annonse i avisa om møblar tilsals i eit dødsbo. Slikt går ikkje meg forbi, så eg fann fram til adressa og trappa opp på døra. Til mi store overasking var eg den einaste personen som møtte opp! Eg fann mykje fint til veldig fine prisar. Eg vil byrje med å vise dykk dette vesle salongbordet. Det er mykje mindre enn vanleg salongbordstørrelse og passar difor perfekt i kjøkkenstova vår.



Eg gav 200 kr for dette bordet


Spørsmålet er: Skal eg male det kvitt? Skal eg ha det som det er, berre pusse bordplata og olje, eller skal eg behalde understellet som det er og kun male bordplata kvit? Kanskje har de andre forslag òg? Takknemleg for svar :)


Viser eit gamalt bilete av kjøkkenstova vår slik at de får eit inntrykk av miljøet det skal inn i. Bordet som er på bilete her er fint, men alt for høgt. No skal me endeleg få oss eit fint bord som passar inn!




Kjem tilbake til dei andre funna i seinare innlegg. Blir litt hyppigare blogging på meg fortida. Det går litt i rykk og napp, men no er eg inne i ein god periode.

Ha ein fin kveld :)

Kristina

onsdag 21. mars 2012

Kva fokuserer du på?

Eg går og tenkjer litt om dagen. Eg tenkjer mykje på alt eg ville fått gjort og framtidige prosjekt både innandørs og utandørs. Men så slår det meg; Kva er det eg fokuserer mest på? Tenkjer eg mest på alt det me allereie har fått gjort, eller mest på det som ikkje er blitt gjort endå? 

På same måte kan ein spørje seg: Klarar eg å setje pris på alt det fine eg omgir meg med,   eller tenkjer eg berre på det som eg så gjerne vil ha? 



Kva med å vere litt meir fornøgd med alt det ein allereie har vore så heldig å fått. Nyte det som vart gjort utandørs i fjor. Fryde seg over at stakittgjerdet er på plass. Kose seg i den gamle gode sofaen. Sjå forbi uferdig arbeid og golvet som for lengst skulle vore bytta. 



Ein får det så mykje betre med seg sjølv då. Slepp unna den konstante uroen og trangen etter å heile tida skulle få det finare og betre. Materielle ting kan aldri gjere oss varig lukkelege. Dei små lukke-kikka som eg kjenner når eg får ein ny skjønn ting til huset, varer som regel ikkje så lenge.


Eg ser ikkje noko gale i å gjere det fint og koseleg rundt seg (då hadde eg vel aldri skrive ein interiørblogg). Tvert om synest eg det er viktig at familiens samlingspunkt og heim, der me tilbringer veldig mykje tid, skal vere ein innbydande stad å vere. Eg kosar meg med nye prosjekt, det er avkobling og rekreasjon for meg. Akkurat slik som hagearbeid kan vere for andre. Men eg vil heile tida vere bevisst på dette å klare å vere førnøgd og kose meg med slik me har det i dag. 



Bileta viser eit forsøk på panacotta med kokos og youghurt. Det vart faktisk veldig godt. Ikkje vanskeleg å lage heller. Du kan gå inn på klikk.no for å finne oppskrift. Trykk her for å komme direkte til sida.

Takk for at du besøker bloggen min. Det gjer det heile meir meiningsfyllt


Kristina

tirsdag 20. mars 2012

Retrokommode før/etter

Hugsar dåke dei to "dette skulle naboen kaste"-innlegga mine? De kan lese dei her og her. Dette var i september i fjor og i det siste av dei to innlegga lova eg å kome med eit tredje innlegg om  kuppa frå naboens utryddingssjau. Og her kjem det, seint men godt :) 

Det er farleg å love noko, så det burde eg eigentleg slutte med. I går lova eg å vise nymalt kommode i neste innlegg, men jammensanten klarte eg å snike inn eit anna innlegg i mellomtida. Håpar de tilgjer meg for det..


Stoffa på toppen er fine retrostoff som eg også fekk redda inn. Eg er ikkje veldig retrotype, men synest det kan vere tøft i små mengder.


Kommoden er malt i ein lyseblå farge og har fått nye håndtak kjøpt på biltema og seinare spraymåla kvite. Eg må seie meg godt nøgd med resultatet!


Over kommoden heng rama med klesklypesnora som eg laga her ein dag. Klokka er frå Ikea.




 Tilslutt eit bilete som viser eit glimt av tingenes tilstand her i huset. Alt anna enn strøkent! Brett opp armane og sett i gong, her må det ryddast og vaskast på store mengder kle. Men først og fremst skal me nyte denne gode dagen, eg og minsteguten min. 



Velkomen til nye følgarar! Veldig kjekt med nye blogge-bekjentskap :)

Kvar dag har noko godt med seg, det er berre enkelte dagar ein må leite litt ekstra for å                    finne det! 

Kristina

mandag 19. mars 2012

Følger nr 100

Eg vart så glad då eg kikka innom bloggen min i stad og fann ut at eg no har 100 følgarar! Måtte berre dele det med dåke. Eg har ikkje veldig stort fokus på antall følgarar, men eg må jo seie det er kjekt at folk liker det eg gjer og vil fortsette å lese bloggen. Følger nr 100 blei Julie med bloggen Nydelig flott.Ein kjempeflott blogg vel verdt eit besøk. Tusen takk til deg Julie og til alle de andre som kikkar innom meg i ny og ne. 


Bilde fra påsketider i fjor



I februar hadde bloggen min 1 årsdag, noko som gjekk forbi i stillhet. Når eg no i tillegg har fått 100 følgarar, er vel det ein god grunn til ein ny give away, ikkje sant?

Ha ein fin kveld ♥





Utfordring: gjer noko kreativt med rammer

Bloggen SNIKKERBUO utfordra lesarane sine til å gjere noko kreativt med rammer. Det fekk meg til å tenke på ramma eg kjøpte på loppis som har lege i kjellaren i eit år snart. Ramma vart teken fram og prosjektet sett til livs. Kjekt med slike utfordringar som gir ein det ekstra puffet til å få gjort ting som ein lenge har hatt lyst til å gjere :)



Ei gamal rame + kvitmaling + gåvepapir + tape + hyssing + små kleklyper + div kort/ småting=



For å sjå fleire bidrag til utfordringa til Henriette og Helene klikk her. 


Eit glimt av ramma før den vart utsett for kvitmaling. Bakpå rama festa eg fint gåvepapir med tape. Eg brukte sterk tape for å feste hyssingen også. Dette var veldig fort gjort, og pynten kan enkelt varierast. Tenkte å lage ei til med dyremotiv/bilder av ungane saman med dyr. Minsteguten er lidenskapeleg opptatt av dyr fortida :)


Den nye rama mi er blitt flytta litt rundt på og nett no heng den over den nymalte kommoden min. Her kjem eit lite glimt av den, som eg viser meir i frå i neste innlegg.




Ynskjer alle ein fortsatt god dag. Takkar så mykje for alle dei koselege kommentarane de legg igjen. Det gledar meg. Eg har hatt noko problem med å kommentere hos andre i det siste. Blogger er kjent for å vere litt lunefull, akkurat som mars. Trudde våren var her, men i dag vakna me til frost og litt snø! Kalenderen viser iallefall at våren snart er her. Det er herleg.


Klem fra Kristina



søndag 18. mars 2012

Prosjekt på gang...

Vil berre innom for å ynskje alle ein strålande god søndag og for å seie at eg er tilbake etter ein liten bloggepause.




Her er det ulike prosjekt på gang :) Vårens frammarsj har gjort både liten og stor ivrig etter å få gjort ting. Herleg å kjenne seg littegrann våryr ;)



I`ll be back!


Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...