mandag 27. februar 2012

Fleire stovebileter

Ei fin helg er over. Me har fått besøkt både farmora til ungane og mine gamle besteforeldre, som bur henholdsvis på Bømlo og i Ølve. To naturskjønne plassar. Neste gong skal eg hugse å ta bileter å vise. 


Ikkje noko skiturar på oss i helga, istaden har me fått to turar til sjøen. Herleg. Me brann bål og kokte egg på bålet, noko som gav meg skikkeleg påske- og vårstemning. Når sola kikka fram vart eg overbevist om at våren snart er her. 







Nydeleg skilt med enda vakrere tekst. Dette var me så heldige å få av mi kjære søster til jul.



Inne byrjar det å kome seg når det gjeld mitt vesle fornyingsprosjekt av stova. No ser det litt betre ut og det er deilig. Eg har måtte ty til kunstige blomar innimellom, noko som er fy-fy for mange interiørelskarar. Sjølvsagt har eg nokre levande blomar i stova mi òg, men eg er begynt å bli lei av visne blomar rundt omkring. Det blir fort veldig varmt i stova vår og eg er dårleg på å halde plantene mine i live. Rosa i vasen og kransen på den kvite hylla er kunstige blomar.








Det er vinterferie for eldstejenta så no har eg alle mine tre skjønne heime om dagane. Det er så koseleg. Set ekstra pris på det no etter at Sara begynte på skulen. Då er det ikkje så ofte me får formiddagar ilag lengre. 


Her blir me mest heime i ferien, då mannen må jobbe heile veka. Men det er heldigivis mykje kjekt å finne på her òg, om me berre vil. No går turen straks til biblioteket. Me bloggast ;)




Ønsker deg ein herleg dag!

Klem fra Kristina

torsdag 23. februar 2012

Fornying, med enkle midlar

Ja for eg er fortsatt ein interiørbloggar, enn så lenge. Tenkjer avogtil på å melde meg ut  av NIB, eg har jo så mykje anna på hjarta enn berre interiør!?! Kva synest de eg skal gjere?

Over til dagens innlegg. Når eg no har lege på sofaen nokre dagar med feber, har eg fått veldig god tid til å kikke meg rundt. Synet har ikkje vore så vakkert, det kan eg trygt seie. Visna blomar, rot overalt, snytepapir slengt her og der, ja mildt sagt lite innbydande. Kreativiteten blomstrar derfor når eg no har begynt å få hektene tilbake. Eg skal ta vegg for vegg og krok for krok har eg tenkt. Og som før, med enkle midlar. Ikkje hamstre inn masse nye ting.



Ein av tinga er likevel nyinnkjøpt. Bladkorga fann eg på ICAmaxi her ein dag. Betalte 99,- for den. Praktisk til å ha bøker og blader i, som ellers har ein tendens til å slenge på stovebordet.



Lampen er kjøpt på loppis (for kr.5,-)
Då var den trekvit og utan skjerm.
Tildaen er adventstildaen med ny kjole. Eg syr kjolane med opning bak slik at dei kan takast på og av (enklare å sy ein ny kjole enn ein heilt ny tilda). Adventskjolen ligg nedpakka på loftet til neste jul. Genialt, synest eg.



Vea`kassen vår er ein gamal kasse eg fann ute under ein busk. (Yes, thats me :)





Eg tok fram ei gamal bok fra bokhylla og la fram. Tørka støv og rydda i pynten. Også ein kjole etter Sara fekk kome opp på veggen(tenk at ho har vore så liten).




Eg vart fornøgd med mine enkle små fornyingar. Eg blir glad når eg ser iallefall ein vegg som er ryddig og fin i stova vår. Resten skal gjerast noko med snarast. Det er gøy med små prosjekt så lenge det er lystbetont og så lenge det ikkje går utover resten av familien. Obs, trur eg må gi meg no. To fulle klestativ med kle som må brettast før me skal avgårde på småbarnssang!



Ha ein strålande dag ♥

Klem fra meg

tirsdag 21. februar 2012

Bryllup i Riga


Forrige helg var eg Ørjan (mannen min) så heldige å få oss ei langhelg i Riga. Me var inviterte i bryllup og fekk dermed ein anledning til å få nokre dagar for oss sjølve, berre oss to.

Fint pynta i kyrkja med lys og kongler på kvar benkerad

Brudeparet er i frå Latvia og det var spanande å få vere med på eit bryllup etter latviske tradisjonar. Noko var likt, men mykje var også anleis enn me brukar å ha det. Heldigvis var det nokon som oversette for oss. Me er ganske blanke på latvisk og russisk.

Brura leia opp kyrkjegongen av bror sin


Det er bruda me kjenner. Ho vart eg kjend med for ca 8 år sidan då eg var på sommerteam i regi av UiO(Ungdom i Oppdrag). Eg og Sandra, som mi skjønne veninne heiter, kom raskt i kontakt. Det verste var at me måtte kommunisere på tysk, då ho ikkje kunne engelsk på den tida. Skjønar ikkje korleis me greide det med mine dårlege tysk kunnskaper :/ Me vart uansett gode venner og det beste av alt var at Sandra valgte å begynne å følge Jesus den sommaren. Sidan den tid har me halde kontakten og besøkt kvarandre nokre gonger. Det er mykje fattigdom i Latvia og kontrastane er store frå Riga og ut på landsbygdene. Sandra har heller ikkje hatt det så lett i livet, men det er fantastisk flott å sjå kor bra det har gått med denne jenta. All ære til Gud, seier ho sjølv. I dag jobbar ho i bank, har mastergrad i mattematikk og har no gifta seg med ein utruleg kjekke kar. Dette er ein skikkeleg solskinnshistorie og det var stort for oss å få vere med i bryllupet deira.

Eit lykkeleg brudepar!


Dette brudeparet nøyde seg ikkje med ein vanleg bryllupsvals. Her var det avanserte innøvde dansetrinn. Kjempeflinke!


Utanom bryllup fekk me også tid til å sjå oss litt rundt om i den flotte byen (Riga er absolutt verdt eit besøk), ete god mat, shoppa litt, besøkt menigheten til Sandra og Vitaly og ellers berre slappa av. Det var forresten ein kald fornøyelse å vere der, -11 til -15 på det kaldaste, men veka før hadde det vore nede i -28 brrr. Er ikkje vant med slik kulde me her i frå vestlandet! 

Meg og Ørjan klare til "the banquet"


Det gjorde godt med nokre dagar for oss sjølv, berre eg og min kjære. Trur det er viktig og nødvendig å sette av tid til pleie forholdet. Men du kor godt det var å kome heim igjen til ungane! Kunne ikkje vore ein dag lenger borte frå dei. Borte bra men heime best!

Fin dag til deg frå meg ♥!


Kristina






mandag 20. februar 2012

Influenced

(Nei, dette innlegget handlar ikkje om influensa. Eg skal spare dykk for meir sjukdomsprat på ei stund)

Influenced. Påverka. Me blir det anten me vil eller ikkje. Første gong eg såg ei Maileg kanin tenkte eg "for eit rart vesen. Tenk at nokon betaler i dyre dommar for å få fatt i slike stygge bamsar. Ikkje har dei barn heller. Dei berre kjøper dei avdi dei synst dei er så fine?!"



Kvit Ektorp. Den rette bloggeheimen har ein slik ein.

Og ein kitchen aid er eit must.



Ikkje gløym blogge-kruset! Det må vere ein kopp i frå greengate eller PIP. Ellers smakar ikkje kaffien godt.


Eg har mine prinsipp som gjer at eg nok aldri kjem til å byte ut ei fullt brukande kjøkkenmaskin med ein kitchen aid, berre fordi den har det rette designet etter dagens mote. Eg tvilar også på at eg nokon gong kjem til å kjøpe kvit Ektorp. Det er vel mest av praktiske årsakar. Men green gate koppar og eitpar Maileg kaniner har snike seg inn i heimen. Korleis kunne det skje med tanke på kor stygge eg synst dei kaninene var berre for 2 år sidan? 


(alle bildene er lånt frå google)

Eg blir påverka. Når eg bruker tid på å lese flotte interiørbloggar så byrjar eg etterkvart å like det same som dei likar. Det er litt skummelt eigentleg. Eg trudde eg var sterkt men er det eigentleg ikkje.

Det går meir og meir opp for meg kor viktig det er at eg bevisst velger kva impulsar eg vil skal påverke sinnet mitt. Det er mange medium som krigar etter å nå inn til meg. TV, radio, musikk, bøker, blader og bloggar. Dei står alle klare til å overdumple meg med sitt budskap. Og anten eg vil eller ikkje så blir eg påverka. 


Dei siste åra har eg og mannen bestemt oss for å vere veldig bevisste kva me ser på TV. Det er så mykje negativt som blir servert og verdiane som blir presentert er så langt i frå det me står for. Det same gjeld for ungane. Ikkje for mykje TV (dette sklir litt ut når dei er sjuke).

Eg vil velge dei beste kildene til å påverke meg. Bibelen Guds Ord er for meg den aller beste "maten" for sjelen min. Her finn eg ord til trøyst, oppmuntring og formaning. Orda eg les der blir på ein måte levande, dei blir Guds eigne ord direkte til meg.


Eg likar også å lese gode bøker. Og eg likar å lese bloggar. Interiørbloggar og andre bloggar. Men først kjem Guds Ord. Her finn eg ord som blir til liv for meg.

Ønsker deg ein livsglad dag!

Klem fra Kristina  

søndag 19. februar 2012

Fargerik og fin

Det gjorde så utruleg godt å få inn litt glade fargar i huset. Her har influensaen herja vilt siste veka og berre det mest nødvendige har blitt gjort. Huset er ikkje vaska og rydda til helga og mengda rot rundt omkring er over trivselsgrensa mi. Bileta her skil seg derfor ut frå slik det eigentleg ser ut i huset vårt.  



I går fekk me samla litt energi til å lage oss eit fastelavensris. Det vart tradisjonelt med bjørkeris og fjør. Fargane på fjøra går i blått, rosa og lilla. Nokre små rosa sløyfer fekk også plass. Og du kor me har hatt glede av dette bjørkeriset. Det friska slik opp midt i trasige sjukdomsdagar, prega av feber og slapphet. Tenk så lite det skal til.



Det er godt med vitamininnsprøytingar av ulike slag. Som mennesker treng me positive oppmuntringar og vindpust som gir oss kraft til å stå på vidare. Gjennom eit smil, eit vennleg ord, ei gåve eller det å bli vist interesse kan me oppleve å få det vesle som skal til for å snu ein situasjon. 



Det er rart, men eg har opplevd at det ofte kan vere når eg kjenner meg som trøttast og føler at eg har lite å gi til andre at eg faktisk får vere til oppmuntring. Alt er avhengig av om eg har det godt med Gud den dagen.(Du lurer kanskje på kva det vil seie å ha det godt med Gud. For meg betyr det at eg har ein rein samvittighet overfor Han.)Viss eg gir min svakhet til Han så snur han det på underfullt vis slik at det likevel kjem noko godt ut av det eg seier eller gjer. 
Her ein kveld for eksempel så skulle eg legge barna. Dei ville at eg skulle lese ei bok for dei og eg sa ja, for eg veit jo kor viktig det er at eg prioriterer tid med dei. Inni meg tenkte eg,"korleis skal eg klare å kome meg igjennom heile den boka? Eg kjenner meg så sjuk og elendig i dag". Den lesestunda vart ei av dei finaste på lenge. Boka handla om ein hund som heiter Spunky som hadde mista Herren sin (gutten som eigde han) som han til slutt fant igjen. Me fekk ein fin samtale om Far, vår Herre, som alltid venter på oss dersom me skulle gløyme han i livet.


Å, det er så godt å kjenne krafta frå Han som gjer oss sterk. Midt når sjukdom herjar eller me berre rett og slett har ein trøytt dag. Då er han der. Og på fantastisk vis kan han gjere om dagen til å bli fargerik og fin.

Ønsker alle som er innom ein fortsatt fin dag.

Klem frå Kristina 

fredag 10. februar 2012

Valgets kvaler

Spørsmålet kjem igjen og igjen. Skal eg fortsetje å vere heime med barna på fulltid, eller skal eg begynne å jobbe? Eg spør meg sjølv om det, men eg får også stadig spørmål om det frå andre. "Jobbar du no eller?" "Er du fortsatt berre heime?" "Har du fått barnehageplass til minsteguten?" Ein kan lett kjenne eit press på kva som er "korrekt" i denne saka. "I barnehagen får barna den beste stimuli". "Ved at du jobbar er du ein samfunnsnyttig borgar". Eg er av den oppfatning at ei mamma som prioriterer barna sine, i høgaste grad gjer samfunnet ei stor teneste. Ei teneste som blir alt for lite verdsatt. 





Allereie på 6 mnd kontroll på helsestasjonen spurte helsesøstera om me hadde søkt barnehageplass til borna våre. Me var der heile barselgruppa. Eg kjente at no ville eg gjerne få sei kva eg eigentleg meiner om denne saka, og ikkje berre jatte med som eg så ofte gjer. "Nei, eg har ikkje søkt om barnehageplass og kjem ikkje til å gjere det heller (på ei stund). Eg meiner barnet mitt har det aller best heime med meg fram til det er iallefall 2 år!". Helsesøstera nikka og smilte og sa noko som at "ja viss ein har mulighet til det, så er jo det flott...."




Benjamin (1)




Det er ikkje alltid så enkelt å velge rett. Det er mange forhold å ta hensyn til og det som er rett for ein familie er det kanskje ikkje for ein annan. Du trur kanskje no at eg har tatt eit valg om å fortsette å vere heime på full tid? Det har eg ikkje. Eg har sagt ja til ein 50 % stilling på natt og byrjar å jobbe frå august. Då nærmar minsteguten seg 2 år. Frå no av og fram til dess skal eg arbeide ei helg i månaden. Å arbeide natt gir mykje fritid, men det krever også sitt. For oss blir dette ei mellomløysing der eg får jobbe og halde ved like faget mitt, samtidig som eg får mykje tid heime med ungane. Sånn sett er det flott å vere sjukepleiar :) Det er selfølgeleg ei økonomsik side ved det heile også. Det er ikkje til å kome bort i frå. 


Så då må eg vel til å søkje barnehageplass til minsteguten. Det er ikkje med heilt lett hjarta eg gjer det.(Ikkje misforstå, eg trur ikkje barn har vondt av å vere litt i barnehage. Det er berre det at eg veit at ingen andre er så glad i guten min som eg er. (Bortsett frå pappaen då).Ingen andre berre nusse på fotane hans medan dei byter bleie på han. Eller ingen andre berre klemme og kose dei gode kinna hans dagen lang...)


Sara (6) og Jonas (3)
Det som går meir og meir opp for meg er kor viktig det er å sette pris på dagane og dei stundene ein får ilag. Prioritere tid med kvarande. Kvalitetstid der felleskapet står i sentrum. Ikkje spele vekk tida. unngå å tenke at alt skal bli betre når ein slepp nattevåk, bleieskift, treårstrass og velta melkeglas. Denne dagen er ei gåve. Denne tida må nytast. Eg øver meg på dette.


Til slutt må eg sei at eg beundrar dei som vel å vere 100 % heime med barna når dei er små. Det trur eg aldri dei vil angre på. 


Kristina


Her blir det ein liten bloggepause til over helga.
Ha det fint så lenge :) 



onsdag 8. februar 2012

Eg har begynt å samle på...

...dette Green Gate (GG) serviset.



Det er mange flotte mønster og farger å velge mellom i GG serien. Dette mønsteret falt eg veldig for. Synst dei passar like fint til jul som til jordbær og is om sommaren. Under juletreèt låg det fiine delar i denne serien til meg og mannen. Veldig greit når ein får felles presangar som er såå fine og såå etter min smak ♥ Tusen takk mamma for flott presang! 






Det som er så veldig greit med GG er at det er så mange mønster som passer til kvarandre. Ein kan mikse og blande ulike servise og lage sin eigen komposisjon. Eg har foreløpig berre tre dekningar pluss ei lita skål i denne serien.



Eg ynskjer meg også servisedeler i serien beige spot. Den står fint til min roseserie. 




Også lyseblå prikkete sklir fint inn her. Ein herleg fargepalett. ♥Ønske ønske♥





Eg kjem ikkje til å kjøpe meg fullt sett sånn med ein gong. Derimot veit eg kva eg vil ynskje meg til bursdagar og juler framover. Fine serviser er noko ein har lenge og som eg synst det er verdt å bruke penger på. 




Eg vil også få takke for responsen på forrige innlegg. Det kostar litt å vere open og ærleg om ting som ikkje er like gøy å sette ord på. Då betyr det mykje å få slike gode og oppmuntrande kommentarartilbake. Dåke e`gull! Utan dåke,  ingen blogg.


Klem frå Kristina





tirsdag 7. februar 2012

Berre eit menneske

Nokre dagar treng eg minne meg sjølv på dette. Eg er berre eit menneske. Eit menneske av kjøt og blod, eit menneske som feilar og ikkje er perfekt. Ein kjenner seg sliten og trøytt allereie frå morgonen av. Det ein skulle fått gjort, det blir ikkje gjort. Og det ein ikkje strengt tatt skulle gjort, det gjer ein mykje av. Rotet veks parallelt med at den dårlege samvittigheten blir større. Skuldrene blir tunge. Ein kjenner seg berre mislukka. Ikkje tålmodig nok. Ikkje rask nok. Ikkje fin nok. Ikkje god nok i det heile. Dei negative tankane bombaderer meg og slår meg ut. Alle andre får så mykje til. Eg er ikkje normal. Eller er eg det? Kanskje andre også har dårlege dagar innimellom? Ja det kan nok hende. Me er jo berre mennesker alle saman.



Mennesker som treng nokon som kan støtte og vere nær. Eg er så heldig å ha ein som alltid godtar meg. Han er faktisk like glad i meg i dag som alle andre dagar. Hans kjærleik er ikkje betinga, den krever ikkje noko igjen. Til Han kan eg kome akkuratt slik eg er, med alle mine feil og mangler. Til Han kan eg få koma og gi meg sjølv opp nok ein gong. Ta imot Hans liv istaden. Eg må berre vere villig til å gjere dette, ta i mot

Jesus veit at me berre er mennesker. Han har sjølv kjent det på kroppen og kan derfor vite korleis me har det. Han har medynk med oss står det i Bibelen. Kanskje er det nokon som les bloggen som har det litt ekstra vanskeleg i dag? Vit at det er ein som bryr seg.

Han gav alt Han hadde. All sin styrke. All sin kjærleik. All sin tilgivelse. All sin nåde. Og Han gir det på nytt og på nytt. Til meg i kveld. Fyller opp tanken min. Livet pulserer igjen. Godt å gå å legge seg. Godt å vakne til ein ny fin dag i morgon. Godt å leve.



I morgon viser eg fleire bileter av mitt fiine nye Green Gate servise.


Interiør og andre ting eg tenker på vil gå hand i hand her i denne bloggen min. Vurderte ei stund å lage ein eigen blogg  for litt djupare tankar og refleksjonar, men har foreløpig komen fram til at eg vil bruke denne bloggen til begge deler. Ja takk begge deler! Håpar det er greit for de som les bloggen min.

God natt :) Eller god dag, alt etter som ;)

Klem frå Kristina

Vaskerom snart ferdig

Snart er vaskerommet vårt endeleg klart til bruk. No ventar me berre på at rørleggaren og elektikaren skal gjere seg ferdige, så kan me endeleg få orden på klesvasken igjen. Det gledar eg meg stort til.


Beklagar dårleg bildekvalitet.

Rommet blir eit kombinert vaskerom og bad. Me har berre eit bad i huset frå før, så det skal bli godt å få eit til. Rommet er ganske lite, men me trur det skal bli eit kjekt rom likevel. Vaskemaskina og tørketrommelen er bygd inn i veggen til rommet ved sida av. Dette gir oss litt meir plass. Veggane er panelplaner som me har malt i fargen "dun". Ein behageleg og fin kvitfarge. Taket er furupanel som me har behandla med ei kvitolje. Skapa på veggen er kjøkkenoverskap frå IKEA. Merket Domsjø.




Gledar meg til me kjem så langt at eg kan få stasje litt på rommet. Er på jakt etter nokre fine boksar som skal stå på hylla over vaskemaskina og tørketrommelen. Eg har veldig lyst at det skal vere eit fint og innbydande rom, samtidig som det blir eit bruksrom. 





Det var dagens oppdatering her i frå. Eg håpar eg snart kan vise dykk bileter av eit fix ferdig vaskerom, men av erfaring veit eg at ting tar tid. 

Ynskjer alle ein fin dag.

Kristina







mandag 6. februar 2012

Eg blir så glad...

Eg blir så glad når eg møter eit smilande menneske.

Eg blir så glad når eg får bety noko for ein anna person.

Eg blir så glad når nokon ser meg og likar meg slik eg er.

Eg blir så glad når eg får ein slik nydeleg blom som dette. Takk skjønne KristinTrykk på namnet og ta turen innom Kristin sin herlige blogg.

"Jeg fant en gang en rose på livets landeveg. Jeg så litt på den rosen, tenk rosen det var deg!"


Ta vare på deg sjølv og menneska rundt deg. Ta vare på denne dagen. Det finst berre ein av den.

Kristina

søndag 5. februar 2012

Svart og kvitt

Eg har eigentleg vore litt laber på interiørfronten i det siste. Ingen oppussingsprosjekt eller DIY-prosjekt på gang. Ingen interiørblader kjøpt dei siste 5-6 månadane og få turar innom fiine interiørbutikkar (det beste knepet for å unngå å kjøpe for mykje dill). Avogtil kan det vere nødvendig og godt med ein pause fra alt som har med ting å gjere. Det er tross alt ikkje det viktigaste i livet.





 Men i går måtte eg innom ein butikk(Kvist og Kvast)og då kjente eg at noko vart vekt til live i meg. Eg skulle berre kjøpe eit par bunter lammeullstråd, men kom ut med nokre ekstra småting. Som f.eks dette bandet med svarte og kvite striper. Knytta rundt ei flaske av resirkulert glas(ei tom dressingflaske) blir det ein fin vase til ei rose som har klart seg betre enn resten av buketten. Det skal ikkje meir til! Det var så mykje fint i butikken og eg kjenner at eg tilbake snarast mogleg (farleg det der).



Av andre ting som er svart/kvitt er i heimen kan eg nemne pianoet, ikkje stort meir :) (Har sett nokre TineK mugger eg gjerne kunne tenke meg). Likar trenden med litt meir svart/kvitt og grått innimellom alle pastellane. 








Håpar du har hatt ei fin helg. Her i heimen har me brukt tida ute i snøen, både utanfor huset og på fjellet. Mannen har fuga flisene på golvet i vaskerommet, som er under oppbygging i kjellaren. Gledar meg veldig til rommet snart står ferdig (skal vise bilder). I dag har me vore på formiddagsmøte i menigheten vår. Søndagsskule for barna og middag saman etterpå. Herleg. Så no er det beina på bordet og høg avslappingsfaktor.







Me bloggast;)

Klem fra Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...