torsdag 26. januar 2012

Glidelåsar til nytte

Eg har alltid som mål å få laga nokre av julepresangane sjølv. Veit kor kjekt det er å få gåver som det er lagt ned tid og sjel i.

 Når det kjem til sying har eg ikkje all verdens erfaring og kunnskap. Slike små prosjekt som desse penalhusa var derfor passelege utfordringar for meg. Etter å ha fått ei budde med glidelåsar frå den produktive dama bak bloggen Sidsel kreative hjørne, hadde eg nok utstyr til å sy penalhus til heile slekta. Desse to penalhusa (eller sminkepung om du vil) låg under juletreet denne jula. 





 

Ønsker deg ein fin dag!

Kristina

tirsdag 24. januar 2012

Kvardagskos med blåbærbollar

Det er fint å kunne unne seg litt kos også i kvardagen. I dag vart det blåbærbollar inspirert av eit Jamie Oliver program eg såg på tv for over eit år sidan. Han knadde saman gjærdeig med blåbær og ei blanding av egg og sukker. Såg så godt ut. Prøvde det då med ein gong eg såg programmet og no måtte eg prøve det igjen. 



-Veldig godt! Skal eg tru mann og barn.

Med gjærbakst i omnen blir det god duft i huset


Eg skulle ønske eg hadde fått til å eksperimentere meir med mat og baking. Blir veldig ofte det mest tradisjonelle og tildels kjedelege. Som regel skal mat lagast på kort tid, lavt budsjett og med nokre ungar hengande i buksebeina. Då seier det seg sjølv at det ikkje blir dei store 
gourmet-rettane :) hehe

Kan eg få smake mamma?
Men uansett gøy å prøve noko som er litt anleis. Det vil eg gjerne gjere meir av. Og ambisjonar må vel vere lov å ha ?!

Den søte brikka under fekk eg til jul av min gode Jonasgut.
På den har han teikna så fint eit ansikt. 


God kveld (eller dag) til deg som er innom!


Kristina

fredag 13. januar 2012

God helg og...

 eit veldig forseinka godt nyttår til alle dåke som er innom bloggen frå tid til annan.


På høg tid med ei oppdatering her i frå.
 Bloggelysta har ikkje vore heilt på topp i starten av det nye året. Andre ting har virka meir meiningsfylt å bruke tid på. Men eg er her og eg kjem nok til å slenge inn eit innlegg i ny og ne. Når eg får lyst :) Tusen takk for alle søte kommentarar. Er så oppmuntrande å få tilbakemelding på at det eg skriv gjev meining for nokon. Skulle ønske eg kunne svart alle dåke anonyme personleg tilbake. Vit at eg set stor pris på det de skriv.



Viser nokre bileter frå kjøkkenet vårt her i dag. Friske urter og tomater pyntar opp. Herleg med litt enklare og reinare interiør no etter juletida. 




Er veldig godt nøgd med lampane mine over kjøkkenbordet. Dei er kjøpt på Living.

Eit reint og ryddig kjøkken....




....trudde du kanskje. Men for å få med heile sanninga tok eg bilete av den andre sida også.


Ei full oppvaskmaskin som må tømast. Og når middagen er laga ser det definitivt ikkje reint og ryddig ut lenger. Men slik er det og slik skal det vere. Kjøkkenet er eit bruksrom og husarbeid eit evighetsprosjekt. 




Nyt helga :)

Klem fra Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...