onsdag 22. august 2012

Masker, synlege og usynlege

Å kor kjekt det er når mor tar seg tid til å gjere noko kreativt med ungane! Desse to var storfornøgde med maskene me laga her ein dag. Me brukte tjukt papir, tusjar, glitter, strikk og fjør, ja med andre ord alt slikt dill som barn berre elskar å drive på med.



Å kle seg ut er stor stas. Å lage utkledninga sjølv om mogleg endå betre.




Det er herleg med barn, dei er seg sjølv. Dei går stort sett utan masker på seg, og då tenkjer eg på meir usynlege masker, slike me meiner når me snakkar om å "kaste maska av". Barn griner når dei er lei seg, ler når dei er glade, gir trøst til dei som treng det... Dei bryr seg ikkje om kva andre tenker om dei, ikkje før dei eventuelt er blitt oppdratt til det.

Handlingane kan lett bli styrt ut av andre sine forventningar til oss. Ofte er det me sjølv som trur at den og den tenkjer at eg må gjere ting slik og slik. Kanskje har ein fått høyrt sårande ord i oppveksten som har sett spor, noko som gjer at me er redde for å utsette oss for det same igjen. Me tar på oss ei maske og prøver så godt me kan å leve opp til andre sine forventningar. Dette gjer oss slitne og delte som mennesker.

Gud ynskjer at me skal vere heile mennesker med integritet. Rakrygga og med føtene planta på eit solid fundament. Gjennom at Jesus har vist meg at eg er fullkomen i hans auge, skapt med ei hensikt og med eit mål, har eg fått hjelp til bli fri fra det som kan binde. Hos Jesus finn ein ubetinga kjærleik og ein treng derfor aldri vere redd for å gjere seg sårbar framfor han. Derfor er det befriande å søke Guds anerkjennelse og aksept istadenfor mennesker sin.

Heilt utan maske er eg ikkje. Det kan ofte vere fristande å ta den på. Særleg imøte med folk ein ikkje er heilt trygg på. Men eg er klar over den og vil helst få den av, fortast mogleg.

Men slike masker som dette er jo skjønne. Dei sprer liv og glede :)



Klem fra meg

6 kommentarer:

  1. eit fantastisk innlegg fra deg igjen, eg har så sansen for innlegga dine altså!! Veldig fint det du skriver, og så fine masker, tippar det var kjempemorro å lage dei sammen ja! Også koselig å sjå koselige feriebilder av deg og ungane i forrige innlegg, for ein fin gjeng de er! ha ein fin dag! klem

    SvarSlett
  2. Nydelig skrevet, Kristina!
    Tusen takk for at du delte dette!
    Igrunnen er det litt en kortversjon av uka vi hadde på Skjergardsheimen :)
    Tenker på dere ofte! Ønsker dere gode dager!!
    Klem til deg

    SvarSlett
  3. Det er viktige ting du tar opp.
    Flotte bilder av flotte unger med masker.
    En flott aktivitet.
    Ønsker deg ei herlig helg :)

    SvarSlett
  4. Fantastisk bra skrevet, Kristina :) du er god til å sette ord på ting, og disse skjønne små illustrerer det så fint. Masker ja, jeg tror vi alle har noen av dem, - kanskje ikke hele tiden (forhåpentlig) men periodevis. Jeg bar masker mye før. Nå prøver jeg å være dem foruten - helst hele tiden. Takk for at du delte dette, fine deg. Jeg har savnet innleggene dine - og savnet livstegn. Også må jeg bare si igjen at jeg er så sur på meg selv for at jeg ikke gikk bort til deg i sommer, - jeg hadde såå sterk følelse av at det var deg, men tenkte bare at "nei, det kan vel ikke være det?" - men så var det det! grrr....!! vel, jeg lover å gå på magefølelsen en annen gang. Må du ha en nydelig helg skjønne deg :) klem

    SvarSlett
  5. Å kor kjekkt du er tilbake;
    håpar du fortsetter,du skriv så mykje bra og:)

    SvarSlett
  6. så godt du skriv Kristina :)
    ha ein fin dag, håpar det kjem fleire koslige innlegg i fra deg.

    Henriette.

    (skulle me fått til eit lite bloggtreff på stord ? skal me samla sammen nokon å få det til ? )

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...