onsdag 16. mai 2012

Våg å seie i frå!

Her ein dag måtte eg gjere noko som eg kjende kosta meg ganske mykje. Det var ingen andre som hadde sagt at eg måtte gjere det, utanom den indre stemma i meg. Eg har det litt i meg, dette med å seie i frå om ting. Det blir sagt at eins styrke kan bli eins svakhet. Eg øver meg derfor på å bruke det på rett måte og i rett tid.

Eg plar handle på Rema 1000. I det siste har eg ikkje gjort det. Grunnen er den at dei har byrja å sette fram dei mest pornografiske blada ein kan få i ein daglegvarebutikk, rett ved kassaapparata omtrent der du finn tyggispakkar o.l. Me snakkar om blader mykje grovare enn Vi menn f.eks. Eg reagerer sterkt. Fyrst og fremst fordi eg har ei avsky mot denne pornoindustrien som dyrkar og utnyttar jenter sine kroppar, og gir ei heilt urealistisk forventning til kva sex handlar om. Bileta blir retusjerte og gir unge jenter eit uopnåeleg ideal, som mykje av anna reklame også gjer. Me jenter og damer blir altfor ofte vurdert utifrå utsjånaden vår. Statsråd Anniken Huitfelt er ei av dei som har sett seg lei av journalistar sine terningkast av antrekk, og stilte derfor opp i skisko ved ei anledning der det var forventa fine klede. Tøft gjort!

Bilete lånt frå google

Tilbake til Rema 1000. Eg for min eigen del klarer å ignorer desse nakenmodellane som lyser mot meg, men eg tenker på alle barn som er i butikken. Skal dei måtte bli eksponert for slike bilder? Nei takk, då velger eg heller ein anna butikk. Barnesinna, og forøvrig også våre eigne, er skjøre og vare for sterke inntrykk. Barn skal skjermast frå pornografiske bileter, det er me vel alle einige om. 

Derfor, etter mange vekers ergrelse og irritasjon over å sjå at blada forsatt stod som blikkfang ved kassaapparata, bestemte eg meg for å gjere noko. Eg spora opp dagleg leiar og skreiv ein mail til han. Ikkje noko sint mail, men ein sakleg mail der eg delte tankane mine kring temaet og understreka at slikt må ikkje barn bli utsett for.

Dagen etter fekk eg svar; Dei tok klaga til etterretning og fjerna blada umiddelbart! Jippi! Flott gjort av Rema 1000!

Gje beskjed om det noko du er ueining om, men ikkje i sinne. Bruk venlege og konstruktive ord, då blir du høyrd!

Dette kunne vore eit 8.mars-innlegg frå meg, men istaden blir det eit innlegg dagen før nasjonaldagen. Me er heldige som lever i eit fritt land der alle har lov til å ytre meiningane sine. Det er verkeleg noko å vere takknemleg over.


Klem, Kristina



11 kommentarer:

  1. Hehe,du er bare så flott du,eg handler aldri på Rema så eg har aldri sett det men så bra at du tok tak idet og sendte ein Mail og det står virkelig respekt av dei at de tok det vekk:)bra gjort,bedre å sei ifra enn å ergre seg!!!
    Fin dag til deg!
    Klem

    SvarSlett
  2. Hurra for frimodigheten din!
    Og gratulerer så mye med nasjonaldagen i morgen!
    Håper dere får en fin dag! :)

    Klem fra meg

    SvarSlett
  3. Så utrolig flott av deg å si i fra!! Modig og rett! Det er viktig at vi tør si ifra slik at ikke det som ikke er rett får seire. Bare slik blir samfunnet bedre :)Fin dag til deg :)

    Klem

    SvarSlett
  4. Jeg sitter her med tårer i øynene. Så utrolig rørt over din modighet og karakter, og så utrolig stolt over deg over at du våget gjør noe - og som tilogmed fikk et så bra utfall. DU ER TOPPEN! :))
    Ønsker deg en nydelig dag i dag - og ikke minst i morgen!! God klem fra meg til deg :)

    SvarSlett
  5. Også kom jeg på et sitat jeg har brukt på bloggen min: Be the change you want to see in the world! Du gjorde det! :) klem

    SvarSlett
  6. Kjempeflott at du sendte mailen:) Eg er så enig med deg!
    Veldig kjekt at du deler dine meiningar og tankar kring ting på bloggen din, det gir meg ofte ettertanke...og det er bra at me menneske reflekterer..det utviklar oss som menneske og verdiane våre! Synest du har ein flott blogg!!
    Klem:)

    SvarSlett
  7. Du er jammen tøff du!! Verden trenger flere som deg!
    Takk for at du tar ansvar, sånn at vi andre
    slipper å irritere oss over det samme ;)
    Ønsker deg en kjempe flott 17.mai :) Klem din vei!
    (Og takk for gode ord om pallebenken inne hos meg.. det varmer...:))

    SvarSlett
  8. Kjempebra gjort:)Ha ein flott 17 MAI:)!!

    SvarSlett
  9. WOW!! Digger deg max, storesøss!!!

    SvarSlett
  10. flott innlegg om et tema som også irriterer meg. all ære til deg som sendte mailen :D

    SvarSlett
  11. tommelen opp for deg!!! utrulig tøft gjort, eg er imponert, og inspirert, innlegget fekk meg til å tenke over viktigheiten av det å sei ifra! og den bursdagsfesten med butikk var kjempelurt, og bildene ga gladstemning! :) ønsker deg ei fin veke! klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...