torsdag 3. mai 2012

Ulike sider ved det å ha barn og mine tankar om temaet abort.


Når minsten er vaken er det liv og røre. Blir det stille ei stund er det grunn til å sjekke nærmare opp i kva som skjer.
Slik fann eg kjøkenbenken ein dag etter at eg hadde høyrd mistenkeleg lite i frå minsteguten dei siste 10 minutta.

Kva er det med smør og born? Ein som har storkosa seg her iallefall :)





Travelt er det med små born, men likevel det beste som har hendt meg. I helga var eg aleine i huset nokre dagar medan eg jobba natt og resten av gjengen var på hyttetur. Eg fekk rydda huset, ordna og stelt. Det var herleg å kunne rydde utan at det vart rotete med ein gong. Arbeidet viste verkeleg igjen og eg naut det. Tanken slo meg at slik er det å ikkje ha born. Likevel, eg ville aldri ha bytta. Borna fyller huset og liva våre med latter, sang og glede. Så får me heller bære over med skrikinga, skrålet og rotet :)


Mine tre godingar.



Litt alvorsprat.


Eg var 20 år då eg vart gravid fyrste gong. Meg og min kjære var nygifte og eg hadde akkurat byrja på sjukepleierhøgskulen då eg fann det ut. Mange vel abort i same situasjon. Det var aldri eit alternativ for meg. 

Kvart år blir over 16.000 barn tatt livet av i mors liv, berre i Norge. Dette synest eg er enormt trist. Å få barn er ikkje noko som hindrar ein i å vere lukkeleg, tvert om, det gir livet ein heilt ny dimensjon.

Det er som ei jente (20) som er med i unge mødre på tv sa: "Eg er imot abort. Der det er eit hjarte som slår, er det også eit liv. Er folk gamle nok til å ha sex, bør dei også vere gamle nok til å ta konsekvensane av det". 

I dag er eg 3 barnsmor og arbeider som sjukepleiar på sjukehuset her me bur. Barn er inga hindring, ein lærer seg berre til å strukturere livet sitt litt betre.

Litt personleg her i dag. Håper det går bra. Eg veit eg skriv om eit ømt tema og det er ikkje meininga å støte nokon. Abort er ei sak eg brenn for og derfor var det naturleg  for meg å nemne det her.

Menneskeverd er ein flott organisasjon som arbeider med å beskytte det ufødte liv. Trykk her og kom til nettsida deira. Organisasjonen er verdt både eit besøk og eit medlemsskap.

Takk for at du tok deg tid til å lese!


♥♥♥

K



11 kommentarer:

  1. Kjempefint skrive om eit alvorlig tema! klem:)

    SvarSlett
  2. Kjempeflott at du tør å ta opp et alvorlig tema, og at du sier din ærlige mening om det! Helt enig i det du skriver. Klem.

    SvarSlett
  3. Flott du tar det opp ♥
    Og enig med det du skriver !

    Fantastiske barn du har, skikkelige sjarmtroll ♥

    Klemmer til deg

    Ps. Liker bloggen din ♥

    SvarSlett
  4. Er såå enige i det du skriver,eg er og heilt imot abort,å at det var så stort tal e bare tragisk,men takk å pris for at det er noko som heiter prevensjon!!

    SvarSlett
  5. Herlige unger du har!! H spurte etter S idag, så dere er savnet... Denne uka ble det mye jobbing på meg, så får ikke til noe kafebesøk, men har ingen planer i helga... Kanskje vi kan ta en fjelltur? Abort er et tema som engasjerer veldig! Fint at du tar det opp! Ønsker deg en fin kveld!

    SvarSlett
  6. Hei,

    Så fine små barn du har♥

    Jeg er enig med deg ang abort - jeg skjønner noen tar det i noen tilfeller, men jeg kunne aldri gjort det selv, selv om det kanskje ikke er på ett passende tidspunkt det skjer, så er det 9 mnd til barnet kommer - mye man kan få til på disse mnd som gjør at det passer bedre med ett barn.. Jeg har ikke enda noen barn selv, men gleder meg til den dagen jeg blir velsignet med noen♥

    God helg,
    Klem Jatte!!

    SvarSlett
  7. Hei:)

    Det er så godt at noen tar fram dette utrolig alvorlige tema. Er så inderlig enig med deg.

    Ha en riktig god dag videre!:)

    Hilsen Lillian

    SvarSlett
  8. Hei

    Så utrolig skjønne barn du har. Helt enig i alt du skriver. Jeg er velsignet med 13 barn, ville ikke vært foruten.. Ønsker deg en fin dag :))

    SvarSlett
  9. Utruleg kjekt at du deler dine tankar og meiningar...
    Eg er ei jente på 34 som vart gravid fyrste gong då eg var 19 år. Ikkje så lett, men abort var aldri eit alternativ for meg. Eg og kjæresten min (og barnets far,som eg no er gift med)fekk ei fantastisk jenta!! Eg koste meg eit år heime og fortsatte så på mitt høgskulestudie. Etterpå fekk me ei jente til!
    Det har vore med gang og motgang-men det er og ein del av livet...
    Eg er så lukkeleg:)
    God helg!

    SvarSlett
  10. Du er fantastisk, Kristina. Du er virkelig velsigna og heldig, med de tre skjønne små. Største skatten i livet. :) Og takk for at du vil dela så personlige tanka og meininga på bloggen din. Da gjer meg stolt av deg og endo meir glad i deg (om da går ann). <3 Klem veslesøss

    SvarSlett
  11. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...