tirsdag 24. april 2012

Ungane sin kunstvegg

I gangen mellom soveromma og badet vårt har me eit stort og rommeleg skap med skyvedører (forresten til å anbefale. Her blir ungane sine klede oppbevart i trådkorger, samt sengeklede, finsko etc. Å ha alt samla på ein stad gjer jobben med klesvask litt enklare. Berre eit lite tips :))








Kortsida av skapet er no blitt ungane sin kunstvegg. Festa med fancy(?) washi-tape blir teikningane som ungane har laga hengt opp.


 Kan de gjette kva favorittsysselen har vore her i huset sidan kunstveggen vart til? 


Ja nettopp, teikning! Sara og Jonas har fått ei ny iver over blyantane og storkosar seg med noko så enkelt som papir og fargeblyantar. Og den store motivasjonen er: Å få hengt teikninga si opp på veggen :)




Det er kjekt når det ein driv med blir sett pris på. Slik er det for borna òg.


Tilslutt vil eg seie tusen takk for så mange koselege kommentarar på det forrige innlegget mitt. Dåke e`gull!

Klem, Kristina

ps. Måtte berre ta med eit bilete av linselusa mi. Min vesle skjønning er stort sett hakk i hel på mammo si. Og slik vil me ha det. Ein kvardag med massevis av deilig tid saman.


7 kommentarer:

  1. Så flott dette var! Artig med en slik kunstvegg. :))

    SvarSlett
  2. Så fin vegg Kristina og selfølgelig må du ha den berømte tapen på,hehe:)ungane sine tegningar fortjener å bli hengt opp:)
    Eg blogge om alt eg vil eg Kristina og det er bra du og gjer,gi av det du har lyst og vil sei og vise,synest alltid det er så koselig med innlegg fra deg:)
    Klem fra Lillian
    Milla har snart bursdag så sende deg ein melding om bursdag når eg har funne tid og dag:))

    SvarSlett
  3. Kjempe smart! :)

    SvarSlett
  4. Det er kjekt å henge opp barnekunsten.
    Skulle virkelig ønske vi hadde plass til å samle alle klærne, vi har gjort så godt vi kan, men ....

    Liker godt det forrige innlegget, jeg er veldig enig. Men jeg synes godt vi kan blande alt på en blogg:-)

    KLem fra Annfrid

    SvarSlett
  5. God idè med en egen kunstvegg!! :)
    Og morro at vi begge hadde linselus med i dag,ja. Din Benjamin ser ut som en skikkelig go´ing! Akkurat som min ;)

    SvarSlett
  6. Så fin vegg:) Ungane sine teikningar er så skjønne:) Vi har dei på kjøleskapsdøra. Fint innlegg det forrige innlegget ditt. Seier meg så enig i alt du skriv! Ha en velsigna god dag:) Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...