torsdag 26. april 2012

Om å bli som barn igjen

Det er mykje me vaksne har å lære av barn, ja faktisk kan dei vere forbilder for oss på mange måtar.

Eit eksempel.

Vesleguten vår har nettopp lært seg å gå, vel 16 mnd gamal. Han er så stolt som ein hane! Struttar av glede og sjølvtillit medan han trippar rundt på golvet. Om han dett er han rask med å reise seg att. Han smiler og er så fornøgd med det han får til. Sjølvkjensla er på topp!





Han bryr seg ingenting om at mange av hans jamgamle lærte seg å gå før dei var fylt eit år. Han tenkjer ikkje over at han er sein og derfor ikkje burde glede seg. Han er fri frå det å samanlikne seg med andre! Istaden er han storfornøgd med det som han har klart, sjølv om han har brukt lengre tid på det mange enn andre.

Slik er ikkje me voksne, desverre. Me har så alt for lett for å måle oss opp imot andre. Me skal vere like flinke, like effektive, like produktive, like kreative, like sprudlande som alle andre. Resultatet blir ei konstant kjensle av å ikkje strekke til. Dette fører med seg dårleg sjølvkjensle og kanskje frustrasjon som igjen går utover våre næraste. Iallefall har eg opplevd det slik.

Det er mykje betre å akseptere seg sjølv slik ein er. Vere ærleg med seg sjølv og sjå sin begrensning. Då får ein det så mykje betre med seg sjølv og andre, og potensiale i oss vil kome tydeligare fram.

Jesus lærer oss å bli som barn. Å ikkje vere barnslege men barnlege. Å ha same tillit til Han som eit barn har til sine foreldre. Stole fullt og heilt på Hans kjærleik. Leve nær Han og la Han forsørge oss på alle livets området. Eit vers som betyr mykje for meg og som har blitt eit slags livsmotto for meg er dette:

"Søk først Guds rike og Hans rettferdighet, så skal du få alt det andre i tillegg". Matteus 6,33

Gud har omsorg for oss!


Kristina

9 kommentarer:

  1. Så flott skrevet Kristina! Viktig påminnelse i en hverdag hvor vi stadig og alltid sammenligner oss med andre, og hvor iallefall jeg ofte føler at jeg ikke strekker til...Herlig bilde av en stolt og fornøyd mini i verdens deiligste pysj;) God klem til deg!

    SvarSlett
  2. for eit herleg innlegg og perspektiv!! eg kjenner meg veldig igjen i det du skriv! har tenkt masse på begrepet "dei andre", og kva det egentlig er og betyr. leste ein facebookstatus som traff veldig i den sammenheng; those who bother doesnt care, and those who care doesnt bother. kjenner at det å sammenligne seg, og tanken på kva "dei andre" meinar, tek masse energi. men etter å ha lest det sitatet har eg begynt å tenke litt meir " viss nokon legg seg oppi at eg ikkje er like flink til sånn og sånn eller kva det skulle vere, så betyr det egentlig ikkje så mykje, for dei som bryr seg om meg, bryr seg ikkje så masse om mine prestasjonar." Tenk så deilig om me kunne tenke som barna, er så herleg å sjå deira ekte glede og stoltheit!! og det bildet var utruleg nydelig og uttrykksfullt! ordentlige skjønningar de har! klem

    SvarSlett
  3. Du skriver så godt og koselig! Jeg leser med tårer i øynene.
    Det er så sant alt sammen!
    Må også si at jeg tror du passer veldig godt til jobben som sykepleier!
    Fin og stolt gutt på bildet!
    -Margit-

    SvarSlett
  4. Så fint! Koselig og godt å lese dette, Kristina! Fint å ta med seg ut i dagen. Nydelig gutt du har. :)

    SvarSlett
  5. Takk for et oppmuntrende og tankevekkende innlegg!

    SvarSlett
  6. Så fint skreve Kristina og for ein flotte gåandes kar,Hannah gjekk når ho var 18 mnd og Milla når ho var 16 mnd så me er forskjellige alle og da prøve eg å sei til ungane og,ingen kan alt og me utfyller kvarandre me dei resursene og anlegga vi har,tenk visst alle var like hadde blitt fryktlig kjedligt,huff:)
    Men eg ser sjølv eg kor lett det er å sjå på alle andre,særlig det at me bur så trangt og lite,det strever eg med kvar dag,grei det er koseligt og fint men det hjelper liksom ikkje alltid,det er me som lever oppi det kvar dag og dei utfordringane det er,jaja du må ikkje le når du kommer å ser der me sove i stua i det aller helligste kaller eg det,hehe:)
    Ein fin dag til deg!

    SvarSlett
  7. Gode og sanne ord! Du er så flink å sette ord på ting! Ein nydeleg gutt som ser tydeleg stolt ut:)

    SvarSlett
  8. Nydelig liten gutt og nydelig skrevet ♥
    Takk for flotte ord,det flott og lese :)

    "Du er du og du duger"...... ♥

    Klemmer Bente

    SvarSlett
  9. Hei! Det var noen kloke refleksjoner du hadde...og veldig gjenkjennelig hos meg i allefall...Men så godt det er når man klarer å være glad for det nettopp jeg klarer og at det er bra nok :)Slik som barnet. Nydelig liten gutt du har

    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...