tirsdag 7. februar 2012

Vaskerom snart ferdig

Snart er vaskerommet vårt endeleg klart til bruk. No ventar me berre på at rørleggaren og elektikaren skal gjere seg ferdige, så kan me endeleg få orden på klesvasken igjen. Det gledar eg meg stort til.


Beklagar dårleg bildekvalitet.

Rommet blir eit kombinert vaskerom og bad. Me har berre eit bad i huset frå før, så det skal bli godt å få eit til. Rommet er ganske lite, men me trur det skal bli eit kjekt rom likevel. Vaskemaskina og tørketrommelen er bygd inn i veggen til rommet ved sida av. Dette gir oss litt meir plass. Veggane er panelplaner som me har malt i fargen "dun". Ein behageleg og fin kvitfarge. Taket er furupanel som me har behandla med ei kvitolje. Skapa på veggen er kjøkkenoverskap frå IKEA. Merket Domsjø.




Gledar meg til me kjem så langt at eg kan få stasje litt på rommet. Er på jakt etter nokre fine boksar som skal stå på hylla over vaskemaskina og tørketrommelen. Eg har veldig lyst at det skal vere eit fint og innbydande rom, samtidig som det blir eit bruksrom. 





Det var dagens oppdatering her i frå. Eg håpar eg snart kan vise dykk bileter av eit fix ferdig vaskerom, men av erfaring veit eg at ting tar tid. 

Ynskjer alle ein fin dag.

Kristina







7 kommentarer:

  1. så flott og stort vakserom dere får!! gled deg!!- særlig til stæsjingen, enig der..


    klem fra magny

    SvarSlett
  2. Artig å se:) Pent blir det å:)

    SvarSlett
  3. Ser kjempeflott ut. Du e veldig flink til å gjera ting så praktisk og greitt. :)

    SvarSlett
  4. Du får et kjempeflott vaskerom! Gleder meg til å se det ferdig.
    Jeg har også et bittelite vaskerom, 2x2 meter .... det fungerer det, så lenge det er ryddig .... (hehe)

    SvarSlett
  5. Det blir jo knallbra:) Gleder meg til å se det ferdig! Er forhåpentligvis klar for kafe ganske snart. Har fått antibiotika i dag, så da håper jeg på rask bedring:) Klem til deg

    SvarSlett
  6. det ser ut til å bli kjempebra! me hadde ein oppussing light av vaskerommet for ei stund sida, og eg gledar meg óg til å stæsje det ferdig (må berre komme i botnen av vaske-, stryke-,legge på loftet-, reparere-haugane fyrst:) Har leita lenge etter sånne krukker til vaskemiddel, og no har eg akkurat funne to skjønne glasskrukker med lokk på bruktbutikken, hurra!! :)

    SvarSlett
  7. Spennende å pusse opp, regner med at vi får se noen bilder når rommet står ferdig og. Pusser opp vaskerommet her selv nå og så er godt med litt inspirasjon:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...