søndag 5. februar 2012

Svart og kvitt

Eg har eigentleg vore litt laber på interiørfronten i det siste. Ingen oppussingsprosjekt eller DIY-prosjekt på gang. Ingen interiørblader kjøpt dei siste 5-6 månadane og få turar innom fiine interiørbutikkar (det beste knepet for å unngå å kjøpe for mykje dill). Avogtil kan det vere nødvendig og godt med ein pause fra alt som har med ting å gjere. Det er tross alt ikkje det viktigaste i livet.





 Men i går måtte eg innom ein butikk(Kvist og Kvast)og då kjente eg at noko vart vekt til live i meg. Eg skulle berre kjøpe eit par bunter lammeullstråd, men kom ut med nokre ekstra småting. Som f.eks dette bandet med svarte og kvite striper. Knytta rundt ei flaske av resirkulert glas(ei tom dressingflaske) blir det ein fin vase til ei rose som har klart seg betre enn resten av buketten. Det skal ikkje meir til! Det var så mykje fint i butikken og eg kjenner at eg tilbake snarast mogleg (farleg det der).



Av andre ting som er svart/kvitt er i heimen kan eg nemne pianoet, ikkje stort meir :) (Har sett nokre TineK mugger eg gjerne kunne tenke meg). Likar trenden med litt meir svart/kvitt og grått innimellom alle pastellane. 








Håpar du har hatt ei fin helg. Her i heimen har me brukt tida ute i snøen, både utanfor huset og på fjellet. Mannen har fuga flisene på golvet i vaskerommet, som er under oppbygging i kjellaren. Gledar meg veldig til rommet snart står ferdig (skal vise bilder). I dag har me vore på formiddagsmøte i menigheten vår. Søndagsskule for barna og middag saman etterpå. Herleg. Så no er det beina på bordet og høg avslappingsfaktor.







Me bloggast;)

Klem fra Kristina

4 kommentarer:

  1. Kvist og kvast er en av flere fine butikker på Vikjo:) Men farlig å gå innom! Gjorde seg veldig med det båndet. Ofte er det ikke så mye som skal til! Vi skal synge med barnegospel kl 17, så nå må vi igang med å skifte:) En Velsignet god søndag til dere alle:) Klem

    SvarSlett
  2. tenker av og til på at eg savnar å gå rundt på Vikjo, var så koselige butikkar og kafear der! hugsar ikkje om kvist og kvast var der da men:)
    Bandet var kjempefint, og du er flink til å lage fine kombinasjonar av nye ting og ting du har fra før!
    god søndag! klem

    SvarSlett
  3. Kjekkt å snakka med deg idag:)må visst snart innom kvist og kvast snart!

    SvarSlett
  4. Vi har det litt på samme viset, Kristina! Ikke noen interiørblader her heller på leeenge, selv om jeg blir fristet :)
    Men du? Har du sett på biblioteket der du bor, om de har noen til utlån? På biblioteket her har de i hvert fall 2 av interiørbladene som jeg liker å lese:)
    Får ikke alltid kommentert her, men du skal vite at jeg leser alt, og synes det er veldig koselig å "følge med" dere! :)
    Klem fra Maria

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...