søndag 23. desember 2012

God jul!


"For et barn er oss født, en sønn er oss gitt. Herredømmet er på hans skulder, og Hans navn skal kalles Under, Rådgiver, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste."
Jesaja 9,6



 Eg vil få ynskja deg som er innom bloggen min ei fredeleg og god jul. 



Viser samstundes nokre bilder frå fredagens juletrepynting. Når golvet er vaska og treet er pynta, ja då senker julefreden seg. Det er verkeleg koseleg med jul og alt som høyrer med til denne fine høgtida.

Viktigast av alt er å hugse på kvifor me feirer jul. At Gud vart menneske og kom til jord som eit lite barn er jo heilt fantastisk. Født i ein ussel stall for å bli verdens Frelsar. I sangen ei krybbe var vuggen står det så fint:

"Fra krybba til korset gikk veien for deg, slik åpnet du porten til Himlen for meg"




Med alle gode ynskjer for jule- og nyttårshelga frå oss her nord i bygdo.


Klem



onsdag 5. desember 2012

K N E K K E B R Ø D

Eg veit eg er litt treig, men no har eg og hengt meg på knekkebrød-bølga. Tredje ladninga på kort tid, så eg kan vel sei meg litt hekta.





Ikkje akkurat noko tradisjonell julebakst :) Men jammen godt å ha noko sunt og fornuftig å tygge på i desse juletider. For nok av kaker og sukker blir det likevel.



I dag startar me julebaksten, og tradisjonen tru er det KAKEMENN som blir den fyrste sorten her i huset.

Takk for alle skjønne kommentarar. Det gledar meg.

Ønsker alle ein fin 5.desember.


Klem fra Kristina

tirsdag 4. desember 2012

Eit lite "hallo" her i frå

Ein travel haust er over og vinteren og førjulstida er i full gong. Koseleg tid. Massevis av stemning, leik og glede. Men også stress og kav, alt etter kor flink ein er til å prioritere.



Bloggen er blitt nedprioritert i takt med at eg har byrja å jobbe meir som sjukepleiar. No jobbar eg 75 % tredelt, og med tre barn i tillegg, er eg selektiv med kva eg bruker tida mi på. Det har vore godt med ein bloggepause. Både frå å skrive sjølv og å lese andre bloggar. Det er klart ein blir påverka av å lese det andre formidlar, så derfor er det godt med ein "faste" iblant. Fokus bort frå det materielle, tilbake til dei verdiane som betyr mest for meg. Redusere overforbruk, tenke meir miljøvenleg. Utfordrande, men noko eg kjenner gjer meg meir tilfreds.
Når ein går mykje heime er det fort gjort å bli for opptatt av korleis ein har det rundt seg. Me har SÅ mykje å vere takknemleg for. Berre så synd me ofte er blinde for det...



Jaja, litt bilder frå heimen blir det frå meg her i dag likevel:) Me har vore ute i skogen og henta inn juletre. Berre slike mini-grantre altså. Det store skal eg vente leeenge med. For i år får advent vere advent hos oss.



Søte små tre som skaper stemning i stova. Koseleg, enkelt og ikkje minst, gratis!



Eit lite glimt av stova, som er prega av leik/-er. Noko den i stor grad er før etter kl.åtte om kvelden. Heilt fint synest eg :)



Eg må berre me om orsaking til alle de som forgjeves har kikka innom bloggen min siste halvanna månaden. Takk for at de har tolmod med meg.

Adventsklem frå Kristina

søndag 14. oktober 2012

Å kor herleg det er...

... å kome seg ut på tur!



I dag fekk me oss ein fin skogstur ilag. Mammo laga hytte med ungane medan pappen fyrte opp bålet.


Når eg er ute i naturen ein slik fin haustdag kjenner eg at eg verkeleg lever. Dei gode lydane, friske lufta, det ekte og nære. Alt kjennes så godt. Det er akkurat som at ein kjem nærare dei personane ein er saman med òg. Ingenting som forstyrrer. Berre oss, ilag, ute i Guds frie natur.



Fammen samla rundt bålet. Pølser og pinnebrød slår aldri feil.





Kjekt at du tok turen innom bloggen min. 

Klem fra Kristina

fredag 21. september 2012

Gøy med maling!

Det er ikkje berre mammo i huset som likar å male (Dvs eg er aller mest glad i forandringa som skjer når ein maler noko)

Minstemann i huset blir veldig glad om malesaker blir sett framfor han.



Og når det blir for keisamt å male på arket...




...så prøver me oss på litt ansiktsmaling:)
Akkurat det var ikkje heilt etter mammas plan.



Hej då.

lørdag 15. september 2012

Pynta til haust

Inngongspartiet vårt har no fått litt haustleg preg. Lyng og Chrystathemum er favorittar hjå meg på denne årstida.



Denne gongen valde eg ein gul Chrystathemum. Eg er litt svak for sennepsgul fortida. Synest den er veldig fin å mikse med andre fargar, f.eks mint.



Den gamle gardintrappa likar eg godt. Den er fin å pynte med ulike lykter, blomar og anna.



Helleplattingen har mannen lagt i sommar. De fekk sjå den ferdigfuga halvdelen av den :) Resten står på vent. Det er ikkje mannen det står på, han har veldig lyst å gjere ferdig prosjekta sine, men det er travelt å vere småbarnspappa. I helga er han stort sett aleine med ungane medan eg er på jobb. Gode og flinke mannen min.




Eg vil ynskja deg som er innom ein god dag.


Klem Kristina

torsdag 13. september 2012

Strikka bolerojakke



Hausten er tida for strikking, hekling og anna småsyssel. Mitt første prosjekt er ferdig. Det vart ei bolerojakke til jento mi, strikka i deilig mjukt alpakka garn


 ♥


 ♥




Har du funne fram strikkepinnane dine?


Ynskjer alle som er innom ein fin dag.

Kristina

tirsdag 11. september 2012

10 dagar med sol...

...har gjort godt for kropp og sjel.



Eg er så heldig å ha ei svigermor som har hus i Spania. Den siste halvanna veka har me tilbragt i sol og varme. Eg har fortsått at me ikkje har gått glipp av så mykje medan me har vore borte, sånn vermessig iallefall ;)


Pappa lagar basseng i strandkanten.



Temperaturen låg på rundt 30 grader i skyggen. Heilt perfekt.



September er ei fin tid å reise til syden på. Det som er negativt er at ungane må ta seg fri frå skulen. Skulejenta vår fekk med seg ei reisebok som ho har skrive og teikna i medan me var der. Ho fekk lære seg nokre spanske ord, litt fakta om landet og ellers ført logg om kva ho har drive på med. Det er jo lærerikt det også ;) Så får me heller prøve å ta igjen det tapte på skulefronten.



Me reiste saman med foreldra mine, søstera mi med mann og baby og tvillingsøskena mine. Dermed vart me eit reisefølge på 12. Einsame har me iallefall ikkje følt oss :)




No er batteria lada og me er klare for hausten.



Kristina




lørdag 1. september 2012

Klar, ferdig...

gå!

Det er 1.september og me kan vel alle vere einige om at hausten er igong. Enten me likar det eller ikkje.



Eg for min del synest hausten er ei veldig koseleg årstid. Då får eg lyst til å finne fram strikketøy og krølle meg opp i sofaen med ein kopp varm te. Eller ta med meg resten av familien ut på tur i frisk haustluft. Fargane i naturen er jo berre nydelege på denne tida. Hausting av epler, plommer og andre frukter er også gode ting ved hausten.


Eit nytt kapittel byrjar. Sjølv om eg ikkje er student lenger kjenner eg på forventningar til kva denne hausten og dette skuleåret skal bringe. Gud har så mykje bra for oss, men så er det så lett å velge gå sin eigen veg. Då er det ikkje alltid det går like bra. Akkurat det har eg nettopp fått erfare (deler kanskje i eit seinare innlegg). Men heldigvis lærer ein av feila ein gjer. Mange trur at Gud er ein streng Gud med massevis av lover og bud om synd og skam. Eg opplever Gud som ein kjærleg Far som rettleier barnet sitt slik Han ser er best. Avogtil (eller kanskje ganske ofte) er barn opprørske, men pappaen elskar barnet sitt like mykje for det. Ubetinga kjærleik, det er det beste ein kan oppleve. 

Eg håpar du har ein god start på hausten.
Her blir det ein liten bloggepause, men eg er snart tilbake.

(Tusen takk til alle dåke som legg igjen ein kommentar. Dåke er så gode :)

Kristina

torsdag 30. august 2012

Nymalt krakk


Eg fekk lyst å prøve ein ny farge på malinga denne gongen. Olivengrønn vart det då.  






Krakken som eg kjøpte i eit dødsbu i vår, har fått seg ein liten makeover. Under lokket er det oppbevaringsplass. Ein praktisk og koseleg krakk synest eg. Men litt uvant å male ting i grønt, det må eg innrømme. Kan hende eg må fram med kvitmålinga om ei stund, men først gir eg Olivengrønn ein sjanse.


Krakken slik den var før eg fann fram malerkosten. Litt for shabby og slitt for min del.





Krakken står nede i gongen vår. Greit å ha ein plass å sitje når ein skal kle av og på ungar. 





Over krakken heng ei hylle med litt for mykje stasj på. Jaja, gjestene blir iallefall ynskt velkomen, og det er trass alt det viktigaste, at det er hjertevarme i huset vårt. Så får det heller briste å bære alt det som har med interiøret å gjere :)





Tusen takk for at du stakk innom nord i bygdo. Det set eg veldig pris på. I det siste har fleire folk frå nærmiljøet komt bort til meg og sagt at dei les bloggen min. Det synest eg er veldig gøy å høyre. Eg vil jo gjerne formidle noko gjennom bloggen og då er det kjekt at folk liker å lese det eg viser gjennom ord og bilete. Legg gjerne igjen eit spor viss du har tid, det blir eg så glad for :)

Klem frå Kristina

mandag 27. august 2012

Ein god sommar er over


Nokre glimt ifrå sommaren vår. 


      Leik og is på fotballbanen i Mandal.





Strandliv! Me fekk oss heldigvis 2-3 soldagar medan me var på ferie i Mandal. 







Ein tur i dyreparken vart det også. 





Sukker-kliss-klass-spinn. Nam-nam.
Det var tjukt med folk her denne dagen. Her satt me benka framfor Kardemommeby-forestilling. Det blir fort eitpar timar som går med i køståing ein slik dag. Men det er prisen å betale for å reise der i høgsesongen. Ungane hadde uansett ein toppers dag.


Eit av høgdepunkta for min del denne sommaren var innhaustinga av jordbæråkeren. 30 planter gav oss heile 20 kg jordbær. Søte, smakfulle bær heilt utan kunstige stoff. Glede.


Me har fått fleire fine turar saman med gode vener. Plukke blåbær, fange småfisk, grille pølser og berre nyte naturens gode gåver. Herleg. Dette er jo noko me i høgaste grad kan fortsetje med sjølv om sommaren er på hell. Eg håpar me kan få mange fine turar utover hausten. 





Ungar i leik ved sjøen. Fange krabbar, vasse og kose seg ilag. Om ikkje sommarsola har vore med oss kvar dag, så har me likevel fått mange gode sommarminner å glede oss over. 



Dette var berre nokre glimt ifrå sommaren vår. Det kjentes godt å mimre litt over dagane me har hatt og gjere seg sjølv klar over at me faktisk har hatt ein god sommar. Det håpar eg du også har hatt.


Kristina


onsdag 22. august 2012

Masker, synlege og usynlege

Å kor kjekt det er når mor tar seg tid til å gjere noko kreativt med ungane! Desse to var storfornøgde med maskene me laga her ein dag. Me brukte tjukt papir, tusjar, glitter, strikk og fjør, ja med andre ord alt slikt dill som barn berre elskar å drive på med.



Å kle seg ut er stor stas. Å lage utkledninga sjølv om mogleg endå betre.




Det er herleg med barn, dei er seg sjølv. Dei går stort sett utan masker på seg, og då tenkjer eg på meir usynlege masker, slike me meiner når me snakkar om å "kaste maska av". Barn griner når dei er lei seg, ler når dei er glade, gir trøst til dei som treng det... Dei bryr seg ikkje om kva andre tenker om dei, ikkje før dei eventuelt er blitt oppdratt til det.

Handlingane kan lett bli styrt ut av andre sine forventningar til oss. Ofte er det me sjølv som trur at den og den tenkjer at eg må gjere ting slik og slik. Kanskje har ein fått høyrt sårande ord i oppveksten som har sett spor, noko som gjer at me er redde for å utsette oss for det same igjen. Me tar på oss ei maske og prøver så godt me kan å leve opp til andre sine forventningar. Dette gjer oss slitne og delte som mennesker.

Gud ynskjer at me skal vere heile mennesker med integritet. Rakrygga og med føtene planta på eit solid fundament. Gjennom at Jesus har vist meg at eg er fullkomen i hans auge, skapt med ei hensikt og med eit mål, har eg fått hjelp til bli fri fra det som kan binde. Hos Jesus finn ein ubetinga kjærleik og ein treng derfor aldri vere redd for å gjere seg sårbar framfor han. Derfor er det befriande å søke Guds anerkjennelse og aksept istadenfor mennesker sin.

Heilt utan maske er eg ikkje. Det kan ofte vere fristande å ta den på. Særleg imøte med folk ein ikkje er heilt trygg på. Men eg er klar over den og vil helst få den av, fortast mogleg.

Men slike masker som dette er jo skjønne. Dei sprer liv og glede :)



Klem fra meg

mandag 13. august 2012

Lindesnes fyr

Heilt syd i Norge ligg denne vakre staden kor ein kan besøke Noregs eldste fyr. Me tok oss ein tur der medan me ferierte i Mandal, noko me slett ikkje angrar på. Lindesnes fyr er eit flott kulturminne og landemerke, og med nyleg oppgradering er det blitt eit flott turistmål.


 Medan me var der såg me nokon med store sekkar som byrja på ein 264 mil lang gåtur til Nordkapp. Den turen må ha tatt nokre dagar. Men heilt sikkert ei flott naturoppleving. Personleg ville eg føretrukke turen på sykkel, eller aller helst bil, skal eg vere realistisk nok :)


Meg og ungane framfor fyret som vart sett opp i 1915


I følge Wikipedia vart det første fyret på Lindesnes eller Neset, som det òg vert kalla, sett opp allereie i 1656. Heilt sidan middelalderen har denne staden vore ein av dei viktigaste landemerka for seglande mellom Nordsjøen og Østersjøen.


Me vågar oss opp nokre stupbratte trapper



Blått hav så langt du ser...


Me hadde ein fin ettermiddagstur ut her i havgapet. 













Norge har mykje flott å by på! Det er berre til å oppdage det.

Takk for at du kikka innom. Lenge mellom kvart innlegg her, så takk for at du har tolmodighet med meg.


Klem fra Kristina


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...