søndag 25. desember 2011

Fortsatt GOD JUL!

Ville berre ta ein liten tur innom og ynskje alle ei fortsatt god jul.



Bileta eg viser er fra julekrybba vårFor oss er dette med Jesu fødsel det viktigaste med heile julefeiringa. Det at Gud vart menneske og kom til jorda for å gi livet sitt i bytte for meg og deg, det er stort å tenke på. Då alt såg som mørkast ut og menneska eigentleg var fortapte kom Jesus til jorda. Slik er det ofte i mennesker sine personlege liv også. Når alt håp er ute er det ein som står for døra og bankar på, klar til å hjelpe. Det einaste Han krever er at me trur.


For nokre eit eventyr, for oss ein kilde til liv.  



Me har fine dagar saman med svigerfamilien. Håpar du også har ei god julefeiring.

Klem fra Kristina

fredag 23. desember 2011

Julekortbileter anno 2011

Alle julekorta er sendt ut i siste liten som vanleg og me har sett ny rekord for antal utleverte julekort. Det aukar for kvart år. Men me synest det er så kjekt å kunne sende ut ei personleg helsing til folk rundt oss. Ikkje alle kjenner me like godt, men godt nok til at me vil ynskje dei ei god jul!



Me synest også det er veldig kjekt å få julekort/brev. I år er julekort-haldaren vår sprengd (eit stort zink-hjarte). Hadde tenkt eg skulle fått ordne eit betre oppheng der alle korta kom meir tilsyne, men det får som så mange andre ting vente til neste jul. No skal me gløyme alt som ikkje er gjort og berre nyte dagane saman.



Nokre av bileta som vart tatt til julekorta våre. Vår herlege trio som me er så uendeleg glade i.


Dei fine strikkajakkene har flinka mammo mi strikka.



Jonas(3) Sara (6) og Benjamin (1)

♥♥♥
Ynskjer alle ei god litle-julafta

Klem fra Kristina



Du grønne glitrende...





Du grønne glitrende tre, goddag!
Velkommen, du som vi ser så gjerne,
med julelys og med norske flagg
og høyt i toppen den blanke stjerne!
Ja den må skinne,
for den skal minne
oss om vår Gud,
oss om vår Gud.

(Tone: Edvard Grieg.Tekst Johan Kroh)


I går fekk me pynta treet vårt og julestemningen byrjar å innta huset. Etter å ha vore inne med sjuke ungar siste dagane prioriterte eg i går kveld å ta meg ein heilt nødvendig luftetur. Ut. Frisk luft. Andre omgjevnader. Andre tankar. Utruleg kor godt det gjorde for sinn og skinn å gå ein tur i frisk kald vinterluft. Brått byrja eg å tenke på kor heldig eg eigentleg er. Tenk å få vere så priviligert! Bu i Norge. Ha ein god mann og herlege ungar. Alltid mat i huset. Treng ikkje fryse. Ingen alvorleg sjuke. Alle bagatellar om at eg ikkje har fått vaska ned kjøkkenet og ikkje har bakt alle sortane eg ville vart så små der eg gjekk. Eg kjende eg vart så glad og takksam. Eg ba og takka Gud medan eg trakk inn god og frisk luft. Det vart ein forfriskande tur. På alle måtar.


Eit av mine største førebileter ser du på veggen der. Min kjære mann. Han tenkjer alltid på andre fyrst. Ser han nokon som frys er han der og tilbyr dei låne jakken sin. Treng nokon hjelp til å byte bildekka sine er han ikkje sein med å svare ja. Både på jobb, her heime og ellers der han er ynskjer han å vise andre godhet og varme. 


Ein treng ikkje vere psykiatrisk sjukepleiar slik som mannen min for å vise omtanke til andre. Rett over gata sit det ein einsam mann. Litt lenger borti gata ein gut som ikkje har det så godt. Herre gje meg dine auge, så eg ser når andre har det vondt. Dette er mi og Ørjan si bøn for jula. Lat oss få bety noko for mennesker som ikkje har det så godt i desse dagar.

Klem fra Kristina

tirsdag 20. desember 2011

Dorull-nissar



Eg blir veldig inspirert av å lese andre kreative sjelers påfunn. Ei som eg tykkjer er veldig flink til alt mogleg er denne dama. Etter at ho viste fram sine søte dorull-nissar fekk eg lyst til at me kunne lage vår variant.




Ein søt liten nissefamilie har pynta opp i vindaugskarmen på kjøkenet vårt dei siste to vekene. Me fann ut at det måtte vere eit besteforeldrepar med sine to barnebarn. Men bestemødre no til dags har som regel ikkje grått hår. Denne her derimot går for den naturlege varianten. Det hadde ikkje vore det same med mørkelilla hår på ei nissekjerring :)


Litt mange juleverkstad-innlegg her i det siste. Det er rett og slett litt for min eigen del eg gjer det. Kjekt å samle saman idèar til neste års juleverkstader. Håpar jo også at det er nokon der ute som kan bli inspirert av det eg postar ;) ?
Takk for koselege tilbakemeldingar på dei forrige innlegga mine.


4 dagar att. Bruk dei godt :)
Klem fra Kristina (som har 2 sjuke ungar, er litt halvsjuk sjølv og prøver å heile tida tenke: det blir jul uansett. Mitt viktigaste oppdrag no er å få "the family five" friske til jul. Med litt ekstra omsorg og god pleie trur eg me skal klare det :)Mannen og gutane var på Høyland gard og kjøpte juletre i går. I kveld blir det juletrepynting, dersom formen tillater det. Det gledar me oss alle til 

lørdag 17. desember 2011

Aldri forseint....

.... å gjere ferdig eit prosjekt!



Denne tilda-nissen begynte eg på for 5-6 år sidan. Den har lege død i ei eske i alle dei åra, inntil i forgårs. Då fekk den endeleg eit fullverdig liv som nisse. Ein koseleg nisse synest eg. Akkurat passeleg nissete til at eg likar den veldig godt!

Herleg følelse når ein får gjort ferdig ting som har plaga samvitet i lengre tid!


Takk for at du kikkar innom bloggen min. Det set eg veldig stor pris på :)

Klem frå Kristina

fredag 16. desember 2011

Eit lite pip......

.... her i frå Nordbygdo. Travle tider no før jul har gjort til at bloggen har blitt nedprioritert. Men me lever i beste velgåande og nyter adventstida så godt me kan. Planen om å bli ferdig med julepresangane før desember gjekk absolutt ikkje i mål, så litt stress har det også blitt. Fekk litt hetta i går når eg tenkte på at det berre er litt over ei veke igjen til jul og samtidig tenkte på alt eg endå ikkje har fått gjort. Etter ein effektiv fredag har skuldrene senka seg bittelitt. Det blir jul uansett. Eg tenkjer at det gjeld å prioritere det som er viktigast. I kveld skal alle presangane pakkast inn. Ja for no er eg i mål,.... nesten. Den siste, som er den viktigaste, er alltid også den vanskelegaste. ♥ 



Adventskalenderen som består av ein aktivitet kvar dag har hjulpe oss (les meg) til å få gjort mange små kjekke aktivitetar med ungane. Slik som desse hjertene på biletet under, laga av raude treperler tredd på ein stålstreng. 
Engelen har eg laga på koseleg juleverkstad saman med veslesøstera mi og ei veninne. Kjekt med litt juleverkstad for oss store også.



Med inspirasjon frå andre bloggarar har me også perla snøkrystallar. Midt i blinken for Sara (6) og Jonas (3). Dei er veldig glade i slikt småputl.



Dette var det eg ville dele i dag. Håpar du har det fint i denne søte juletid ♥

Klem frå Kristina

torsdag 1. desember 2011

Advents-Tilda

Det er 1.desember og klart for adventskalender. Eg har i mange år tenkt at eg ville sy ein kalender og i år vart det endeleg noko av. Ein tilda-engel har fått seg ein heilt unik kalenderkjole, inspirert av dei fine maileg-kalenderane:)


Kvar dag fram til julafta vil advents-tilda gøyme på ein hemmeleghet i fyrstikkeska si. Det blir som oftast i form av ein lapp der det står noko kjekt me skal finne på den dagen, men det er ikkje fritt for at det kan snike seg med ein sjokolade, eller kanskje eit skattekart innimellom. I dag stod det på lappen at me skulle ha ein koseleg felles fruksot ilag, med kakao og heimelaga rundstykker. Det stod også at me skulle perle snøkrystaller ilag seinare på dagen.


Eg har vore litt bekymra for om ungane skal synast det er keisamt med ein slik aktivitetskalender, men eg har ikkje fått klage enno iallefall. Det vel kanskje me voksne som lagar oss slike unødvendige bekymringar...



Ynskjer alle ein fin 1.desember....og 2. og 3., til me bloggast igjen ;)

Adventshelsing fra Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...