tirsdag 29. november 2011

Resultat frå trekning

Eg må fyrst få takke alle og einkvar som har deltatt i trekninga. Kjempegøy at så mange ville bli med! Totalt 183 lodd fordelt på 83 personer. Eg nummererte kronologisk frå fyrste til siste kommentar og brukte random.org til å hjelpe meg med trekninga.



Og vinnarane er:

1.premie: Randi med bloggen "borte bra, men hjemme best"
  
Result:
106Powered by RANDOM.ORG

2.premie: Henriette med bloggen SNIKKERBUO
  21

Gratulerar til dåke som vant :) Og til alle dåke andre vil eg takke så mykje for deltagelsen.
Me bloggast;)KristinaPowered by
Powered by

Siste frist!

I kveld trekker eg vinnerane av min Giveaway, så har du ikkje meldt deg på må du skunde deg og gjere det no. Klokka 20.00 i kveld er det for seint :) Trykk her og kom til giveaway-innlegget.


Takk for alle engasjerte kommentarer på forrige innlegg. Ja eg er heilt enig med deg Kristin, la oss starte ein "ta adventstida tilbake" aksjon.

Ønsker alle ein fin dag 
Klem fra Kristina

søndag 27. november 2011

Tanker rundt jula



Eg reflekterer over jula om dagen. Kjenner eg ikkje heilt kan vere med på utviklinga som skjer. Den gamle gode jula er ikkje lenger å finne hos mange. Folk har ikkje tid til å vente inkludert meg sjølv.

Folk et juleribbe, pyntar juletre, finn fram all julepynt allereie før me har komen til 1.desember! Så er det tid for adventskalender. Mange får pakkekalenderar eller legokalenderar o.l og me tenker at dette gjer barna lukkelege. Har ikkje barn nok småting frå før? Bakar gjere me òg, men før julekvelden er komen er boksane tomme. Me har ikkje tid til å vente lenger! Adventstida (ventetida) finnes ikkje lenger. Me kunne like gjerne kalla det for "juletid". 



For ein generasjon og to sidan var det heilt anleis. Då var adventstida prega av forventning. Ein såg fram til julehøgtida og ein gledde seg til kaker, frukt, gåver og god mat. Då sette ein verkeleg pris på tinga! Eg hugsar godt eg syntes mamma var litt streng då ho ikkje lot oss ete av julebaksten før julafta, men jammen smaka dei òg godt når me fyrst fekk lov å ete. Er me blitt ein bortskjemd generasjon som ikkje har takla materiell rikdom? Eller er det berre det at denne generasjonen er så mykje meir glad i jula, og derfor vil me strekke den over lengre tid?



I Julekveldsvisa syng me så fint: "No har vi vaska golvet og vi har børi ved. Og vi har sett opp fugleband og vi har pynta tre....." Veit ikkje om denne songen er så beskrivande for mange heimar i Noregs land lenger. Dersom me ikkje er medvitne på det vil me sige med straumen, som daud fisk i vatnet. Og kven er det som jublar? Tenker nok at handelsstanden er godt nøgde. Då har dei klart målet sitt. Kanskje er det jul frå oktober om nokre år, kven veit. 




Eg vil tenke bevisst over korleis vår familie skal feire jul og kva tradisjonar eg vil gje barna mine. Det handlar jo også om barneoppdragelse midt oppi alt. Å lære barn å kunne vente på noko og glede seg til, synest eg er ein god ting. Det er berre så alt for lett, å velge minste motstands veg. 








Dette er ikkje meint som eit peikefinger-innlegg, for mange av tinga eg skriv om gjeld meg sjølv. Men eg kjende eg trong å sortere ut litt tankar kring temaet, og då er jo bloggen ein fin arena ;)

Kva tenker du om dette?

Alle bilder i dette innlegget er henta frå google

Lyset er tent!

"No tenner vi det første lys
åleine må det stå
Vi venter på det vesle barn
I krybba lagt på strå"




Ynskjer alle ein fin 1.søndag i advent!


Kristina

fredag 25. november 2011

Utfordring: Adventsstake

Det er helg, men ikkje kva for helst helg. Den fyrste helga i advent 2011 er igong og alle hjarter fryder seg Advent er ei veldig koseleg tid og me i vår familie gledar oss til dei komande vekene.

Adventsstaken er funnen fram og no ventar me berre på å få tenne det fyrste lyset. Dette er kjøkenadventsstaken vår som eg fann på eit lite antikvitetsmarked for eitpar år sidan. Betalte vel ein tiar for denne lysestaken som har levd eit tidlegare liv i Sverige.




Jul for meg handlar blandt anna om tradisjonar. Eg hugsar sjølv frå min eigen barndom kor koseleg det var når mamma fann fram adventstjerna og adventsstaken fredagen før fyrste søndag i advent. Gode assosiasjonar og minner frå tidlegare juler kom fram og me kunne glede oss mot nok ei gledeleg julehøgtid. Eg synes det er kjekt å kunne bruke den same julepynten år etter år litt utskiftingar blir det jo alltids.

Henriette og Helene med bloggen SNIKKERBUO gav meg puffet til å ta bilete av min adventsstake. Dei har nemleg ei utfordring gåande; vis oss din adventsstake! Ta ein kikk her og sjå dei andre bidraga.

Ikkje gløym min give-away. Berre fire dagar att til trekning. Har du ikkje meldt deg på allereie kan du gjere det her

Då vil eg få ynskje alle ei innhaldsrik og god helg!

Klem frå Kristina

torsdag 24. november 2011

Heimelaga kjøken på guterommet

 Det var vel no eg skulle vist fram bileter av ein adventspynta heim, men så langt er eg ikkje komen endå. Tradisjonen tru ventar eg til fredagen før fyrste søndag i advent med å finne fram adventsstaken (oops..det er visst i morgon allereie det)


Her i huset har omgongsjuka sett ting på hovudet dei siste dagane.
Eg og mellomsteguten er over det verste. Får berre håpe dei andre 3 slepp unna. Slikt eit besøk kan berre dra sin veg.



I mangel av julerelaterte innlegg viser eg nokre bileter av den gamle kommoden eg har laga om til eit lite kjøken på guterommet (med litt hjelp av min hjelsame mann. Kva skulle eg gjort utan deg kjære?)



Eit hundemat-fat er felt ned i plata. Kokeplatene er malt på og over der har eg hatt kontaktpapir (prøvde først utan men det viste seg å ikkje vere så smart, då malinga ikkje var vannfast) :)



På kjøkenet deira har eg samla ei salig blanding av nye og gamle små ting som skal gjere matlaginga deira koseleg. På ønskelista står frukt og grønnsaker, og andre "mat" leker. Gjerne i tre eller stoff :) (Dette siste var til dåke tantene som lurer på kva dei ønsker seg til jul).


Tallerkenhylla som hang på kjøkenet vårt tidlegare har komen inn her. Litt mindre enn den andre, men likevel stor nok til å romme det den skal. 


Medan eg leitar fram adventstjerna og vaskar på sengkler full av oppkast, håpar eg at du som les bloggen min har ein god dag.

Klem fra Kristina
Godt at slike bloggeklemmar ikkje er farlege på noko måte :) 



mandag 21. november 2011

Tallerkenhylle på kjøkenet

Me hadde ei tallerkenhylle på kjøkenet vårt, men den var for liten i dybden til at eg fekk plassert fata mine i den. Då eg malte kjøkenveggane fann eg ut at eg ville nytte høve til å byte om på tallerkenhyllene. Den som hang på guterommet var mykje bedre i størrelse og mål. Dermed har tallerkenhylla som tidlegare tente som bokhylle på gutane sitt rom komen inn på kjøkenet vårt.



Tallerkenhylla er malt i ein gråfarge litt mørkare enn veggen vår. Morgendis er namnet på den fargen. Veggen er malt med fargen Skagen. Hylla kjøpte eg brukt for 75 kr. Då såg den slik ut.


Endeleg har eg fått ein plass til dei fine gamle fata mine ♥


Knaggrekka under er veldig praktisk tå å henge kjøkenhandkler, smikker og andre nødvendige saker. Den er frå Hubsch. "Skittentøy"-posen er kjøpt på Kremmerhuset. Her havnar alle skitne smikker og handler/klutar før dei kjem vidare til vaskemaskina. Eg skal love deg at det sjeldan ser så ryddig ut i denne delen av rommet. Her blir fort ein samlestasjon av tomflasker, papp og papir (som eg samlar i den kvite papirposen) og  andre ting som skal vidare.



Det nærmar seg advent med stormskritt. Denne veka må eg prøve å bli klar til å gå advent i møte. Ei herleg tid, så lenge ein klarer å unngå å stresse for mykje. Det er mitt største mål, å prøve å førebu jul med kvilepuls! Er du godt i gong med juleførebuingane?

Ha ein fin mandag :) 



Klem frå Kristina

fredag 18. november 2011

Eit år er gått...

...sidan me vart velsigna med ein liten skatt.


18.november 2010 kl 11.47 fekk eg for fyrste gong kjenner din hud mot min. Fantastisk augneblikk som eg aldri kjem til å gløyme. Like uforgløymeleg som då dine to søsken vart fødd.


Hentesettet strikka eg av nøstebarngarn. Oppskrifta fann eg også hos dei. Eit sett eg brukte lenge og vel. Kan anbefalast.


Trekløveret vårt som me er så uendeleg glade i 



Gratulerar med 1 års dagen din i dag Benjamin. Du er solstråla vår du :)


Håper alle der ute har det bra (kanskje ein smule overfladisk sagt?:) Ikkje så mange blogginnlegg frå meg i det siste. Kjem nok sterkare tilbake om litt. Har nokre småprosjekt eg skulle vist dykk. 

På gjensyn!

tirsdag 8. november 2011

DIY seglebåt

Eg får stadig nye ideàr som eg har lyst å prøve ut. Mange av dei blir med tanken og nokre få blir realisert. Her er eit av dei. Seglebåt av bogskinke-boksar! Eg elskar å lage noko fint ut av ting som ellers ville hamna i boset. (DIY=Do it yourself).


Obs! Her kjem eit lite bilderas:












Dette er ein aktivitet som også egnar seg for barn, men kanskje ikkje dei heilt minste. Dette treng du av utstyr:



  • Bogskinkeboks
  • Maling 
  • Blomsterpinner str 7 mm (eller andre egna pinnar)
  • Spiker og hammar 
  • Papir med fine mønster (eventuelt stoffrestar)
  • Lim
  • Lita sag
Framgongsmåte: Mal eller spray boksane, 2 strøk. Sag pinnane i rett storleik (ca 15 cm) og mal dei kvite. Velg eit punkt der du vil at masta skal stå og spikre eit hol fra baksida og gjennom "golvet" i båten. Bruk deretter ein heilt liten spiker (minste type) og spikre den fast i masta/trepinnen ved at du spikrer den på bak i frå (som vist på biletet). Ta litt lim nederst på masta før du spikrer den heilt på plass. Eg tenkte fyrst eg skulle bruke skruar, men fant ingen som var små nok. Det ville kanskje gitt eit endå stødigare resultat. Klipp vimplar i ulike mønster og lim på. 



Desse skal nok etterkvart få pynta opp på barneromma. Må berre ta ein skikkeleg ryddesjau der inne fyrst. Ja for desse båtane her egnar seg best til pynt, eller iallefall varsam leik :)






Dette innlegget posta eg fyrste gong i nov 2011. Repriseinnlegg med andre ord.

Du kan no og fylgje meg på Instagram om du vil. Du finn meg på @nordibygdo

Kristina

lørdag 5. november 2011

Bevar ditt hjerte...

..framfor alt du bevarer,



for livet utgår fra det.


Desse fine orda som er henta frå Bibelen har blitt eit slags motto for bloggen min.

For meg er det viktig å heile tida kjenne etter kor eg har hjarta mitt. Kva som betyr mest for meg og kor eg vil investere tida mi. Ein kan lett bli så oppslukt av alt som har med interiør og materielle saker å gjere. Derfor treng eg minne meg om dette her...å bevare hjarta mitt.


I dag hadde eg lyst til å minne deg på det også. Kjenn etter kva som gir livet meining og invester tida di der. Ikkje berre følg straumen og gjer det same som alle andre. Våg å velge anleis. Våg å kjenne etter kva hjarta ditt seier. Det vil du ikkje angre på.


Takk til alle som har meldt seg på giveawayen min og hjarteleg velkomen til nye følgarar. Bli med på giveawayen ved å trykke her (eller du kan sjå på forrige innlegg:)

Ynskjer alle ein strålande laurdagskveld :)

Kristina



torsdag 3. november 2011

Nye trekk på kjøkkenstolane

Kjøkkenstolane våre har endeleg fått seg nye trekk. Dei var både slitte, skitne og stygge å sjå til. Når eg skulle velgje nytt stoff måtte eg tenkje praktisk. Med tre smårollingar som stadig sutlar og sølar må eg har noko som lett kan haldast reint. Men så vil eg jo gjerne at det skal vere fint å sjå på òg. Løysinga vart akrylduk. Den er lett og formeleg samstundes som flekkar og matrestar er lette å få bort. 

Her kan de sjå korleis stolane var før (t.v) og korleis dei vart etter (t.h):








Litt fleire bileter frå kjøkenet vårt...
(Det manglar endo eit strøk med kvitmaling i taket, derfor heng malingsteipen fortsatt på...)





Eg har lyst til og male tripp-trapp-stolen. Kanskje i ein lys blå- eller grønfarge. Nokon som har tips til kva maling eg bør bruke til det? 


Eg brukte stiftepistol kjøpt på Biltema då eg trakk om stolane. Veldig enkelt. Her kan de sjå litt korleis eg gjorde det.





Kjekt med litt forandring og godt å få gjort ting ein har tenkt lenge på at ein skulle gjort. No kan eg krysse av ein ting til på "skulle vore gjort" lista mi. Den byrjar bli ganske lang no i desse førjulstider ;)



God torsdag til deg som er innom!
Kristina






Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...