fredag 28. oktober 2011

Nymalt kjøken

Eg har lenge hatt lyst til å male panelveggane på kjøkenet og for eit par veker sidan kom malelysta over meg. Eg har malt taket og fann ut at eg like godt kunne hive meg på kjøkenveggane når eg først var i gong. 





Marakesh heiter fargen me hadde før. No er veggane blitt lysegrå med fargen Skagen. Eg må seie meg godt fornøgd. Meir lys og meir harmoni i fargane. Ein av grunnane til at eg ikkje likte Marakesh var at eg syns fargen kolliderte med benkeplata i eik og eikeparketten på golvet. No framhever fargen på veggen det gyldne eiketreverket istadenfor å konkurere om oppmerksomheten.





Under kan du sjå korleis kjøkenet såg ut før,og for å sjå fleire bileter kan du trykke her.


Eg håpar og trur at eg no blir varig fornøgd med fargen på kjøkenet. Eg har ikkje tenkt å male dei annakvart år framover nemleg. Mange som er innom kjøkkenet vårt skjønnar ikkje kvifor eg orka bruke tid på dette, men for meg som lever her betyr det ein del. Ein skal like dei fargane ein omgir seg med. Det er ein viktig trivselsfaktor. Samtidig er det fint å kunne vere fornøgd med slik ein har fått det og ikkje stadig jage etter noko nytt og finare. Det er jammen ein utfordring, særleg her inne i blogglandia.


Det er så rimelege roser å få kjøpt på daglegvarebutikkane fortida. Fine er dei òg synast eg. Desse kjøpte eg med meg på Rema for 39 kr og dei har lyst opp på kjøkkenbordet vårt denne veka. Jammen trur eg dei held seg ut helga òg :)



No må eg gjere resten av helgereingjeringa for seinare i dag får me koseleg besøk av ein familie på fem (snart seks :). Huset blir ikkje strigla, det viktigaste er felleskapet når me kjem saman. Dele tid og hjerter. Berre vere saman og kose seg ilag. Det er verdifullt!


Klem fra Kristina











torsdag 27. oktober 2011

Hinderløype i stova


Regnversdagar har me mange av her på vestlandet. Ut på tur, aldri sur. Det finnes ikkje dårleg ver, berre dårlege kler. Ja, eg veit alt det der, men alikevel er det ikkje kvar dag eg er like motivert for å gå ut i øs pøs. Men så veit eg jo kor viktig det er med fysisk aktivitet for barn. Kvifor ikkje likegodt lage til ei hinderløype inne?








Dette har me gjort eit par gongar, til ungane sin store fornøyelse. Me satte ut stolar, krakkar, bord, puter og andre ting me hadde for hånde. Vart så einige om kor me skulle klatre over, under, sikksakk, stupe hovudkråke, og med ein startstrek, eit mål og ei mamma med stoppeklokke vart dette ein kjekk og aktiv inneaktivitet. Løypa gjekk frå stova, gjennom kjøkkenet, ut i gongen og tilbake til stova.  Slik fekk ungane ut litt energi denne dagen. Andre dagar må me som regel ut ein tur. Det er godt med frisk luft og fritt spelerom, men nett denne dagen tok me trimmen inne. Det går også an ;)







Vil også nytte høve til å ønske nye følgarar velkomne. Tenk at eg no har fått 50 faste følgarar! Eg kan ikkje anna enn å seie tusen takk til alle de som tar dykk tid til å lese det eg skriv. Set stor pris på kvar og ein av dykk.

Ha ein fin dag allesaman ♥

Klem fra Kristina





onsdag 26. oktober 2011

Blad på ein streng

Enkel haustpynt




Mellomsteguten vår har 60 % plass i barnehage, og i går då eg kom og henta han låg denne søte kreasjonen i hylla hans. Haustblad tredd inn på ein stålstreng. Enkelt og veldig fint synast eg. Og med ei sløyfe på toppen blir den ekstra søt. Ser for meg kor konsentrert han har vore medan han har halde på med dette :) Guten min likar faktisk godt å sitte og putle med småting. Han kan sitje lange stunder og kose seg med perling til dømes. Herleg synast mamma :) 


Sjølvsagt er ungane også i mykje aktivitet, og det må dei også få lov til å vere. Her ein dag då det regna så fælt og mammo ikkje var så motivert for å gå ut, laga me likegodt til ei hinderløype i stova og på kjøkenet! Tok nokre bileter som eg vil vise dykk ein anna dag.

Ha ein nydeleg haustdag allesaman. Her skin sola og dei vakre fargane kjem endeleg til sin rett. Vakkert!

 

Kristina

fredag 21. oktober 2011

Jeg og mitt hus...



...vi vil tjene Herren!





Dette fine skiltet fann eg på ein butikk som det etterkvart har blitt tradisjon å ta ein tur innom når me reiser sørover. Den ligg ved bensinstasjonen i Moi og heiter "Den franske landstil". Dei har også nettbutikk.
Skiltet måtte bli med meg heim av to grunnar; Det eine er at det er fint å sjå på, det andre er at teksten passar godt inn i vår familie. Me vil tjene Herren med liva våre. Han har elska oss først og derfor vil me elske Han tilbake. Dette føles ikkje som noko offer, berre ei stor glede. Vanskeleg å skildre med ord. Denne nydelege sangen fra Impuls seier litt om kva livet med Gud handler om:




Have a blessed weekend!


Kristina









torsdag 20. oktober 2011

Et barn er et lite menneske


Eg slenger meg på fotokonkuransen som www.oyeblikk.net har denne veka. Temaet er "Et barn er et lite menneske" og mange fine bidrag er med. Fristen går ut i dag, derfor blir det to innlegg frå meg på same dagen (sjeldan kost her i gården).


Mitt bidrag er eit bilete eg tok i sommar då me var på sommarferie i Kristiansand. Dette er vår herlege sjarmør som saman med sine to søsken fyller dagane våre med så masse latter og glede.

Stikkord for biletet er:
-Ketchup rundt munnen
-Piknikk på standa 
- Sommar og sol
-Glad og fri





Eg likar så godt det skøyeraktige utrykket i ansiktet hans. Barn har ei fantastisk evne til å utstråle glede. Det at haka er full av ketchup bekymrar han ikkje det grann ;)


Kristina

Kunst av skrukorkar

Frå no av må du slutte å kaste skrukorkar frå melke- og juicekartongar. Iallefall viss du vil gjere det same som oss. Me har i lengre tid samla på desse og no har det blitt kunst ut av det.


Ungane i heimen har fått utfolda seg med maling, lim og skrukorkar. Eg likar prikkete ting. Og slik starta det. Kjøpte inn rimelege lerret på Europris som ungane fekk male. Korkane vart dyppa i lim som eg hadde på eit te-fat. Kjekt å lære ungane at det går an å lage noko fint (i større eller mindre grad) av ting som ellers hadde hamna i bosset.


No heng bileta utstilt i gangen mellom soveromma våre. Eldstejenta på 6 laga ein hest. 3 åringen laga kunsten på sin måte. Og den vesle blå laga mammo sjølv. Den vart etter hennar smak :)










Skulejenta vår er glad i alt som har med maling, teikning og anna hobbysaker å gjere. På rommet hennar heng ei rame med ei lita kleklype i som stadig får nytt utstillingsmateriale (produksjonmengda er stor). 



Maleriet som heng der no synast eg vart veldig kreativt og fint. Dette vart til i haustferien, medan mammo malte kjøkken (!), J var i barnehagen og vesleguten sov. 


Kanskje viser eg bileter av mine siste maleprosjekt også ein dag...

På gjensyn!
Kristina

mandag 10. oktober 2011

Nostalgisk gyngehest

Eg har tidlegare ropt høgt om at eg har kjøpestopp, men i dag må eg meddele at eg har brutt løftet mitt. Då eg såg denne gyngehesten på bruktbutikken i dag var eg solgt. Og når det i tillegg var halv pris på alle varer var eg ikkje i tvil. Denne søte gamle gyngehesten måtte få bli med heim til Nordbygdo.





Det er nok ikkje slik at eg heilt klarar lovnaden min om å berre kjøpe dei aller mest nødvendige tinga me treng for å overleve. Men eg har blitt mykje flinkare til å tenkje over om eg eigentleg treng det eg står og ser på og vurderer å kjøpe. Har også blitt flinkare til å unngå å dumpe innom interiørbutikkar utan eigentleg å ha eit ærend der. Kjem som regel ikkje tomhendt ut igjen...




Eg veit ikkje om det er ammetåka eller berre det at hukommelsen sviktar som gjer at eg kan gløyme noko så fint. Desse fugleknaggane frå Kremmerhuset kjøpte eg meg i sommar. Fann dei plutseleg att her ein dag. Lukke for meg. Måtte henge den opp med ein gong. Den vesle koppen med blå blomar fekk eg av besteforeldra mine då eg var liten. Kjært minne.





Ønsker deg ein god og triveleg dag :)


Klem frå Kristina  

fredag 7. oktober 2011

Me ♥ S0510-B10G

I dag har eg fornya nokre småting med denne skjønne lyseblå fargen, som også har eit snev av turkis i seg. To blomsterpotter  vart nye med nokre strøk maling med denne nummerkoden.




Vips så fekk eg meg litt "nytt" til å pynte med utan å bruke pengar.



På hylla sit ein tilda-engel som ventar på å bli ferdig.

Slik såg pottene ut før:





No har dei fått plass i kvarsitt vindu på kjøkkenet.



Ein liten gut har klart å snike seg med på bildet. Med vatn på kanna er det kjekt å leike ute.








Ellers så går ikkje alt som det skal på bloggkontoen min fortida. Eg får tildømes ikkje kommentert hos andre bloggarar, berre nokre få, og eg må stadig logge meg på på nytt. Kjedelege greier. Har prøvd å byte nettlesar til fire-fox, men det nytta ikkje. Nokon som har tips om kva eg må gjere?


Då vil eg ynskje alle ei god god helg ♥

Klem K

torsdag 6. oktober 2011

Barnestolar i ny drakt og litt frå guterommet

Barnestolane kjøpt på Ikea har fått seg ein liten makeover. Bort med dei skarpe fargane og fram med dei sarte pastellane.
Lysegrønn og lilla. Ein kombinasjon er likar godt.





Slik såg stolane ut før:
(den oppmerksame vil hugse at eg har vist dei grøne stolane ein gong tidlegare).



Bordet, som far min snikra som liten gut, og dei fire stolane står no på guterommet. Ein gamal skuleplakat pryder veggen over. Ungar kan vel også setje pris på kunst når dei er på kafe`? :)




I dag var det minsteguten og bamsane som sat tilbords (med mammo tett vedsida av). T-fat og eggeglas frå fretex fungerer fint som servise.




 

Mammo fekk også smake.



Min vesle skjønning er ingen baby lenger. Tida fyk og eg blir igjen minna om kor dyrebare dagane er.

Synes dette sitatet er så fint, men også litt vemodig og alvorleg:

Ikke visste jeg at de dagene som kom og gikk, de var selve livet...

Når ungane sutrar, masar og krever er det så lett å bli sint, irritert og lei. La meg då ha dette sitatet friskt i minnet og prøve å snu sorg til glede istadenfor å resignere. Det er godt å ha ein god og kjærleg Far i himmelen som hjelper meg å takle livet. Han gir meg styrke til dagen og hjelp til å sjå ting i eit betre perspektiv.



Og med slike herlege smil fra sin eigen litle godgut kan eg ikkje anna enn å seie at:

Livet er godt

Eg håpar du kan seie det same


Kristina

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...