tirsdag 20. september 2011

Gamal barnebok på veggen

I sommar fann eg ei koseleg gamal bok på bruktbutikken. Boka er ei skulebok frå 60- talet og inneheld mange små historiar, dikt og eventyr. Perfekt kveldslektyre for jenta mi på 6.

Eit par sider av boka er ofra. Dei heng no på veggen på kjøkkenet. Synest motivet og diktet var så koseleg.


  ...Ingen kan salte poteter som jeg...







 Godt brukt :)




 Resten av diktet heng i ei rame under.




 Her skin sola i dag, herleg.
Ha ein fin dag.


Klem frå Kristina




onsdag 14. september 2011

Eføykrans

I hagen vår har me mykje viltvoksande eføy. Eg er glad i eføy og tenkte derfor eg ville prøve å lage meg ein krans av dei. Fine til å pynte med både inne- og utandørs.




Eg spraya eføykransen med blank spraymaling i håp om at den då vil halde seg lengre. 



Her heng den på hylla nede i gangen vår.


Men tilslutt hamna den på innsida av ytterdøra.



Ellers så har eg litt problem med blogger om dagane. Innlegga mine blir ikkje oppdatert i blogglisa, verken hos meg sjølv eller følgarane mine... hmmm... Nokon som veit kva eg må gjere? Andre med same problem?

Håpar du har ein god dag ♥

Klem frå Kristina

Mitt kjæraste møbel



 Pianoet er det møbelet i heimen vår som ligg hjarta mitt nærast. Eit PETROF piano som eg kjøpte brukt for 5 år sidan. Utsjånadmessig er det ikkje så mykje å skryte av, men lyden og klangen i intrumentet er eg veldig nøgd med.

Pianoet gir oss mykje glede. Her sit eg med ungane på fanget og spelar barnesongar. Eller så spelar eg og ungane dansar på golvet. Kvardagsgleder

Eg byrja tidleg å spele piano på kulturskulen og det har blitt mykje øving oppover åra. No om dagane blir det lite av den systematsike øvinga. Derimot frå eg nyte godt av det eg tidlegare har lagt ned i tid ved pianoet. Slik er det med mange ting i livet. Investering er ein god ting. Så gjeld det berre å investere i dei rette tinga :)

Ynskjer deg ein god dag.
Klem frå Kristina

mandag 12. september 2011

Haustlege sysler og veggskap før/etter







No når det er haust likar eg å gjere ulike haustsysler.
Haust for meg handlar om innekos med ein kopp varm kakao og eit hekle/strikketøy. Turar i frisk haustluft der ein kan sjå dei vakre fargane i naturen høyrer også med (men når det striregnar heile tida er det ikkje fullt så kjekt). I år har det også blitt tid til litt sortering og rydding i ulike skap og skuffer. Litt ommøblering vart det også. Kommoden i gangen vart flytta inn i stova og veggskapet fekk plass over. 




Dette kjøpte eg på finn.no rundt årsskiftet. Eg betalte vel 500,- for begge deler. I sommar vart det malt kvitt (kommoden lys grå) og no har det endeleg funne sin plass.

♥ 

 Eg har som sagt innkjøpsstopp på unødvendige ting fortida. Då er det ekstra kjekt å få gåver. Dette fine hjarta med to lys og ein liten vase fekk eg av søte Kristin som var på besøk hos meg på fredag. Kristin skriv bloggen Familiegleder og det var slik me vart kjend. Set utruleg stor pris på alle dei fantastiske menneska eg møter gjennom bloggen, og ekstra stort når ein også kan bli venner på "ekte". Då føler ein at blogging har verdi ♥






Tilslutt eit før bilete av veggskapet (beklagar dårleg bildekvalitet). Eit heilt ordinært veggskap som med litt kvitmaling har heva seg eit par hakk utsjånadmessig.


Vil ynskje nye følgarar velkomne. Håpar de vil trivast ♥ Vil også takke for alle dei skjønne kommentarane de legg igjen. Det gjer det ekstra kjekt å skrive blogg :)


Klem frå Kristina

søndag 11. september 2011

Dette skulle naboen kaste, del 2

Eg har tidlegare lova å vise meir av tinga eg fekk berga fra å bli kasta i sommar. Her kjem det endeleg nokre bileter. 


To blå blomsterpotter har funne vegen til vegghylla i kjøkkenstova vår. Her står dei fint saman med andre blå detaljar. Litt sånn bestemoraktige og samtidig litt retro. Eg likte dei iallefall så godt at eg ville ta dei med meg inn i stova mi :)




To korger vart også med meg inn. Fine til å ha strikketøy, leiker eller andre ting i. Eg likar veldig godt slike korger og andre ting som har naturelement i seg. Synes det gir interiøret eit meir levande og lunt preg, særleg no om hausten. 








Det vart litt mange bileter av same motivet, men eg måtte berre ta med dette siste her. Denne nysgjerrige godingen er overalt om dagane, så det var ikkje lett å unngå å få han med :)

 Det finnes ikkje så mykje naturelement i min heim enda, men eg har veldig lyst å hente inn litt no i haust. Kvifor ikkje nytte seg meir av det som finnes i store mengder utandørs? Det er så mykje fint ein kan lage av t.d lyng, bjørkeris, eføy og andre kvistar & kvastar. Ei som har laga ein veldig fin krans av lyng er BK med den koselege bloggen HOS OSS I NØKKELDALEN. Klikk her for å sjå.


Når det gjeld "fangsten" frå i sommar har eg endå nokre ting eg vil vise dykk. Dei er i litt meir retrostil og må derfor få sitt eige innlegg :)
Ynskjer deg som er innom ei god helg.

Klem frå Kristina 





fredag 9. september 2011


Tirsdag denne veka sovna Vegard inn, berre 19 år gamal. Vegard, som er mannen min sitt søskenbarn, vart hardt skadd i ei trafikkulukke i Romania i sommar. Han var på misjonsreise saman med ein gjeng frå Ungdom i Oppdrag då det ufattelege skjedde. Medan han og nokre andre i gruppa var saman med rumenske ungdommar og spelte fotball, skulle Vegard springe etter ballen som vart sparka ut av banen. Dette kosta han livet.

Vegard var ein fantastisk flott gut! Han strålte omsorg  og brydde seg om folka rundt seg. Han var ein bevisst ung mann og hadde bestemt seg for å leve livet sitt for Jesus. Han hadde planar om å reise til Australia for å gå på Hillsong sin bibelskule til hausten. Han ville så gjerne at fleire skulle få høyre om dei gode nyhetene og bli kjent med Jesus.

Me sit att med mange spørsmål etter dette, og alt virkar meiningslaust. Eg vel å gå til Gud med alt. Både tru og tvil, det eg forstår og det eg ikkje forstår. Og så vil eg hedre Vegard sitt gode minne med å gjere det som han hadde som mål for livet: Leve for Jesus! Han er lyset som skin i det djupaste mørke. Han er vegen, sanninga og livet ♥

Våre tankar og bøner går no til familien hans; mor, far og tre yngre søsken, som har mista sin kjære son og bror.

Tilslutt ein sang som vart veldig fin for meg her i kveld. Den talte så fint om akkurat det som handlar om tru og tvil i ein vanskeleg situasjon.
Ikke en spurv til jorden


Ikke en spurv til jorden
uten at Gud er med.
Ikke en sjel mot døden
uten hans kjærlighet!
Ikke en blomst er visnet,
ikke en tåre falt
uten at Gud vet om det,
han som er over alt.

Tro det når stormen herjer
bladløse vintertrær!
Tro det når brenning bryter
over de nakne skjær!
Tro det når ubeskyttet
midt i en kamp du står.
Tro det når helt alene
du med en smerte går.

Tro det når noe brister
uten å vokse frem.
Tro det når noen mister
det som var alt for dem!
Tro det når håp går under
uten å reise seg:
Ikke en spurv til jorden!
Det er et ord til deg. 
 
Tekst: Ingeborg Prytz Fougner. Melodi: Sigurd Lunde 

Eg er snart tilbake med eit innlegg eg tidlegare har lova å komme med. Denne hendinga har naturleg nok tatt fokus bort frå andre perifere ting i tilveret. Men livet går vidare og det kjem derfor nye innlegg her i frå meg om ikkje så lenge.

Ta vare på dagen i dag, den er dyrebar ♥

Klem frå Kristina



tirsdag 6. september 2011

H A U S T














søndag 4. september 2011

Dette skulle naboen kaste, del 1

I sommar hadde naboen opprydning i huset sitt. Eller det vil seie at barnebarnet (vaksen mann) rydda ut av bestemora sitt hus. Då eg såg containeren vart plassert i hagen og allslags gamalt skrot (les: skattar) hiven ut frå huset, var eg snar med å melde mi interesse.

gamal blåbærplukkar og høyang kaffikjele

"Er du sikker på at ingen i andre i familien er interisert i noko av dette?" Spurde eg. "Niks" "Ta alt du vil ha", svara vår nyinnflytta nabo. "Eg har spurt dei andre i familien, ingen er interisert." Plassmangel var det store argumentet.






Men der det er hjarterom er det husrom! Hos meg er det stort hjarterom for gamle ting. Dette er noko av det eg var så heldig (etter mitt skjønn) å få med meg heim.



gamal hjulvisp, dørslag(?) og høyang halvlitermål


"Det gjeld å vere om seg og for seg, for å få noko i seg og seg" er eit ordtak Besta mi pleier å sitere. Og det er sant. Hadde ikkje eg hatt augene med meg ville alle desse fine tinga vore gjømd i ein bosshaug no!








Viser meir av godsakene i neste innlegg.


Ha det fint så lenge :)

 ♥

Kristina

lørdag 3. september 2011

Tager hva man haver...

Ting som ikkje står på må ha lista får ikkje bli med meg heim frå butikken no om dagane. Ettersom de skjønar frå innlegget mitt verdival er me no nødde til å tenke økonomi i større grad enn før. Ingen fleire unødvendige interiørnips på ei god stund og heller ikkje for mykje unødvendige bruktkjøp (det blir pengar av det òg).


 Dermed må kåno bruka det ho har og gjere det beste ut av det. Eigentleg oppleves det ganske befriande å sleppe å i det heile tatt vurdere nye innkjøp. Iallefall så lenge eg sit heime og er langt borte frå høstnytt i butikkane. Eg må berre ikkje våge meg innom lekre interiørbutikkar på ei god stund, då er eg solgt!



Dermed driver eg no å flyttar rundt på ting. Her om dagen fekk eg fornya litt i trappeoppgongen vår. Hylla i trappa er ei skikkeleg støvehylle, men også ei kjekk utstillingshylle i høgde over det ein barnearm kan nå. Litt småforandringar vart det. Noko vart tatt bort og nokre saker eg hadde i stova før fekk kome ned her.



Klokka som eg kjøpte i Spania fekk endeleg kome til sin rett. Den har aldri heilt funne plassen sin i stova, men her synes eg den passa betre inn i fargane. Klokker er ein ting eg er veldig svak for. Måtte derfor også få ei klokke på bloggen ;)

 Eg har laga eit innlegg om trappehallen vår før, trykk her for å sjå korleis det såg ut då.  


Trappa vår er i heiltre eik og laga av onkelen min sitt trappefirma Hafrsfjord Tre, som held til i Sandnes. Firmaet lagar flotte kvalitetstrapper i mange ulike stilar og prisklasser. Ta ein kikk på heimesida deira ved å trykke her.
Eg vurderer å male håndrekka langs veggane kvite. Tenker dei kanskje da vil skli bedre inn i interiøret, sånn reint fargemessig.




Så ta fram det du har, bytt litt om på plasseringa av ting og tang, og gjer som meg:  
bruk det du har! 

God helg til deg som er innom 

♥ 

Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...