mandag 29. august 2011

Verdival

I haust har me i vår familie tatt eit verdival. Mor i huset blir heimeverande for ei tid og familien må klare seg med ei inntekt. Økonomisk sett er dette lite lukseriøst, men me føler oss likevel rike på ein heilt anna måte. Ved at eg får vere heime med ungane får heile familien ein mykje rolegare kvardag og ein unngår det verste stresset. 




Det er mykje å seie om denne saka, og eg er ikkje imot barnehage, men nett no følger eg rett og slett morshjarta mitt heilt og fullt. Eg leverte mellomste guten vår i barnehage då han såvidt var fyllt 1 år. Han er no blitt tre, men eg hugsar enno kor fælt det var. Eg legg ikkje skjul på at eg meiner dei minste barna har det best heime sine fyrste leveår. 

Eg forstår at det for mange er vanskeleg å leve på ei inntekt. I vårt tilfelle har me ei leigeinntekt som hjelper oss litt. Men det handlar også om prioritering. Pengar blir bytta mot tid, overflod mot nøysomhet. Dei ekte verdiane i livet kjem meir tilsyne og materalismen blir dempa. I tillegg (og kanskje mest av alt) trur me det er god investering i barna våre si framtid at dei får oppretta ei trygg og god kontakt med foreldra sine. Det er skremmande å tenkje på kor mange timar mange barn er i barnehage pr veke, men det er dette som er politisk korrekt og mange tenkjer ikkje over at det finnes eit alternativ. Eg skriv ikkje dette for å ta nokon eller gi dårleg samvit. Kan hende det er nokon der ute som vurderer det same? Då kan eg opplyse at det finnes nokre goder for oss som er så "gammeldagse" at me velger å "stå heime ved kjøkkenbenken":). Kontantstøtta har me heldigvis framleis i behald, det hjelper på. Ein får også rett på pensjonspoeng når ein er heime med omsorg for barn. I tillegg slepp ein barnehageutgifter og i vårt tilfelle også SFO utgifter. 


Dermed er det ikkje svart/kvitt økonomisk sett slik mange trur, men det er likevel dei verdimessige grunnane som veg tyngst i vårt val. Tid med barna får ein aldri att. Tid til å jobbe og tenkje karriere kjem fort nok.

No er valkampen i full gong og om to veker er det klart for kommuneval. Då veit eg at eg vil gi stemma mi til politikarar som legg til rette for at familiar kan ta slike verdivalg også i framtida.

Veit du kva parti du skal stemme på valdagen 12.september?  

Dette vart eit langt innlegg, men det er fordi dette er ei sak som engasjerer meg veldig. Takk for at du tok deg tid til å lese :)

 Kristina 

søndag 28. august 2011

Tidleg ein søndags morgon



 


To små nevar stikker fram...
 Ein liten morgonfugl sit klar ved kjøkkenbordet.


 Prøver å samle fingrane sine om små skivebitar...


Pinsettgrepet er på plass...


Og både guten og mammo er kry over kva han får til...


Ja dette er grunn til å smile, men denne gode guten her smiler mest heile tida. Han er ei skikkeleg solstråle. Og det kan koma godt med når mammo er it B-menneske som helst skulle sove nokre timar til når vesleguten våknar kl.06.00!


Men gledene ved å ha små barn overskuggar alt strevet.
Eg ville ikkje ha byta det mot noko!

Ønsker alle ein god søndag :) 

Kristina


fredag 26. august 2011

A smile is the prettiest thing you can wear

Hausten er her og me gjer oss klar for meir innekos.


 Stearinlysa vert tente og teen og kakaoen funnen fram. No kan det berre regne så mykje det vil. Me skal kose oss alikevel :)

"Lurer på kva som er oppi denne boksen?"


"Luktar godt gjer det òg..."


Min vesle lyslugg likar også å kose seg inne. I dag då eg tente på eit te-lys seier han så fint: "Mamma, det luktar kakao". Kakao i koppen er einsbetydande med innekos for den guten. Herleg korleis ungar assosierar :)


Kvit haustlyng er komen inn på kjøkkenet mitt. Eg har ein tendens til å gløyme at også lyng treng vatn. Mon tru kor lenge eg klarar å halde desse ilive?








 Dei sukkersøte pastellane blir erstatta med meir haustlege fargar. Grønt saman med lyseblått er ein av mine favorittar denne hausten. Eg brukar også eindel lilla og fram mot jul blir det meir rødt.



 

Med desse orda vil eg ynskje alle ei fin helg :)

Kristina












torsdag 18. august 2011

Glimt frå sommaren vår


Her kjem eit lite livstegn frå meg. Det er stille på bloggen min fortida, men alt anna enn stille i heimen her. Eldstejenta har hatt sine første dagar på skulen og eg veit ikkje kven som har vore mest spent av meg eller henne... ? :)
Biletet er tatt i ei koseleg gate i Mandal i sommar
Me har hatt ein fin sommar, men også ein spesiell sommar med både gleder og sorger.  Utøyatragedien har sett sine spor i oss alle. I tilegg har me også opplevd tragiske hendingar i nær familie. Midt i det vanskelege lærer me å telje dagane som er gitt oss og eg kjem stadig tilbake til dette spørsmålet; kva er det som eigentleg betyr noko her i livet?  
 I sommar fekk me oss ein fin bilferie rundt sørlandet og austlandet. Reiseruta strekte seg frå Sunnhordland til Mandal, vidare tl Kr.Sand og deretter til Hamar og tilbake over Hardangervidda. Det vart nokre mils kjøyring, men det gjekk over all forventning. Fint vèr fekk me òg, og kva er vel finare enn å feriere i Norge når sola er med oss?

No ser eg framover mot ein ny haust. Alle årstider har sin sjarm. Innekos med strikketøy og varm kakao, joda, hausten kan vere veldig koseleg den òg.

Kor mykje blogging det vert veit eg ikkje endo. Det står ikkje øverst på prioriteringslista, men eg håpar å kome innom innimellom :) Herleg med slike ting ein ikkje gjere, men som ein kan gjere om ein har lyst!
Ynskjer deg ein fin dag!



Klem få Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...