mandag 18. juli 2011

Gode sommardagar og bileter frå kjøkkenstova

Her nyter me sommaren Ja det er verkeleg heilt sant, me kosar oss,  sjølv om sommarsola har vore beskjeden så langt Eg har berre innsett det meir og meir den siste tida kor ufatteleg heldige me er Gjennom jobben min møter eg mennesker som går igjennom sin siste sommar..., som kjempar med å få i seg eit glas vatn..., som er avhenging av ein O2 kolbe for å kunne bevege seg fritt....



Det å kunne stå opp om morgonen og ta fatt på dagen med blanke ark som ein kan fargeleggje akkurat slik ein sjølv vil,  det er ei stor gåve. Det å vere frisk nok til å finne på kjekke ting med ungane og kose seg saman med dei er ikkje noko eg skulle tatt for gitt.





Me har så lett for å henge oss opp i bagatellar i livet, som fort kan forsure både denne dagen og dagane som kjem. Kva gjer det vel om den stolen eigentleg hadde vore finare i ein anna farge? Kvifor tenkje så mykje på at terrassegolvet skulle vore grått istadenfor brunt?
 Når prøvingar møter på oss i livet blir dette klart for oss. Då bleiknar desse ubetydelege detaljane i tilveret og me får eit heilt anna perspektiv på ting.







Livet kan vere hardt iblant. Alle møter me på vanskelege ting. Avogtil kan det vere heilt nødvendig for oss å gå igjennom slike prøvingar. "Det er i motbakke det går oppover", er det eit ordtak som heiter. Dersom me møter livets utfordringar med denne innstillinga trur eg at me kan koma styrka ut av vanskelege situasjonar og faktisk sjå at det førte til noko godt!

Terrassen blir også eit "rom" i forlengelse av kjøkkenet på sommarstid. Døra står open så sant vèret tillet det og det er alltid eit par sko (les: ein haug) på matta.
Viser bileter frå kjøkkenstova i dag(skulle gjerne vist masse bileter av ungane mine istaden, men eg er ikkje sikker på om det er så lurt...) Då me bygde nytt kjøkken for to år sidan valde me å ha ei lita stove tilknytta kjøkkenet. Det er me igrunn veldig nøgde med. Kjøkkenet virkar større og opnare med denne løysinga. Her har me møblar me ikkje er redde for at ungane skal søle på, slik som den gamle blå stolen eg kjøpte då eg var 16.

Søte små blomar plukka av ei nydeleg barnehand gjorde eit morshjarta ømt
Håpar du òg klarar å nyte kvar ein dag av sommaren, enten du er ferdig med ferien din eller akkurat begynt på den.
Kvar dag har alltid noko godt å by på, det er berre nokon dagar ein må leite litt ekstra for å finne det :)

Klem frå Kristina


søndag 3. juli 2011

Husk-om-meg-hei

"Husk om meg hei
husk om meg hei
her kommer broremann
og her kommer jeg"
 
 
Her kjem eit lite livstegn frå meg. Det har vore stille frå desse kantar i det siste. Medan andre har byrja på ferie har eg byrja å jobbe. Borte frå min vesle (innsjå det, store) baby, hjelp, korleis skal det gå? 2 veker er allereie forbi og me har alle overlevd (puh, men berre så vidt :) Pappen tar ut nokre veker av sin kvote, medan eg friskar opp gamle sjukepleiarkunnskaper. Men berre for fire veker, så er det heim til kjøkkenbenken igjen. Eg kunne aldri tenke på å sende babyen min 9 mnd gamal i barnehage. Då skal eg heller leve på flatbrød og vatn :)
 
 
Må også berre seie tusen takk for dei fine kommentarane de legger igjen. Og til deg Maria; det varma verkeleg det du skreiv til meg. Eg har vore litt umotivert til å blogge i det siste, føler mykje handlar om tomme og verdilause ting. Men eg blir sjølvsagt veldig rørt av at folk der ute finn det interisant å lese det eg skriv! Tusen takk skal de ha!
 
 
 
God sommar og på gjensyn :)
 
Klem frå Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...