mandag 20. juni 2011

Lampemakeover og blikkfang i gongen

Ein lampe har blitt fornya. Med litt maling og ny skjerm har den blitt forvandla frå å vere mørk og trist til å bli lys og delikat.




Slik var lampen før

Eg har tidlegare pimpa ein likande lampe. Den viste eg i eit av mine fyrste innlegg, då eg starta å blogge i februar. Trykk her for å sjå den.


Då me var på Ikea sist veke vart dette nattbordet med oss heim. Me brukar det til eit lite konsollbord i gangen mellom soveromma og stova.


Denne veggen har blitt eit blikkfang som møter oss når me kjem opp trappa. Då me pussa opp her for 2 år sidan tenkte eg at dette kunne vere ein kontrastvegg og tapetserte ein mønstrete tapet her. Den vart kort tid etter malt over med ein lysegrå farge, sand.


Endeleg fallt ting på plass her. Bildet som har stått på kontoret lenge har funne sin plass, det same har lampen og interiørblada mine. Bordet er ikkje høgare enn at ei lita hand kan nå opp til det, derfor kunstige blomar ;)


Mykje er kvitt i heimen vår. Denne veggen skiller seg litt ut og blir dermed eit blikkfang i den ellers så kvite gongen.


Ønsker deg ein forstatt fin dag :)

Klem frå Kristina

fredag 17. juni 2011

Lag dine eigne wallstickers

Eg fekk ein idè her ein dag. Eg tenkte eg kunne prøve å lage mine eigne walltickers med hjelp av datautskrift og kontaktpapir. Og det fungerte ganske bra, og det beste av alt er at det er så godt som gratis!
 
 Pallen, som tidlegare var rosemalt med rustrødt skinn på lokket, har virka litt tom og keisam etter at eg pussa den opp. No vart det litt betre. Kan hende eg prøver å forstørre skrifta ved hjelp av ei meir avansert kopimaskin etterkvart. 




 
 Boksane på kjøkkenbenken er også blitt merka. Endeleg kan eg vite for sikkert kva som er i kva, utan å måtte ta feil gong på gong. Her måtte eg vere veldig nøyaktig sidan bakgrunnen ikkje er kvit. Vart ikkje så verst. Eg ser at uansett om bakgrunnen er kvit så er det finast å klippe nøyaktig rundt alle bokstavane. Desse vart til medan eg for ein sjeldan gong såg på TV her ein kveld. Greit å få gjort to ting samstundes! 









Zaloflaska og oppvaskkosten har komen oppi ei potte frå Kremmerhuset dei blå boksane over er forresten også kjøpt der. Måtte berre teste ut korleis det vart med eit merke på den òg. Eg trur eg behalder det på, men først må eg klippe det heilt nøyaktig ut.






Tilslutt vil eg få ynskje deg som er innom her ei triveleg og god helg. Takk for at du besøker bloggen min, det set eg stor pris på. Eg blir også veldig glad for alle som skriver så fine kommentarar til meg. Skal ikkje så mykje til for å glede mitt:)

Klem frå Kristina

onsdag 15. juni 2011

GLASS

Eg er litt sånn vinglepetter når det kjem til fargar. Avogtil tenkjer eg at det er fint med litt knasj-fargar, iallefall på barneromma. Men no kjenner eg at eg treng harmoni i interiør og fargar, også når det kjem til barna sine møblar. Småstolane deiras står like mykje i stova som på romma deira og då er det kjekt at dei passar litt inn iallefall. Derfor har nokon av småmøblane deira blitt roa ned i fargen eg meiner ikkje at barn ikkje treng fargar, men kven har sagt det må vera knallfargar?


Dei blå stolane frå IKEA har blitt lysegrønne med fargen GLASS.






Før

Denne hylla, som er eit bruktfunn, har fått same farge.




før

Likeeins desse ramene.




før

Knallfargane har altså blitt dusa ned med denne herlege lysegrønne fargen: GLASS. Den gir meg sommarstemning og gode assosiasjonar.


 
Desse nymåla småtinga skal få plass i leikehytta som mannen snart skal setje opp. Eg veit ikkje kven som gledar seg mest av mor eller barn her i huset :) Planlegginga er iallefall i full gong. Eg samlar med meg ting frå bruktbutikkar og andre butikkar, og saman med litt eg har frå før byrjar eg å få nok til å innreie eit koseleg lite sommarhus :) Var forresten på IKEA i går og snopa med meg litt der. Viser noko av det i eit seinare innlegg.


Ha ein fin dag allesaman :)

Klem frå Kristina

søndag 12. juni 2011

Frå gamal og rusten til kvit og romantisk

Ei gamal kiste vart med meg heim frå eit loppemarked eg var innom i fjor. Eg betalte 200kr for denne kista som har levd sitt tidlegare liv i Sverige. Eg visste med ein gong at eg ville male den kvit, inspirert av andre bloggarar. "Male den kvit?" Spurte svigermor forundra. Kanskje litt rart for nokon, men for meg er det heilt naturleg å male alle slags ting kvite, også kister ;)
 
Slik såg kista ut før eg tok fatt på den:
 

 
Eg fulgte ingen reglar då eg malte den. Først nokre strøk vanleg vannbasert kvitmaling og til slutt eit strøk oljemaling. Og slik vart resultatet:


Oppi kista har eg "tapetsert" med serviettar og lakka med decoupagelakk. Eg brukte rett og slett tapetlim eg hadde liggande til å lime serviettane fast. Dersom ein ikkje har decoupagelakk kan ein bruke tapetlim på toppen også. Eg har ikkje prøvd det sjølv, men har høyrt andre bruke det. 10 gongar billegare er det iallefall og veldig greit viss ein treng store mengder.
 
 
 
Kva den har blitt brukt til i Sverige veit eg ikkje, men eg veit kva den skal brukast til her i huset. Alle garnrestane og strikkeprosjekta mine, samt mønsterblad og strikkepinnar skal få bu her. Det minnar meg om besto mi som har ei stor kiste full av slike ting. Interessa for handarbeidhar gått i arv nedover i genrasjonane. Eg vonar også mi dotter vil finne interesse for det å skape ting med hendene. Ho lærte seg så vidt å strikke i vinter. Klamt og stramt rettnok ;) men ho er iallefall igong :) 



Håpar alle har hatt ei fin pinsehelg. Eg har nokre fleire småprosjekt på gong så eg er snart tilbake :) Følg med!
 
Klem frå Kristina

onsdag 1. juni 2011

Fargeglade koppar....

...frå RICE 
 
 
 
 
Det er kjekt å kunne dekke bordet med noko som er fint, også når det berre er eg og ungane som sit rundt bordet. Eg blir glad av å sjå på desse melamin koppane med herlege pastellfargar.
 
 
Dei gamle IKEA plastkrusa er stua lengre vekk til fordel for mine nye RICE koppar. Dei kostar 29,- stk og er etter mi meining vel verdt pengane. Dessutan får ein då velgje fargar heilt sjølv, og ein slepp unna krangling om kven som skal ha den rosa koppen når det er jenter på besøk her
 
 
 
I mangel av andre ting å blogge om blir dette dagens tips frå meg :) Liknande koppar får ein også kjøpt på Kremmerhuset og hos ZARAhome.
 
 
 
Ynskjer alle som er innom ein herleg dag:)
 
Klem frå Kristina
 
På grunn av lite tid til blogging og i tillegg tekniske problem med blogger har det blitt lite av kommentarar frå meg i det siste. Kjem sterkare tilbake :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...