søndag 29. mai 2011

Peoner og nye puter

På fredag var eg så heldig å bli møtt i døra med peoner frå mannen min. Nydelege rosa, som no prydar stovebordet vårt. Blomar er noko eg set stor pris på å få. Dei bring noko av naturens skjønnhet inn i huset. Og når vèret ute er grått og trist gjer det ekstra godt med ein bukett vårfriske blomar som pyntar opp for liten og stor.




Nokre nye lyserosa pynteputer har det også blitt. 2 for 1 på KID. Det er som du skjønar rosa det går i her fortida. Sommarleg og søtt. Ja for no lengtar me etter varme og solfyllte sommardagar. Måtte dei koma snart.




No skal me i restefest til ein 40 års jubilant. Håpar du har hatt ei god helg :)
Klem frå Kristina

torsdag 26. mai 2011

mini-makeover x 2

 I forrige innlegg skreiv eg litt om kva eg synest er aller viktigast i livet. Trykk her viss du vil lese det. Når det er sagt, er det også mange andre ting eg likar å halde på med. Makeovers for eksempel, er noko eg synest er veldig kjekt. Å skape noko fint av noko som er gamalt er rett og slett veldig gøy. I tillegg er det både billeg og miljøvennleg.


To bitte små prosjekt har det blitt her i nordbygdo denne veka. Det fyrste laga av noko som andre vil seie er boss; to tomme
pringles-boksar!


Ein kjekk liten aktivitet for ungane og meg. Lim vart påført med pensel over heile boksen før den fekk seg eit omslag  med tildapapir.



Vips, så fekk ungane kvarsin boks til å samle nips og småting i noko det fins veldig mykje av her i huset.








Ein anna liten sak som fekk fornya seg med litt tilda-papir var denne korthaldaren, som eigentleg er til å ha julekort i men i denne heimen har den fungert som oppbevaring av timekort, helsebok mm sjølv om kalenderen viser langt i frå jul.


Før

Eg er blitt så glad i desse tilda-papira. Herlege fargar og mønster.
  
Etter




No treng eg ikkje anke på at dette eigentleg er julepynt lenger:)

Tusen takk for at du ville besøke bloggen min. Velkommen tilbake :)


Klem frå Kristina
Ps. er det andre enn meg som har problem med blogger om dagane? Eg får ikkje til å legge igjen kommentarar hos andre... Håpar det ordnar seg, og det snart :)

onsdag 25. mai 2011

Min dag og min draum

 I dag er det mammo i huset som fyller år.
 
27 år
og
tre
barns
mamma
 
 
Det blir lagt merke til :)
 
 
Men eg er stolt av det!
 
 
Eg blir berre så
glad
og
 takknemleg
 når eg tenkjer på dei
 
Å vakne til barnesong, kort som ungane har tegna og skive sjølv, og flotte blomar frå ein mann som elskar megLykke
 
 
 
Dagen har blitt feira med mine næraste rundt meg, nett slik eg vil ha det.
 
 
Lasagne, foccacia og salat.
 
Kaffi og kaker
 
 
 
Nokre presangar vart det òg, men eg kjenner meir og meir på at det ikkje er ting som gjer meg lukkeleg og glad her i livet. Relasjonar er det som gir livet meining. Relasjonen til Gud og dei menneska som står meg nær.  Prioriteringane mine kjem deretter. Tida er dyrebar, den kjem aldri att. Derfor vil eg veldig gjerne invistere i å vere saman med dei som eg er så veldig glad i. Også nye mennesker kan dukke opp på livsvegen. Det er dyrebart, å kunne bety noko for nokon som treng meg spesielt.
 
 
 
Dette er min draum for framtida. Å bety noko for nokon. Å utgjere noko som har verdi. Ikkje berre leve  for meg sjølv.
 
 
 Interiør for meg er å skape ein god heim. Ein stad der det er godt for ungane å vekse opp. Ein heim der det er hjartevarme og takhøgde. Eit hus der alle kan føle seg velkommen.
 
Med desse tankane frå meg vil eg ynskje alle ein fortsatt god dag :)
 
Klem frå Kristina

fredag 20. mai 2011

Kafè i nordbygdo

I dag har me laga til kafè her i nordbygdo. Me måtte gjenta suksèen frå Sara sin barnebursdag. Då laga me til iskiosk. Ungane fekk velge kuleis med mange valgfri strøssel på. Stor stas!
 
 
På menyen i dag sto :
jordbær
youghurt
havrekjeks
havregryn
(me kan ikkje skeie heilt ut sjølv om det er fredag :) Youghurt og havregryn er faktisk noko av det beste ungane mine får)
 
 
Ungane var med å lage vimplerekke til å pynte butikken med.
 
 
Dei fekk utdelt litt pengar kvar som dei kunne betale med. Litt rekning passar bra for jenta vår som snart er skulejente (Prisar på varene kom opp på meny-tavla etter eg hadde tatt bildene).
 



 
Dei to søte skålene med kirsebær på er kjøpt på ein bruktbutikk for ein tikroning pr stk. Koppane med jordbær i er lattekoppar frå GG.
 


 
Dette vart dagens lunch her hos oss.
 
 
Det er kjekt å kunne finne på noko med ungane når dei har fri frå barnehage. Det er ikkje alltid eg klarar vere like kreativ, men eg merkar at ungane set veldig pris på når eg engasjerer meg i leik saman med dei. Det skaper gode minner i minneboka deira.
 

 
Eg blir veldig inspirert av andre flinke foreldre. Vil utfordre deg som har små barn til å dele noko kjekt som DU har gjort med ungane dine. Så kan me andre få nokre gode idèar til aktivitetar :)
 
 
 Ynskjer alle som er innom ei god helg :)
 
Klem frå Kristina

torsdag 19. mai 2011

Herleg duft...

...av syrin!


Nokre kvastar av syrinbusken min er blitt med meg inn i stova. No spreier dei herleg duft i heile huset.



Den nydelege lillafargen passar godt inn i stova vår, som har eindel svarte kontrastar og innslag av lilla og rosa.



Då me skulle kjøpe oss ny sofa for 2 år sidan sto valget mellom det som var mest praktisk mot det som var mest estetisk. Med tre smårollingar i huset var ikkje valget så vanskeleg, det vart mørk sofa.



I byrjinga tenkte eg at dette kjem eg aldri til å trivast med, men etterkvart er eg blitt ganske så fortruleg med sofaen og likar den eigentleg ganske godt. Og så er det herleg å kunne sette den full av små ungar utan å vere livredd for søling ;)



Tilda-jento mi sitt så fint å kikkar utover stova vår. Å sy tilda-figurar er noko eg syns er kjempegøy, men så er det den tida då...blir ikkje akkurat førsteprioritert.



Skjell-lampen er kjøpt på Bohus. Den syns eg mjukar opp den litt harde sofaen (den er ikkje hard å sitje i altså ;) Eit av dei føreståande prosjekta her i huset er å få malt taket i stova og kjøkkenet. Er litt usikker på om me skal male det med halvblank eller heilblank kvitmaling ...?  Kva syns du er finast?



Sommaren har tatt ein pause her, men håpar den snart er tilbake. No har eg iallefall fått sommarstemning i stova mi. Det er synd det ikkje går an å setje lukt på blogginnlegg, men alle som har dufta på ein syrinbusk veit at denne lukta er berre heilt nydeleg.



Tilslutt vil eg vise eit bilete frå 17.mai av mine tre godingar! Det er desse tre som opptar det meste av tida mi og som betyr aller mest for meg. Så kan eg heller koble av ein gong i blant med litt interiør. Det skadar ikkje ;)



Ynskjer alle ein fortsatt fin dag
 
Klem frå Kristina

søndag 15. mai 2011

Nattbord før/etter

Etter ein lang bloggepause er eg no tilbake. Pause har det blitt av fleire grunnar. Mai er ein fantastsik månad, men også ein travel månad. Det eine selskapet etter det andre. Og når eg i tillegg klarte å rote vekk kameraet mitt og bruke over ei veke på å finne det att gjorde det sitt til at det vart ein aldri så liten bloggestopp.

Har fått malt nattborda eg viste dykk tidlegare og slik vart resultatet:



No har dei komen på plass på soverommet vårt.



Rosa rhododendron i Norges-glas. Enkel og fin pynt.

Vil ynskje alle ein god søndagskveld og ei fantastsik 17.mai feiring på tirsdag!
Hipphipp hurra!
Klem frå Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...