fredag 29. april 2011

Eg fann eg fann

Eg kan ikkje noko for det men eg har ein tendens til å sjå etter skattar kvar hen eg går, ikkje berre når eg er innom bruktbutikkar og loppemarkander. For ei stund sidan var eg og ungane ein tur nede ved båthamna, kor dei på det tidspunktet haldt på med å grave fram nye båtplassar. Der, blant oppgravd gjørme og sandmasse, var det eg fekk auge på denne stakkars arme båttrappa. Skitten og fæl, og på randen til å bli kassert kom det ei sjel og forbarma seg over den. Askeladd, ja kall meg gjerne det :)
 
 
For sikkerhets skuld spurte eg nokre mannfolk som stod der om dei trudde det var greit eg tok den med meg. Og med tillatelse frå dei drassa eg med meg denne heim. 
 


 
No har den blitt vaska, fått eit strøk kvitmaling og fått plass akkurat der eg såg det for meg då eg fekk auge på den i grøftekanten. Rosa Pelargonia har fått plass på denne nye pidestallen min, som eg er blitt så glad i.
 



Rosa pelargonia, dette er ein av mine favoritt sommar-blomar. Dei kvite stampane/urnene har fått seg eit nytt strøk kvitmaling. Dei var blitt så stygge i fargen og metallbåndet rundt hadde rusta. Maling gjer underverk!
 
 
 
  Det måtte blir eit ute-innlegg frå meg her i dag, for me tilbringer store deler av dagane ute fortida. Det er mykje eg både burde og ville ha gjort inne, men slikt vèr som me har no må berre nytast! Det kjem nok av dagar der ein kan fortsetje med inne-syslar.
 
Håpar du òg har mulighet til å kose deg i finavèret :)
God helg til alle!
 
Klem frå Kristina

onsdag 27. april 2011

Oppussingsobjekt

Då me var på hytta i Hardanger i påska måtte eg innom ein bruktbutikk eg ikkje har besøkt før, berre høyrd om. Den ligg i Øystese og er vel verdt eit besøk om du er på dei trakter. Les meir om butikken her.
 
 
Eg klarte selfølgeleg ikkje å gå tomhendt ut derifrå. Desse to nattborda måtte eg ha med meg heim. Skal sei det vart trongt om plassen i bilen vår, men me fekk med oss både nattborda og all bagasjen og no gledar eg meg til å setje i gong å male dei.
 
 
Kvit blir fargen. Nattborda er ikkje behandla frå før, det gjer jobben mykje enklare. Handtaka må også bytast ut. Nattborda skal få plass på vårt soverom. Dei me hadde før er alt komen inn på guterommet (det vil seie berre mitt foreløpig). Du kan sjå det her .
 
 
Nokre Norges-glas vart også med meg. Desse får eg aldri nok av. Det største vil bli fint til å ha 17.mai blomar i.  To andre glas (eller kva skal eg kalle dei?) vart også med meg. Minnar meg om snop og landhandel. Er ikkje sikker på kva eg skal ha i dei endå. Kanskje skal eg gjere som Lisje Astrid og lage søte rosa pikekyss som eg kan fylle dei med?
 
 
 
Ein siste ting eg må vise, eller det vil seie to siste ting, er desse søte harane eg kjøpte med meg heim i dag. Dei er frå merket sia, kjøpt på interiørbutikken fem høns, og vart mine for berre 20 kr stk! Snakk om givekkpris! Før hadde dei kosta 169,- pr stk. (Beklagar dårleg bildekvalitet). 
 



 
Påskepynt for nokon, men her hos meg skal dei få pynte hylla i kjøkkenstova både vår og sommar, før dei skal gå i dvale til neste påske.
 
 
Håpar du har like strålande ver som me har her om dagane. Verkeleg herleg!
 
Klem frå Kristina

lørdag 23. april 2011

Påskesyslar

Fyrst vil eg takke for all positiv respons på dei siste innlegga. Det set eg stor pris på. Vil også ynskje alle nye følgarar velkomne. Håpar de vil trivast her hos meg ;)
Medan planlagde innlegg har gått sin gong har eg og familien min hatt oss ein liten påsketur på hytta. Fine dagar med nydeleg ver, kjekt lag og avkobling frå det vante. Det er godt med slike pusterom innimellom. Med i bagasjerommet hadde eg både symaskin, heklenål og strikketøy. Litt tid til kreasjonar vart det heldigvis og noko viser eg her i dag.
Eg sydde vimplar i sommarlege stoff. Desse heng no under skuffehylla i stova vår.





Ein løpar i dei same stoffa er også påbegynt.




Her skal dagen nytast. Med strålande sol og heile familien heime ligg alt til rette for ein god dag.
Ynskjer alle ei god påskeafta.
 Klem frå Kristina

fredag 22. april 2011

Langfredag


Påske for meg er mykje meir enn påskekrim og kyllingar. Ein blogg som skriv så fint om påskebudskapet er Lenemora`s verden, trykk her og du kjem til hennar fantastisk flotte blogg.
 
Ynskjer alle ei fortsatt god påskehelg .
 
Er snart tilbake :)
 

Klem frå Kristina

tirsdag 19. april 2011

Nymalt skap og trappehall

Eit litt kjedeleg skap/kommode har blitt pimpa opp med maling. Også dette møbelet har eg malt med den duse gråfargen Morgendis. Skapet kjøpte eg rimeleg på finn.no saman med eit veggskap som også skal pussast opp. Men når det er ferdigmalt byrjar det å bli tomt i boden vår. Og det er bra, for der skal me snart lage til to nye rom; matbod og eit lite soverom.(Kjenner eg meg sjølv rett tar det ikkje så lang tid før eg har skaffa meg nye oppussingsobjekt...)
Skapet har fått plass oppe i gangen vår. Hovedetasjen vår ligg i 2.høgda med inngang nede.

Eg hadde allereie tatt alle skuffene ned i boden då eg kom på at eg hadde gløymd å ta før-bilete :/ og med tida after-eigth (når ungane er lagde)som primær tid til kreative sysler kan ein ikkje sløse med tida. Derfor eit litt ufullstendig før-bilete ;)


Og slik vart den sjåande ut etter nokre strøk maling. Eg brukte dei same knottane og malte dei kvite.


 Veggane i trappehallen er malt med eggekvit farge. Eg har brukt nokre svarte kontrastar og ein touch av rosa i interiøret. Dei svarte skulpturane har søstera mi Synnøve laga. Ho studerer på kunsthøgskulen i Bergen og er kjempeflink.

Kunsten på veggen (sjå bilete under) har ho også laga. Dei skiljer seg litt ut i frå resten av interiøret, men eg synes likevel dei sklir inn på eit vis. Tenkjer på systera mi når eg ser dei og då blir eg glad :)

Eit gamalt vindu frå besteforeldra til mannen min sitt hus er komen på veggen. Krokane var på vindauget og har no blitt pynta litt. Ei lyslykt og  ein gamal kjole på ein klehengar i sink. Skal ikkje så mykje til.



When I count my blessings, I count you twice , står det på det rosa skiltet på hylla.



To søte påskeharar har fått plass på det nymalte skapet. Desse vil ynskje deg ei fortsatt god påskeveke!



Klem frå Kristina
Ps. Ser forresten at nokon har problem med å legge seg til som følger her hos meg, er det fleire som har det problemet? Nokon som veit kva eg kan gjere for å fikse opp i det? Takksam for hjelp.

søndag 17. april 2011

Litt frå guterommet

I går fekk eg ordna litt meir på guterommet. Med ei oppussa tallerkenhylle, papirvimplar og nokre bilder kan eg no seie meg ferdig med denne delen av rommet. Slik vart det:



Ei tallerkenhylle malt i samme farge som skuvsenga har no komen opp på veggen. Denne kjøpte eg for 75 kr på ein bruktbutikk i Kr.sand (Shalam). Andre folk skjønar ikkje kva eg skal med ei slik, men kanskje forstår dei det no? Føler meg ein smule dum avogtil når eg raskar med meg ting som er skrot i andre sine auge. Her inne i blogglandia får eg derimot god forståelse for min lidelskap for gamle ting, takk til alle dåke :)
Tallerken hylla før:



Tallerkenhylla etter:



 Eg har også laga vimplar av tilda-papir, inspirert av den flotte bloggen Huset ved Fjorden. Hadde tenkt eg skulle sy vimplar av dei same stoffa eg har sydd lappeteppet av, men det veit eg ikkje om eg treng gjere no...



Vil du sjå korleis senga såg ut før kan du enten kikke på forrige innlegg eller trykke her


Bileter av Jonas og Sara har komen i rammer. Godt å halde handa til gode, trygge storesøster:)



Min aller første bil og eit Brio-tog frå min barndom har fått plass på hylla saman med nokre av favorittbøkene til vesleguten. Ei god bok på eit trygt fang er ei god avslutning på ein dag for eit lite barn.



Fargen på veggen heiter Isfjord og er ein farge fra eit av Halvor Bakke sine fargekart. Lampen er eit bruktfunn og nattbordet fra Ikea. Her er det god samanblanding av nytt og gamalt, akkurat slikeg vil ha det.


Her håpar eg Jonasguten vår vil sove godt framover:)



Siste maleprosjekt får de sjå til veka. Då viser eg også bileter frå eit rom eg ikkje har vist her før.

Ynskjer alle ein god palmesøndag.
Velsignet vere Kongen, Hosianna!

Klem frå Kristina

lørdag 16. april 2011

Skuvseng før/etter




Det var rett som Torill med den flotte bloggen ElleMelleMiTua gjetta, ei skuvseng er blandt møblane eg har malt på denne veka. Eg har lenge syns desse gamle barnesengene er så fine og no var eg så heldig å få overta ei fra foreldra til ei veninne. Dei var glad for å bli kvitt den og du kan tru eg vart glad for å få den.


Med eit par strøk maling vart den perfekt til Jonasguten vår på 2  1/2 år. Han har allereie testa den og var svært kry over å klare å kome seg oppi og ut av senga si sjølv. Til no har han hatt sprinkelseng, men mammo syns at det no var på tide med eit byte. Trur han var heilt enig; "Eg e`ein kjempestor gutt no mamma" . "Ja da, det er du, vesle go`guten min", svarar eg då :)



Sengeteppet er sydd av diverse gamle tekstilar. Viss du vil lese meir om det kan du trykke her


 Fargen eg har malt senga med er ein lysegrå farge som heiter "Morgendis". Eg har malt to andre møblar i samme farge. Eit av dei skal få plass her ved skuvsenga og det vil eg vise i neste innlegg. Eg er i full gong med å ordne til på gutterommet, så de kjem nok til å få sjå meir der i frå framover (viss alt går etter planen).

God palmelørdag til alle som er innom!


Klem frå Kristina



fredag 15. april 2011

Me lagar påskegodt på påskeglas



 Me førebur oss til påske og lagar marsipansnop i dag. Me har også laga oss koselege glas som me skal putte marsipankulene i. Bli med så skal du få sjå :)
Marsipan


 Sjokolade i vannbad, gul konditorfarge,
trille kuler og dyppe i sjokolade.


Me prøvde også å blande rød og gul konditorfarge.
Det  fungerte fint :) Gøy måte for ungane å lære litt om fargar. 


 Marsipankulene blir sett kaldt medan påskeglasa blir gjort istand.

 Påskeglas

Syltetøyglas, klistremerker, hamptau, lim og saks. Enkle midlar og enkel aktivitet, også for dei heilt minste barna. Dei rekk ikkje å bli utolmodige før dei er ferdige ;)



No har marsipankulene komt på glas. Ungane lagde glas med søte kyllingar og fargeglad stoff med egg på...


....medan eg lagde to av det meir nostalgiske slaget. Stoffet eg brukte på dei er frå eit gamalt sengetøy kjøpt på loppis.


No skal me glede oldeforeldre og besteforeldre med ei lita påskehelsing. Litt må me nok behalde sjølv også :)


Ynskjer alle ein god god fredag.
I morgon viser eg bileter av eit av maleprosjekta eg har hatt gåande denne veka.

Klem frå Kristina


torsdag 14. april 2011

Grått

I dag regnar det her i Nordbygdo.  Ikkje berre nokre byer i ny og ned, nei det striregnar. Det skiftar fort, frå strålande sol i går til grått og trist i dag. Slik kan det også vere i livet. Dagane skiftar og livet er ikkje alltid ein dans på roser. Heller ikkje for meg. 


Her i blogglandia er det ikkje så mykje å sjå til av livets skuggesider. Heller ikkje eg er flink til å framstille den verkelege sanninga alltid. Men så er det ikkje så veldig kjekt å ta bileter av klesstativ, rotete golv og visna blomar....men det er faktisk ein vesentleg del av "interiøret" her i heimen. Så veit de det, at når eg legger ut fine bilder av ein tilsynelatande strigla heim, så er det langt i frå heile sanninga.

Natt og dag-blomar, syns desse er så fine. Og så seier dei litt om livet, som også består av kontrastar. Livet er eit mysterium. Me kan møte på ting som virker så meiningslaust. Seinare kan me sjå at dette førte til noko positivt, trass alt.

Bilde lånt fra google
La oss alltid ha med oss ankeret i livet, som består av tru, håp og kjærleik. Tru på livet som er gitt deg, håp om ei god framtid, kjærleik frå Han som gav oss livet.


Frå alvor til litt mindre alvor. Grått, ja det er ordet som skildrar min dag. Her har eg malt på møblar i dag, lysegrått :)

Håpar å kunne vise bileter av det ferdige resultatet iløpet av dei komande dagane. Kanskje du kan ane kva det er eg malar på her?




Hugs, du har ein stor eigenverdi! Ikkje for alt det du gjer eller ikkje gjer, men fordi du er nettopp den du er :)

-helsing fra Kristina
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...