onsdag 30. mars 2011

Tavle før/etter

Denne tavla overtok eg frå mi kjære søster Synnøve for ei stund sidan. Synnøve har bursdag akkurat i dag og eg vil nytte høve til å gratulere deg så veldig mykje med 24 års dagen, kjære søsto mi!! Du inspirerer meg og eg blir glad av å vere ilag med deg. Takk for at du er den du er! Kjempe glad i deg ! Håper det er like strålande ver i Bergen som det er her i dag!

Tilbake til tavla som har stått i kjellaren i vel og godt eit år (ja ting kan avogtil ta veldig lang tid her i huset). Ettersom eg har vore i malemodus i det siste har denne tavla også fått seg ein makeover. Slik såg den ut før:





Med kvitmaling og ny kappe har den blitt som ny. har lenge tenkt at det kunne vore koseleg med ei tavle på kjøkkenet vårt. Her kan me skrive alt i frå handleliste til vers og fine ord.







Stoffet er eit tilda stoff eg kjøpte då eg var i Bergen i helga. Eg plar ofte bestille varer frå Panduro via nettet, men eg syns det er litt vanskeleg med stoff. På Åsane senter hadde dei ein stor flott Panduro butikk, verkeleg til å anbefale for deg som handlar der avogtil.






Nei no er det slutt på morroa, her må det ryddast og vaskast medan vesleguten søv.

Ha ein alletiders onsdag ♥

Klem frå Kristina

tirsdag 29. mars 2011

Lappeteppe av gamle tekstilar

I dag har eg sydd ferdig eit lappeteppe eg byrja på for nokre veker sidan. No er det gutterommet som skal prioriterast og første prosjekt er i hamn. Teppet skal få tene som sengeteppe/koseteppe til ein av gutane. Tekstilane eg har brukt stammar frå ulike putevar, dynetrekk og ei skjorte etter mannen. Det gråprikkete er eit tilda-stoff. Har valgt duse fargar i blå- og gråtonar. Likar godt desse fargane.



Syprosjekt og solskinn på kjøkkenbordet, herleg!








Syns desse stoffa passa fint ilag, men eg må innrømme eg ikkje er heilt nøgd med resultatet. Stoffrutene treff ikkje så godt alle stadane og resultatet ser litt slurvete ut. Eg jobbar med meg sjølv når det gjeld dette å bli meir nøyaktig. Eg er av typen som har mange ideàr og likar når ting blir fort ferdig. Ajaj, her må eg skjerpe meg. Betre med eit prosjekt som er fint gjort enn 10 halvgjorte.

Likevel tør eg vise det her ?! :) Ja eg er ingen perfeksjonist! Sjølv om ikkje resultatet vart optimalt gir eg meg ikkje med å sy alikevel. Øving gjer som kjent meister! Kanskje vart du også inspirert til å sy noko fint av gamle tekstilar?



Ha ein kjempefin tirsdag allesaman

Klem frå Kristina

fredag 25. mars 2011

Skrivepult på jenterommet

No har storesøstera i heimen fått seg eigen skrivepult på rommet sitt. Pulten kjøpte eg på gjenbruk i haust. Falt pladask for denne vesle, gamle skrivepulten og når den ikkje kosta meir enn ein 100 lapp var eg ikkje i tvil. Akkurat stor nok var den òg, for rommet til jenta vår er ikkje meir enn 6 m2 stort. Den var frå før av måla i ein beige farge og var med åra blitt ganske slitt, eller shabby om du vil. Kunne kanskje hatt den slik den var, men overflata var blitt så stygg. Store hakk og tusjmerker er ikkje akkurat sjarmerande. No er eg veldig glad eg valgte å male den. Fargen vart kvit (kanskje ikkje ei bombe) :)



Slik såg pulten ut før:


Eg har brukt enkle midlar i dette prosjektet. Det er kun dei små kvite kleklypene eg har kjøpt nye, ellers har eg brukt ting eg hadde frå før.


Kvite IKEA kasettar har fått ny rygg. Veldig enkel og veldig effektiv makeover. Her har storesøstera samla glansbøker, aktivitetsbøker og sjølvsagt prinsesseblad mm.






Botnen i skuffene er blitt kledd med presangpapir.




Ei gamal ramme har fått nytt liv som "kunstgalleri" på veggen. Her kan ein enkelt byte ut kunstverka ved å klipse dei av kleklypa eg har festa til rama. Stas når teikningane kjem opp på veggen! Rama var gullfarga og fekk eit heilt anna utrykk etter å ha blitt malr grønn. Same farge er brukt til å male blikkboksane med som no tener som blyanthaldarar. Denne fargen er ein av mine favoritt pastellfargar.






Ein fin knagg er festa til pulten. Kanskje kan skulesekken få henge her?



Skrivepulten har vore i bruk sidan dagen eg kjøpte den. Jenta vår sin største hobby er nemleg teikning. Og sidan me har alle soveromma våre på hovudplanet blir det brukt mykje tid til leik og anna på barneromma. Jenterommet blir derfor ikkje eit pynterom, men eit bruksrom






No har storesøstera fått sin eigen krok på rommet sitt kor ho kan teikne, perle og gjere andre kreative sysler. Og til hausten, når det blir skulestart, har ho òg ein stad der ho kan sitje med leksene sine. Eg håpar iallefall at ho vil bruke den litt til det ;) 


 Frå raudt til pastellar:) Lampen fekk ikkje vere raud så lenge ;) Vil du sjå korleis den såg ut før? Klikk her



Her blir det bloggepause i helga. Sjåast til veka igjen :)


Ynskjer alle som er innom ei veldig god helg!

Klem frå Kristina 

onsdag 23. mars 2011

Me lagar blyanthaldarar

I ettermiddag har eg og ungane vore litt kreative ilag. Det har ikkje blitt så mykje av det etter at minsteguten kom til verda. Ettermiddagane går ofte med til middagslaging, rydding etter middag og vips så er det leggetid. Men i dag har me altså klart å utnytta tida godt. Ungane storkosa seg med aktiviteten. Tilogmed toåringen vår syntes dette var gøy. Desse skjønne, små, konsentrerte barnehendene - vakkert syn.








Blikkboksar, det kan brukast til så mangt. Eg har tatt vare på boksar i litt ulike storleikar og malt dei i pastellfargane rosa, grønn og blå. Eg hadde liggande nokre finèr figurar frå Tilda som eg kjøpte for mange år sidan. Endeleg skulle desse få bli brukt. Her kan ein sjølvsagt dekorere med alt mogleg anna, berre fantasien som set begrensning.







Kva syns du? Fine?







Desse skal få plass på skrivepulten til skulejenta vår, som eg fortsatt har litt igjen å fikse på før eg kan vise her.

Klem frå Kristina

Apropo loppestolar

Når det gjeld stolane eg kjøpte på loppemarknaden på laurdag så vart det altså den raude/beige som måtte til pers. Den har eg no måla i den same lyseblå fargen som eg viste i forrige innlegg. Denne blåfargen som har eit skjær av grønt i seg fekk eg av søstera mi som har måla kjøkkeninnreiinga si med den. Ho har verkeleg sansen for fargar. Skal besøke henne i helga, trur eg må spørje om å få ta nokre bilder av den fine leilegheita hennar og vise dei her. Det var nokon som lurte på kva fargen heiter etter forrige innlegg og eg skriv det likegodt her, itilfelle andre er interisert. Har berre eit kodenavn og det er: S0510-B10G, LADY.

No har stolen fått nytt liv her på kjøkkenet vårt. For berre 20 kr vart den altså min. Eg elskar desse sarte pastellane. Dei gir meg energi og glede.


 ♥






Ein liten krakk som før var kvit har også fått same farge. No er krakken og den nye stolen min plassert på kvarsi side av den gamle arvekommoden min. Lyseblått, kvitt og brunt. Desse fargane er heilt meg.






Den lilla stolen har fått plass ved jenta vår sin skrivepult. Ho er skulejente til hausten så her har eg eit lite prosjekt gåande fortida. Meir om det i neste innlegg.

Ha ein finfin onsdag allesaman.
Klem frå Kristina

mandag 21. mars 2011

Bokstavar og eit lite før/etter prosjekt

Først vil eg takke for alle koselege helsingar og ynskje nye følgarar velkomne. Set veldig stor pris på dåke ;)


NIB (Norske Interiørbloggere) utfordrar oss til å vise bokstaver me har i interiøret vårt. Eg har berre 3 bokstavar til pynt hos meg, og dei tre bokstavane symboliserer det kjæraste eg har. Bokstavane er nemleg forbokstavane til ungane mine, som eg er så utruleg takksame for. Dei er den største gåva eg og min kjære har fått her i livet! Dei gir oss så mykje glede, latter og kjærleik ♥ Eg kunne ikkje førestilt meg livet utan dei ♥




Den vesle speilkommoden har eg hatt sida eg var lita jente. Hugsar eg var på Vikjo (sentrum her eg bur) saman med ein veninnegjeng og at eg kjøpte meg denne for kr. 39,- på Nille :) Løye kva som set seg i minnet :) Etter å ha lege lenge i ei eske merka "barndomsminner" på loftet har den no fått koma inn i varmen. Eg malte den med ein nydeleg lyse-lyseblå farge som eg blitt så glad i. Alle dei andre små pyntetinga, utanom den store morsfiguren, stammar også frå min barndom. Koselege minner ♥

Slik såg den ut før:


No er den blitt slik:




Tilslutt eit lite sitat frå jenta vår på snart 6 år som eg synst var så bra at eg vil dele det her:

"Ein god familie er det beste me kan få her på jorda!"
Klem frå Kristina

søndag 20. mars 2011

Lopper

I går var eg på loppemarknad og dette vart ei oppleving for seg sjølv. Snakk om hysteri! Folk var heilt ville! Ein skulle tru det var hungersnød i landet og at det var mat det var om å gjere.

Men eg var vel ikkje bedre sjølv ☺ Eg var tilfeldigvis innom staden der loppemarkedet skulle vere ein dag tidlegare og hadde fått sondert ut terrenget. Eg såg meg ut to skjønne gamle trestolar som eg gjerne ville ha. Tenkte derfor eg skulle vere tidleg ute og stilte opp fem minuttar før det opna.

Så der sto eg altså, i kø saman med folk med store mengder lopper i blodet. Ja for her snakkar me om profesjonelle loppesamlarar. Dei fleste var damer i alderen 60+ (noko som forundra meg) og mange av dei hadde korger eller gamaldagse plastnett med seg. Ein kunne sjå kor adrenalinet var til stades då klokka nærma seg opningstid. Då dørene vart opna var det berre å legge på sprang. Det var eit syn for seg sjølv. Korgene og plastnetta var fulle etter 3 minutt. Ingen av dei framfor meg var interisert i stolane "mine" og eg kunne ta dei med meg og gå. Eit par andre småting fekk eg rett nok også kjøpt med meg. Eg likar loppemarknader og bruktbutikkar, men akkuratt dette vart litt for mykje for meg. Eg var nøgd og glad då eg fekk gå der i frå.

Her er altså mine loppefunn:

Stolane fekk eg for den nette sum av 20 kr pr stk! Utruleg!Ein av stolane skal få vere slik den er og ein skal malast. Kan du gjette kvafor stol som skal få bli slik den er?








Eit blått fat i frå Figjo vart også med meg.Dette måtte eg gi 20 kr for. Gi oss i dag vårt daglege brød, står det på fatet.



Tutekopp i frå Tuppervare av eldre årgang. Syns den var så søt. Har nok sikkert berre stått i eit skap for det viser ikkje at den er brukt. Men det kjem den nok til å bli her.






Her er eg i malingsmodus fortida. Meir om det til veka.
Då vil eg ynskja alle som er innom ein fortsatt fin søndag.

Klem frå Kristina


 

 

onsdag 16. mars 2011

AWARD og spraymåla småting

Eg har vore så heldig å få min første AWARD! Det er bloggen SNIKKERBUO som har vore så kjekke og gitt meg den. Tusen takk, det vart eg veldig glad for Har du ikkje vore innom denne bloggen før vil eg anbefale deg å gjere det, dei har også GIVEAWAY gåande i desse dagar! 

Eg vil gje denne awarden vidare til fem andre bloggar eg likar veldig godt og som eg syns fortjener litt oppmerksomhet. Desse bloggane inspirerer meg på ulike måtar, felles for dei er at dei lokkar fram det kreative og det positive i meg. Tusen takk skal dåke fem ha for at dåke deler heimane og liva dykkar med meg Besøk bloggane deiras ved å trykke på bloggnavnet. Bloggane står plassert i tilfeldig rekkefølge.


Det er mange andre bloggar eg kunne tatt med i denne lista, det finnes jo så utruleg mange flotte bloggar rundt omkring.


Quick Spraymaling er genialt! I dag har eg dusja nokre småting med kvitmaling og resultatet viser eg her. Slik såg dei ut før:



Spraymaling er malinga for dei utålmodige. Det går raskt å utføre og det tørkar raskt. Minuset er at det lett kan bli litt ujamnt. Her må det litt øving til for å få bra resultat. Ein må også passe seg for at ein ikkje innånder malinga når ein held på. Det beste er å gjere det utandørs. Her ser de korleis det vart:







Den vesle mugga kjøpte eg på eit loppemarked som ungdomsskulen i bygdo arrangerte i fjor haust. Tenkte på markblomar då eg såg den, perfekt størrelse! Det er kanskje ikkje meir enn 2-3 veker før eg kan sette årets første kvitveisar i den! Åh kor eg gledar meg :)





Skjenken er også eit bruktfunn. Den var eikefarga då eg kjøpte den, men med litt (les: mykje, 5 strøk) kvitmaling er den blitt eit fint møbel i stova vår.


Til slutt vil eg ønska alle ein god og fin dag vidare.
-Grip dagen og moglegheitane den gir

Klem fra Kristina



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...