mandag 28. februar 2011

Mandagssnop

Lyst på noko godt? Då kan du prøve dette. Veldig enkelt, smakfullt og ikkje minst - sunt!




Epler i bitar, kesam med vaniljesmak og eit dryss med kanel.
Veldig enkelt og veldig godt!



Det er herleg å kunne sette seg ned etter at ungane er lagt. Viktig å unne seg litt kvardagsluksus.



Med tente lys og noko godt i skåla ligg alt tilrette for ein god og avslappande kveld for mor i huset. Eg hadde denne kvelden på fredag, men det fungerer nok fint på ein mandag òg :)

Så då vil eg oppfordre alle dåke hardtarbeidande til å ta vare på dåke sjølv  midt oppi den travle kvardagen.

Ha ei fin veke alle saman.


Kristina


søndag 27. februar 2011

Vårleg hyllepynt

Februar nærmar seg slutten og me går snart inn i mars månad, den fyrste vårmånaden! Det gjer godt for både sinn og skinn at dagane no er lysare og lengre. Me har ikkje sett så mykje til sola på desse kantane dei siste dagane, men me veit at ho er der og byrjar å gjere seg klar til å varme opp både hud, hender, bakkar og blomar. 

Hylla på kjøkkenet vårt har no fått litt meir vårleg pynt. Det er kjekt å kunne variere pynt etter årstidene. Eg er ikkje den som pyntar til jul i november, heller ikkje til vår i januar. Men no syns eg at det er på tide. Våren er faktisk rett rundt hjørne!
















Ønsker alle ein fortsatt god og oppladande søndag!

Klem Kristina


 

fredag 25. februar 2011

Muscari

Fredag er ein herleg dag. Akkurat som med advent, det beste er i vente. Etter at me fekk gjort unna helgereingjeringa i går pynta eg med litt muscariblomar, eller perleblomar om du vil, rundt om i huset. Eg kjøpte ei mellomstol potte med desse skjønne løkblomane og fordelte dei i ulike vasar, mugger og krukker. Ja faktisk blei det nok til å fylle  heile 6 stk!

Nokre av dei fekk henge på ein krok på vegghylla i stova vår...







Nydelege desse blå perleblomane syns eg. Minnar om at våren snart er her. Når dei er avblomstra vil eg ta var på løkane, la dei ligge tørt i kjellaren og plante dei ut til hausten.

Nokre bilder frå hjørnehylla i stova vår. Som de ser har eg fått dilla på å knyte blonder rundt forskjellige norgesglas og andre krukker.










Når eg kjøper eller får blomar i gåve får dei ofte plass på denne kvite kommoden me har på kjøkkenet vårt. Den har me arva frå tante Annemor, som no desverre er død. Den er blitt ein av mine favorittmøblar. Me arva ein heil del andre skattar òg frå henne som eg kjem til å vise dåke etterkvart.








Tilslutt vil eg ynskja alle lesarar ei god helg. Og hugs på dette at:
Den største gleda du kan ha, er å gjere andre gla` :)

Klem fra Kristina


onsdag 23. februar 2011

Veggbilde av gamal t-skjorte!

Det var då eg rydda i kleskapet til ungane for eit par veker sidan at eg  fekk ideèn.
T-skjorta har jenta vår arva og den har blitt mykje brukt, men no var den blitt for liten. Hålete var den visst òg. Syns motivet på den var så koseleg så eg tenkte eg ville klippe det ut og lage eit veggbilde til jenterommet av det.



T-skjorta som jento vår arva har sett sine bedre dagar og får bli til noko heilt nytt. Gjenbruk av gjenbruk!



Motivet vart klippet ut og så var det fram med symaskina. Eg strauk på fliseline bak motivet slik at det vart litt stivare. Kvite og raude rammer, dukvatt, bakside og tilslutt ein lukkekant med raudrutete stoff.



Slik vart resultatet:






No har jenta og dukkene hennas, som ein gong var ei t-skjorte, fått nytt liv på veggen til prinsessa vår. Ho var svært nøgd då ho fekk sjå resultatet i dag!  

Fleire bilder frå jenterommet kjem i eit seinare innlegg.

Ynskjer alle ein fin kveld :) Kristina

Barn og bøker

I dag vil eg minne meg sjølv og andre om kor viktig det er å lese med barna. Me lever i ei tid der TV, data, DS og andre teknologiske duppedittar er ein stor del av barna sin kvardag. Bøker og lesestunder bring med seg heilt andre kvalitetar. Her vil eg nemne 10 gode grunnar for å lese med barna:

  • Skaper nærhet og kontakt mellom barna og den voksne
  • Stimulerer fantasi og kreativ tenking
  • Øver opp evna til å lytte
  • Gir barnet bedre språkforståelse
  • Utvidar ordforrådet deiras
  • Barnet øver opp evna til å konsentrere seg og trena hukommelsen
  • Barnet tilegner seg ny kunnskap, enten det er faktabok eller ei bok som omhandlar relasjonar
  • Lesestunda gir rom for samtale og refleksjon  
  • Barna kjenner ofte seg sjølv og situasjonar igjen i bøker
  • Barna vert glad i bøker og får oppleva tryggleik gjennom oppattaking

Me har valgt å ha barnebøkene lett tilgjengeleg. Mesteparten av dei er plassert her i denne expedithylla som står vedsida av TVen i kjøkkenstova vår. 



Eldste jenta vår skal byrje på skulen til hausten. Då me var på innskrivingsmøte i haust fekk me med oss eit hefte som heiter "god skulestart". Som foreldre vil me jo gjerne at barna våre skal klare seg bra på skulen. I dette heftet oppmodar dei oss blant anna til å bruke minst 15 min kvar dag til å lese,synge eller lese rim og regler for barna. Ifølge heftet viser undersøkingar at barn som blir lese for tener stort på det i skulesamanheng.



Ekstra koseleg er det å lese bøker som eg sjølv hadde då eg var lita. "Ole Jakop på bytur" av Torbjørn Egner var ein av mine favorittar. Bøker skaper gode minner!!

Seinare i dag vil eg vise dåke eit gjenbruksprosjekt eg er ferdig med! Følg med!



tirsdag 22. februar 2011

Litt i fra kjøkkenbenken

I dag har zaloflaska mi fått seg nye kle :) Reiv bort det gule zaloemblemet og limte på ein bit med kvit voksduk istaden. For at ingen skal ta feil av innhaldet i flaska skreiv eg zalo på eit kvitt klistremerke og limte det på. Pynta med papirblomar (så får me sjå kor lenge dei held seg fine). Brått var det ikkje så ille å ha zaloflaska ståande framme på kjøkkenbenken. Eg må ha den lett tilgjengeleg for den er ofte i bruk her i huset :)


Når flaska er tom fyller eg på fra ei større som eg har ståande i skapet. Nokre butikkar sel berre dei store zaloflaskene. Eg syns dei minste er mest hendige og kjekke.


Oppvaskkosten er satt i eit norgesglas oppå eit loppis-tefat. Denne ideèn fekk eg i eit interiørblad for ei stund sidan. Dette syns eg er både dekorativt og ikkje minst veldig praktisk.




Tilslutt eit bilde av den ryddige delen av kjøkkenet mitt her i dag. Vil ynskje alle som er innom ein herleg tirsdag. Klem Kristina




søndag 20. februar 2011

Oppbevaring

Denne månaden har NIB utfordra medlemmane sine til å vise fram gode oppbevaringsideàr. No er ikkje eg blitt medlem av NIB endo (skal søke om det så snart eg har fått laga 10 innlegg), men eg tenkte eg likevel kunne vise nokre oppbevaringssystem som fungerer godt i heimen vår.  

Dei velkjente BILLY-hyllene dekker nesten ein heil vegg i stova vår og skjuler ein masse med saker og ting. Her oppbevarer me både serviser, bøker og ulike spel til ungane.











Me fant ut at det var lurt å feste barnesikring på dørene der me oppbevarer spel, puslespel, bøker mm til ungane. Dette gjer det enklare å halde orden.









Ynskjer alle saman ein god kveld og ei god natt. Klem Kristina







fredag 18. februar 2011

Lampemakeover

Med litt kvit spraymaling og ein ny lampeskjerm fekk eg ein ny lampe. På bildet ser de korleis den var før. Eg hadde to mørke, no har eg ein av kvar, snart vil eg få to kvite:)





Lampen har no fått plass på hjørnehylla mi i sofakroken og den lyser fint opp for tildaengelen og alle oss andre i huset. Hjørnehylla har også fått ein omgang med den kvite malerkosten min. Den var eingong mørk, men eg likar den mykje betre no. Og med ein fin knott i frå bloomingville vart den nett som ny. Hylla kjøpte me i si tid på Ikea (som så mykje anna me har i heimen vår).


onsdag 16. februar 2011

Bruktfunn til barneromma

Eg er jamleg innom den lokale bruktbutikken her eg bur, men det er ganske ofte eg kjem tomhendt ut derifrå. Forrige gong eg var der fant eg derimot litt forskjellig. To lampefotar, ein rød og ein lyseblå, som eg trur vil bli fine med nye lampeskjermar. Nokre tekstilar (gamle sengesett) vart også med meg heim den dagen. Her i huset har me foreløpig berre tre soverom. Det er eit foreldresoverom, eit jenterom og eit gutterom. Planen er at vesleguten vår skal dele rom med broren sin når den tida kjem at han ikkje skal sove med oss lenger. Storesøster er litt misunneleg over dette, ho òg ville så gjerne hatt nokon å dele rom med...slik kan det også vere...



Desse lyseblå detaljane skal inn på gutterommet. Med ein ny lampeskjerm trur eg lampen vil bli søt. Dei gamle putetrekka tenker eg å sy noko av. Kanskje eit sengeteppe, nokre puter eller ein tildafigur? Me får sjå. Ideane er mange men det er neimen ikkje alt som blir realisert.




På jenterommet er veggane heilt kvite og fram til no har fargen rosa prega interiøret i rommet. Eg har planar om å snike inn litt røde detaljar og tenkte derfor denne lampen ville bli fin på nattbordet til prinsessa vår. Heldigvis er ho lett å overtale så eg trur ikkje det skal bli noko problem. Litt rosa skal sjølvsagt få bli. Det blomstrete sengesettet kjøpte eg på ein Fretex-butikk i Bergen for ei stund sidan.

tirsdag 15. februar 2011

Heldige meg

Jammen er eg heldig! Heldig som har tre herlege ungar! Klart det krever mykje å ha små barn, men så gir dei så mykje glede og kjærleik tilbake. Det gjeld å ta vare på dagane, ein får aldri igjen den tida då ungane var små. 


På morsdagen var eg heldig å få fine kort og teikningar. Jenta mi hadde teikna heile familien på eit stort A3 ark. Ho hadde også skrive fine ord til meg inni kortet.  
Korta øverst til høgre laga ungane på søndagsskulen denne dagen.

Mannen min skreiv også nokre gode og vise ord til meg: "Styrke og verdighet er hennes kledning. Hun smiler mot dagen som kommer".
Fra Salomos Ordspråk i Bibelen.



 Eg var også heldig å få to flotte blomebukettar på morsdagen. Dei blømer fint endo.

gamle boksar



Desse koselege boksane har eg fått av mi kjære mamma. Me hadde dei på kjøkkenet heime då eg var lita jente og dei vekker gode minner hos meg. Lenge har dei stått i mamma sin matbod men no har dei fått sin renesanse her hos meg. Dei er foreløpig tomme, syns dei gjer seg godt som vegghyllepynt.




mandag 14. februar 2011

mugger med minner



I mitt aller første blogginnlegg vil eg vise dykk 3 mugger som betyr mykje for meg. Eg har alltid vore glad i mugger og den på bildet over kjøpte eg allereie som 12-åring. Det var medan me var på ferie i Danmark at onkelen min tok oss med i ein brukt- og antikvitetsbutikk at eg kjøpte meg denne fine porselensmugga.








Denne mugga vart kjøpt i den spanske byen Ronda medan eg og min kjære var på bryllaupsreise der for snart 7 år  sidan. Den vekker gode minner :) Ronda er forresten ein by vel verdt eit besøk dersom ein skal til Spania. Den ligg litt inn i landet så me var der berre på ein dagstur. Her kan ein få med seg litt av Spanias kultur og historikk.




Eg prøver å kjøpe med meg ei fin mugge kvar gong me er på tur i utlandet. Denne kom med meg heim frå Riga då me var der for nokre år sidan. Forresten også eit fint reisemål dersom ein vil oppleve meir enn sol og strender.


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...