mandag 21. november 2011

Tallerkenhylle på kjøkenet

Me hadde ei tallerkenhylle på kjøkenet vårt, men den var for liten i dybden til at eg fekk plassert fata mine i den. Då eg malte kjøkenveggane fann eg ut at eg ville nytte høve til å byte om på tallerkenhyllene. Den som hang på guterommet var mykje bedre i størrelse og mål. Dermed har tallerkenhylla som tidlegare tente som bokhylle på gutane sitt rom komen inn på kjøkenet vårt.



Tallerkenhylla er malt i ein gråfarge litt mørkare enn veggen vår. Morgendis er namnet på den fargen. Veggen er malt med fargen Skagen. Hylla kjøpte eg brukt for 75 kr. Då såg den slik ut.


Endeleg har eg fått ein plass til dei fine gamle fata mine ♥


Knaggrekka under er veldig praktisk tå å henge kjøkenhandkler, smikker og andre nødvendige saker. Den er frå Hubsch. "Skittentøy"-posen er kjøpt på Kremmerhuset. Her havnar alle skitne smikker og handler/klutar før dei kjem vidare til vaskemaskina. Eg skal love deg at det sjeldan ser så ryddig ut i denne delen av rommet. Her blir fort ein samlestasjon av tomflasker, papp og papir (som eg samlar i den kvite papirposen) og  andre ting som skal vidare.



Det nærmar seg advent med stormskritt. Denne veka må eg prøve å bli klar til å gå advent i møte. Ei herleg tid, så lenge ein klarer å unngå å stresse for mykje. Det er mitt største mål, å prøve å førebu jul med kvilepuls! Er du godt i gong med juleførebuingane?

Ha ein fin mandag :) 



Klem frå Kristina

2 kommentarer:

  1. du er velkommen til å vera med på vår utfordring: vis oss din adventsstake :)

    Koslig kjøkken dåke har!
    Henriette

    SvarSlett
  2. Takk for koselig kommentar! (Bursdagen min er eigentleg ikkje før i morgong, men takk for bursdagshelsing! :D)

    Gler meg til å sjå adventsstaken din!

    Og biletet av jenta i headeren din var heilt nydelig! Har ikkje lagt merke til det før no eg. Nydelig bilde :)

    Ønsker deg ein super dag!
    Klem helene

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...