torsdag 24. november 2011

Heimelaga kjøken på guterommet

 Det var vel no eg skulle vist fram bileter av ein adventspynta heim, men så langt er eg ikkje komen endå. Tradisjonen tru ventar eg til fredagen før fyrste søndag i advent med å finne fram adventsstaken (oops..det er visst i morgon allereie det)


Her i huset har omgongsjuka sett ting på hovudet dei siste dagane.
Eg og mellomsteguten er over det verste. Får berre håpe dei andre 3 slepp unna. Slikt eit besøk kan berre dra sin veg.



I mangel av julerelaterte innlegg viser eg nokre bileter av den gamle kommoden eg har laga om til eit lite kjøken på guterommet (med litt hjelp av min hjelsame mann. Kva skulle eg gjort utan deg kjære?)



Eit hundemat-fat er felt ned i plata. Kokeplatene er malt på og over der har eg hatt kontaktpapir (prøvde først utan men det viste seg å ikkje vere så smart, då malinga ikkje var vannfast) :)



På kjøkenet deira har eg samla ei salig blanding av nye og gamle små ting som skal gjere matlaginga deira koseleg. På ønskelista står frukt og grønnsaker, og andre "mat" leker. Gjerne i tre eller stoff :) (Dette siste var til dåke tantene som lurer på kva dei ønsker seg til jul).


Tallerkenhylla som hang på kjøkenet vårt tidlegare har komen inn her. Litt mindre enn den andre, men likevel stor nok til å romme det den skal. 


Medan eg leitar fram adventstjerna og vaskar på sengkler full av oppkast, håpar eg at du som les bloggen min har ein god dag.

Klem fra Kristina
Godt at slike bloggeklemmar ikkje er farlege på noko måte :) 



2 kommentarer:

  1. Kjempe fint kjøkken. Synes de hjemmelagede er de fineste:-).

    SvarSlett
  2. Utruleg fint kjøkken! Så koseleg. Ser ut som du har ein veldig fornøyd liten gut i heimen. God bedring te alle dåke andre. :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...