fredag 28. oktober 2011

Nymalt kjøken

Eg har lenge hatt lyst til å male panelveggane på kjøkenet og for eit par veker sidan kom malelysta over meg. Eg har malt taket og fann ut at eg like godt kunne hive meg på kjøkenveggane når eg først var i gong. 





Marakesh heiter fargen me hadde før. No er veggane blitt lysegrå med fargen Skagen. Eg må seie meg godt fornøgd. Meir lys og meir harmoni i fargane. Ein av grunnane til at eg ikkje likte Marakesh var at eg syns fargen kolliderte med benkeplata i eik og eikeparketten på golvet. No framhever fargen på veggen det gyldne eiketreverket istadenfor å konkurere om oppmerksomheten.





Under kan du sjå korleis kjøkenet såg ut før,og for å sjå fleire bileter kan du trykke her.


Eg håpar og trur at eg no blir varig fornøgd med fargen på kjøkenet. Eg har ikkje tenkt å male dei annakvart år framover nemleg. Mange som er innom kjøkkenet vårt skjønnar ikkje kvifor eg orka bruke tid på dette, men for meg som lever her betyr det ein del. Ein skal like dei fargane ein omgir seg med. Det er ein viktig trivselsfaktor. Samtidig er det fint å kunne vere fornøgd med slik ein har fått det og ikkje stadig jage etter noko nytt og finare. Det er jammen ein utfordring, særleg her inne i blogglandia.


Det er så rimelege roser å få kjøpt på daglegvarebutikkane fortida. Fine er dei òg synast eg. Desse kjøpte eg med meg på Rema for 39 kr og dei har lyst opp på kjøkkenbordet vårt denne veka. Jammen trur eg dei held seg ut helga òg :)



No må eg gjere resten av helgereingjeringa for seinare i dag får me koseleg besøk av ein familie på fem (snart seks :). Huset blir ikkje strigla, det viktigaste er felleskapet når me kjem saman. Dele tid og hjerter. Berre vere saman og kose seg ilag. Det er verdifullt!


Klem fra Kristina











10 kommentarer:

  1. Veldig flott farger på kjøkkenet. Blei veldig lyst og fint, (for all del, da va veldig fint før og, Kristina). Men kjekt me litt forandring av og til. :) God helg!

    SvarSlett
  2. Den fargen er så fin, har sett på den jeg også. Kjøkkentet ble kjempe flott!!

    Klem fra Annfrid

    SvarSlett
  3. Kjempefint ble det! Fin den andre fargen og, men du har helt rett ang.eiken, den kom mer til sin rett nå! farge er viktig for trivselen, jeg merker at det å skifte duker kan gjøre underverker for energi og trivsel..
    ha en nydelig helg!

    Klem fra Hanne:)

    SvarSlett
  4. det ble jo veldig fint, da. Og enig i at det er viktig i trives i kjøkkenet ....
    God helg til deg og dine

    SvarSlett
  5. Så fint og lyst det ble på kjøkkenet ditt! :) Det er viktig at man trives i huset sitt ja- og så viktig som du sier, å finne den fiiine balansen mellom å trives og ville ha mer! Fargen var kjempefin synes jeg, er veldig glad i kontraster mellom vegg, tak og vinduer- men det trenger ikke være så mye, bare bittelitt, som på kjøkkenet ditt :)

    men du! Har du fått deg facebook enda? Jeg venter og venter på å få en ny venn i lista mi! ;)

    Ønsker deg en fin fin helg! Her er det sykdom ute å går, så her vil ingen gjester komme :D Men vi skal nok kalre å kose oss for det vi!

    Mange klemmer!

    SvarSlett
  6. Det vart kjempefint!! skagen har me malt det som no skal bli babyrommet i, og eg er like glad i fargen no, som da me malte den for 4 år sidan! Har óg tenkt på å male kjøkkenet i den når det skal pussast opp:)
    Ønsker deg og dine ei god helg! Klem

    SvarSlett
  7. Ah! Likte kjøkenet ditt både før og etter!
    Vakkert ♥

    Så mykje lekkert i bloggen din!

    God søndag :)

    klem frå Astrid ♥

    SvarSlett
  8. Tusen takk for den utruleg hjartevarme kommentaren du la igjen inne hos meg! Å finne slike kommentarar her inne er ein av dei tinga som eg kjem til å sakne mest av alt! Du verkar så ekte og god! Og det er sant som du seier at vi ein dag skal treffast:) Det er jammen artig å ha eit slikt evighets perspektiv! Eg har lenge kjent at det har vert så tomt å blogge om ting og tang, det betyr så lite i den store samanhengen. Sjølv om det sjølvsagt er kjekt å ha det fint rundt oss;) Har blogga litt om borna og, men eg har blitt meir bevisst på at liva deira ikkje skal leggast ut på nettet for alle og ein kvar. Eg sett stor pris på orda du skriv, det gjer meg berre endå meir sikker på at eg har tatt rett valg. Eg kjem til å titte innom deg av og til. Syns du har hatt slike koselege innlegg. Verkar som du har ein fredfull og harmonisk heim. Ønskar deg alt godt! Vi snakkast ein gong;) Klem

    SvarSlett
  9. Ps! Så fint kjøkkenet ditt vart:)

    SvarSlett
  10. Hei!
    Så fint kjøkkenet ditt ble.
    Fargene harmonerer godt!

    Fin onsdag!

    Klem Sigrid :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...