mandag 10. oktober 2011

Nostalgisk gyngehest

Eg har tidlegare ropt høgt om at eg har kjøpestopp, men i dag må eg meddele at eg har brutt løftet mitt. Då eg såg denne gyngehesten på bruktbutikken i dag var eg solgt. Og når det i tillegg var halv pris på alle varer var eg ikkje i tvil. Denne søte gamle gyngehesten måtte få bli med heim til Nordbygdo.





Det er nok ikkje slik at eg heilt klarar lovnaden min om å berre kjøpe dei aller mest nødvendige tinga me treng for å overleve. Men eg har blitt mykje flinkare til å tenkje over om eg eigentleg treng det eg står og ser på og vurderer å kjøpe. Har også blitt flinkare til å unngå å dumpe innom interiørbutikkar utan eigentleg å ha eit ærend der. Kjem som regel ikkje tomhendt ut igjen...




Eg veit ikkje om det er ammetåka eller berre det at hukommelsen sviktar som gjer at eg kan gløyme noko så fint. Desse fugleknaggane frå Kremmerhuset kjøpte eg meg i sommar. Fann dei plutseleg att her ein dag. Lukke for meg. Måtte henge den opp med ein gong. Den vesle koppen med blå blomar fekk eg av besteforeldra mine då eg var liten. Kjært minne.





Ønsker deg ein god og triveleg dag :)


Klem frå Kristina  

4 kommentarer:

  1. flott gyngehest, slikt MÅ man jo bare ha .....
    Fin mandag til deg!

    SvarSlett
  2. Kjempefin gyngehest:)leverte nett et lite lass te Gjenbruk og meir har eg visst og,og et stort tilhengerlass te Svartasmoget,har forandra litt stil oppover og når ein bur så trangt så e da rett og slett ikkje plass te noko,kjøpe eg noko så må da smuglast inn og komme med unnskyldningen at den tok eg bare ned fra loftet den:)

    SvarSlett
  3. Så fin den var, stod der og venta på deg ;-) Koseleg du har pynta opp!

    SvarSlett
  4. så kosleg gyngehest :) Den vil nok ungane få mykje gleda av!
    God ettermiddag!

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...