torsdag 20. oktober 2011

Kunst av skrukorkar

Frå no av må du slutte å kaste skrukorkar frå melke- og juicekartongar. Iallefall viss du vil gjere det same som oss. Me har i lengre tid samla på desse og no har det blitt kunst ut av det.


Ungane i heimen har fått utfolda seg med maling, lim og skrukorkar. Eg likar prikkete ting. Og slik starta det. Kjøpte inn rimelege lerret på Europris som ungane fekk male. Korkane vart dyppa i lim som eg hadde på eit te-fat. Kjekt å lære ungane at det går an å lage noko fint (i større eller mindre grad) av ting som ellers hadde hamna i bosset.


No heng bileta utstilt i gangen mellom soveromma våre. Eldstejenta på 6 laga ein hest. 3 åringen laga kunsten på sin måte. Og den vesle blå laga mammo sjølv. Den vart etter hennar smak :)










Skulejenta vår er glad i alt som har med maling, teikning og anna hobbysaker å gjere. På rommet hennar heng ei rame med ei lita kleklype i som stadig får nytt utstillingsmateriale (produksjonmengda er stor). 



Maleriet som heng der no synast eg vart veldig kreativt og fint. Dette vart til i haustferien, medan mammo malte kjøkken (!), J var i barnehagen og vesleguten sov. 


Kanskje viser eg bileter av mine siste maleprosjekt også ein dag...

På gjensyn!
Kristina

2 kommentarer:

  1. Desse vart jo faktisk veldig fine! Skikkelig dekorativt! Og kjekt som du seier at ungane kan lera seg å nytta nullverdimaterial, at ikkje alt må vera nytt=)) Kanskje eg sku foreslått dette for barnehagen, takk for tips;)
    Ynskjer deg og dine ei fantastisk helg!=)

    SvarSlett
  2. Du har så mange ideer:)eg skal begynna å samla på de eg og,da blir jo fort mange skrukorker etterkvart som me drikker:)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...