onsdag 14. september 2011

Mitt kjæraste møbel



 Pianoet er det møbelet i heimen vår som ligg hjarta mitt nærast. Eit PETROF piano som eg kjøpte brukt for 5 år sidan. Utsjånadmessig er det ikkje så mykje å skryte av, men lyden og klangen i intrumentet er eg veldig nøgd med.

Pianoet gir oss mykje glede. Her sit eg med ungane på fanget og spelar barnesongar. Eller så spelar eg og ungane dansar på golvet. Kvardagsgleder

Eg byrja tidleg å spele piano på kulturskulen og det har blitt mykje øving oppover åra. No om dagane blir det lite av den systematsike øvinga. Derimot frå eg nyte godt av det eg tidlegare har lagt ned i tid ved pianoet. Slik er det med mange ting i livet. Investering er ein god ting. Så gjeld det berre å investere i dei rette tinga :)

Ynskjer deg ein god dag.
Klem frå Kristina

1 kommentar:

  1. Hei!

    Du seier at pianoet ikkje har så fin utsjånad. Eg ser ikkje så mykje på bildet, men fekk lyst å gje eit tips. Du kjenner meg ikkje heller. Kom innom sida di gjennom Kristin Vestbøstad ;)

    Vi fekk eit piano heilt gratis, men det såg ikkje ut. Masse merker etter katteklør... Men det var jo gratis! Og klangen var fin! Så kva gjorde vi då? Vi malte det kvitt og sette på ein tekst: "Syng for Gud, ja syng og spel, syng og spel for vår konge! Salme 47:7". Det vart sååååå fint! ;) Ser at du har ein del kvitt i huset ditt, så det skulle kanskje vere kjekt med eit kvitt piano..?

    Det gjorde ingentig med klangen og vi ringde pianomakar + pianobutikkar på førehand for å vere sikker.

    Vennleg helsing Kaisa Ruth Furberg (venninne av Kristin)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...