mandag 12. september 2011

Haustlege sysler og veggskap før/etter







No når det er haust likar eg å gjere ulike haustsysler.
Haust for meg handlar om innekos med ein kopp varm kakao og eit hekle/strikketøy. Turar i frisk haustluft der ein kan sjå dei vakre fargane i naturen høyrer også med (men når det striregnar heile tida er det ikkje fullt så kjekt). I år har det også blitt tid til litt sortering og rydding i ulike skap og skuffer. Litt ommøblering vart det også. Kommoden i gangen vart flytta inn i stova og veggskapet fekk plass over. 




Dette kjøpte eg på finn.no rundt årsskiftet. Eg betalte vel 500,- for begge deler. I sommar vart det malt kvitt (kommoden lys grå) og no har det endeleg funne sin plass.

♥ 

 Eg har som sagt innkjøpsstopp på unødvendige ting fortida. Då er det ekstra kjekt å få gåver. Dette fine hjarta med to lys og ein liten vase fekk eg av søte Kristin som var på besøk hos meg på fredag. Kristin skriv bloggen Familiegleder og det var slik me vart kjend. Set utruleg stor pris på alle dei fantastiske menneska eg møter gjennom bloggen, og ekstra stort når ein også kan bli venner på "ekte". Då føler ein at blogging har verdi ♥






Tilslutt eit før bilete av veggskapet (beklagar dårleg bildekvalitet). Eit heilt ordinært veggskap som med litt kvitmaling har heva seg eit par hakk utsjånadmessig.


Vil ynskje nye følgarar velkomne. Håpar de vil trivast ♥ Vil også takke for alle dei skjønne kommentarane de legg igjen. Det gjer det ekstra kjekt å skrive blogg :)


Klem frå Kristina

4 kommentarer:

  1. Hei på deg!

    Tusen takk for den koselege kommentaren inne hos meg! Eg er ikkje så flittig med kommentarar eg heller. Det tar ein del tid å blogge, og eg kjenner at eg må begrense meg. Det er så veldig mange ting som er så mykje viktigare!!

    No har eg lest meg litt nedover i bloggen din. Ei stund sida eg har hatt meg ei lesar-runde. Og det var verkeleg trist å lese om svogeren din! Guds vegar er ikkje alltid like gode å forstå. Ein nydeleg sang med mange gode ord!! Eg har høyrt han så mange gangar, men eg har ikkje heilt tenkt over bodskapen i han før no. Skal ta med meg den sangen! Takk for at du delte den! Syns du skriv så godt. Du er flink å sette ord på ting og det er godt å lese det du skriv!

    Eg synes det er kjempeflott at du har valgt å vere heime med barna dine! Ei verkeleg god prioritering som du bare kan få positivt utbytte av! Skulle ønske det var fleire som kunne sjå den muligheita! Eg er heime med mine barn to dagar i veka og dei dagane er gull verdt! Håper dåke får ein fin haust med mange gode minner!!

    Ps! Nydelege oldemors-ruter! Og så fint du fekk det med det skapet! Du er flink til å lage det koseleg!

    SvarSlett
  2. Hei og endelig bloggetid emns lillegutt sover litt:-) Så fint det ble med maling på finn-funnet ditt, og så imponerer dus tort mht hekling!!! Kondulerer så mye med søskenbarnet til mannen din, så ufattelig trist...19 år ung... Man kjenner ikke dagen før solen går ned... varm klem, Marianne

    SvarSlett
  3. Kjære Kristina! Du e SÅ flinke!! :-) Ingen tvil om at du gave og talent innenfor estetisk sans!! Håpe alt e bra med deg! Stor klem fra Olaug Elin

    SvarSlett
  4. Nydelege bilder, Kristina. Kommoden og veggskapet passa jo kjempebra saman. :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...