søndag 11. september 2011

Dette skulle naboen kaste, del 2

Eg har tidlegare lova å vise meir av tinga eg fekk berga fra å bli kasta i sommar. Her kjem det endeleg nokre bileter. 


To blå blomsterpotter har funne vegen til vegghylla i kjøkkenstova vår. Her står dei fint saman med andre blå detaljar. Litt sånn bestemoraktige og samtidig litt retro. Eg likte dei iallefall så godt at eg ville ta dei med meg inn i stova mi :)




To korger vart også med meg inn. Fine til å ha strikketøy, leiker eller andre ting i. Eg likar veldig godt slike korger og andre ting som har naturelement i seg. Synes det gir interiøret eit meir levande og lunt preg, særleg no om hausten. 








Det vart litt mange bileter av same motivet, men eg måtte berre ta med dette siste her. Denne nysgjerrige godingen er overalt om dagane, så det var ikkje lett å unngå å få han med :)

 Det finnes ikkje så mykje naturelement i min heim enda, men eg har veldig lyst å hente inn litt no i haust. Kvifor ikkje nytte seg meir av det som finnes i store mengder utandørs? Det er så mykje fint ein kan lage av t.d lyng, bjørkeris, eføy og andre kvistar & kvastar. Ei som har laga ein veldig fin krans av lyng er BK med den koselege bloggen HOS OSS I NØKKELDALEN. Klikk her for å sjå.


Når det gjeld "fangsten" frå i sommar har eg endå nokre ting eg vil vise dykk. Dei er i litt meir retrostil og må derfor få sitt eige innlegg :)
Ynskjer deg som er innom ei god helg.

Klem frå Kristina 





5 kommentarer:

  1. NYYYYYDELEGE dei krukkene!
    Og nyyyyydelege bilder!
    Godt du var der og redda dette frå bosset;p

    Du har ein vakker heim ♥


    Klem ♥

    SvarSlett
  2. Kjære Kristina! Det var et trist og vakkert innlegg om Vegard! Det gjør meg vondt å høre om det! noen ganger virker ting så ubeskrivelig vondt og uforståelig. Og noen ganger er det sånn, at vi faktisk ikke skal forstå alt! Vi er jo lært opp til å tro at "alt har en mening" Det kan være uhyre vanskelig å skjønne noen ganger, men samtidig er det godt å klamre seg til!!

    Takk for at du delte dette innlegget. Ønsker deg noen gode dager! Klem Merethe

    SvarSlett
  3. Hei! Så koselig at du likte dørkransen,og linka til den! :)
    he he, leste innlegget ditt rett før eg la meg igår, og i natt så drøymde eg at du hadde gitt dei blå blomsterpottene på den lokale bruktbutikken her, og at eg kjøpte dei! komisk! :)
    Veldig koselige bilder, som alltid! og skjønnt med linseluset:)
    Ha ein fin dag! klem

    SvarSlett
  4. Så fin linselus!!:) Er ikkje det kjekt å redde ting og tang frå bosset?? Det har eg og gjort opptil fleire gonger;) Kjempefint hos deg:))
    Du spurde omk fargen vi har på kjøkenet. Den heiter Skagen, veldig fin lysgrå farge. Vi har den i gangen og faktisk:)
    Ha ein fin dag!
    Klem:)

    SvarSlett
  5. Kjempefine ting, Kristina. Du er så flink til å sjå kor ting passar, og ikkje minst ka som passe sammen. :) Ikkje dumt!

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...