søndag 4. september 2011

Dette skulle naboen kaste, del 1

I sommar hadde naboen opprydning i huset sitt. Eller det vil seie at barnebarnet (vaksen mann) rydda ut av bestemora sitt hus. Då eg såg containeren vart plassert i hagen og allslags gamalt skrot (les: skattar) hiven ut frå huset, var eg snar med å melde mi interesse.

gamal blåbærplukkar og høyang kaffikjele

"Er du sikker på at ingen i andre i familien er interisert i noko av dette?" Spurde eg. "Niks" "Ta alt du vil ha", svara vår nyinnflytta nabo. "Eg har spurt dei andre i familien, ingen er interisert." Plassmangel var det store argumentet.






Men der det er hjarterom er det husrom! Hos meg er det stort hjarterom for gamle ting. Dette er noko av det eg var så heldig (etter mitt skjønn) å få med meg heim.



gamal hjulvisp, dørslag(?) og høyang halvlitermål


"Det gjeld å vere om seg og for seg, for å få noko i seg og seg" er eit ordtak Besta mi pleier å sitere. Og det er sant. Hadde ikkje eg hatt augene med meg ville alle desse fine tinga vore gjømd i ein bosshaug no!








Viser meir av godsakene i neste innlegg.


Ha det fint så lenge :)

 ♥

Kristina

7 kommentarer:

  1. Phuuuu! Det er så bra at du fekk "kloa" i dette!
    Lekre saker som så absolutt IKKJE skal kastast!

    Bilda du viser er berre så flotte ♥

    Takk for fine ord frå deg :)

    Ønskar deg ei flott ny veke :)

    Klem frå Astrid

    SvarSlett
  2. Oi, heldige du! Kjempe fine ting. Tenk å vurdere å kasta!

    SvarSlett
  3. oj, så heldig. Godt at noen vet å ta vare på slike skatter.
    Ha en fin uke

    SvarSlett
  4. å så masse fine skattar! bra du oppdaga dei og redda dei!!
    ha ein fin dag!
    klem

    SvarSlett
  5. Så mye fint da!! Snakk om flaks, spesielt når du går inn i en periode hvor man ikke kan unne seg all verdens nips.. Skikkelig lekkert!!

    Klem Monica.

    SvarSlett
  6. Så heldig du har vært, og ikke minst var tingene heldige som havnet hos deg:)Gleder meg til fredag! Klem Kristin

    SvarSlett
  7. Hei!
    Så mye fint du har fått tak i, det er bare å gratulere :)
    Ha en fin kveld!

    Klem fra Sigrid :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...