fredag 26. august 2011

A smile is the prettiest thing you can wear

Hausten er her og me gjer oss klar for meir innekos.


 Stearinlysa vert tente og teen og kakaoen funnen fram. No kan det berre regne så mykje det vil. Me skal kose oss alikevel :)

"Lurer på kva som er oppi denne boksen?"


"Luktar godt gjer det òg..."


Min vesle lyslugg likar også å kose seg inne. I dag då eg tente på eit te-lys seier han så fint: "Mamma, det luktar kakao". Kakao i koppen er einsbetydande med innekos for den guten. Herleg korleis ungar assosierar :)


Kvit haustlyng er komen inn på kjøkkenet mitt. Eg har ein tendens til å gløyme at også lyng treng vatn. Mon tru kor lenge eg klarar å halde desse ilive?








 Dei sukkersøte pastellane blir erstatta med meir haustlege fargar. Grønt saman med lyseblått er ein av mine favorittar denne hausten. Eg brukar også eindel lilla og fram mot jul blir det meir rødt.



 

Med desse orda vil eg ynskje alle ei fin helg :)

Kristina












2 kommentarer:

  1. Hipp hurra, et skikkelig koseinnlegg fra deg! :) Så skjønn poden din var "det lukter kakao!" He he, tydelig at dere er gode¨på slike kosestunder :)

    Synes foresten at innlegget "gode sommerdager..." var utrolig bra! Jeg går god for alt du skriver her altså! SÅ flott å lese slike innlegg på bloggrunden i dag! takk!

    Klemmer!

    SvarSlett
  2. For eit koselig innlegg. Kjenner eg vil rundt å pynte litt når eg ser kor fint du har det!

    Ang. sykurs kan du gå innpå stordhusflidslag si heimaside. Der er det lagt ut ny kursplan=) Meld deg på, det er kjempekjekt og veldig lærerikt!=) Eg sku gjerne vore med igjen, men kan bare ei av dei to helgene.. Ynskjer deg og dine ei fortsatt god helg, måtte den verta fylt med kosestunder og glede!;-) klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...