torsdag 18. august 2011

Glimt frå sommaren vår


Her kjem eit lite livstegn frå meg. Det er stille på bloggen min fortida, men alt anna enn stille i heimen her. Eldstejenta har hatt sine første dagar på skulen og eg veit ikkje kven som har vore mest spent av meg eller henne... ? :)
Biletet er tatt i ei koseleg gate i Mandal i sommar
Me har hatt ein fin sommar, men også ein spesiell sommar med både gleder og sorger.  Utøyatragedien har sett sine spor i oss alle. I tilegg har me også opplevd tragiske hendingar i nær familie. Midt i det vanskelege lærer me å telje dagane som er gitt oss og eg kjem stadig tilbake til dette spørsmålet; kva er det som eigentleg betyr noko her i livet?  
 I sommar fekk me oss ein fin bilferie rundt sørlandet og austlandet. Reiseruta strekte seg frå Sunnhordland til Mandal, vidare tl Kr.Sand og deretter til Hamar og tilbake over Hardangervidda. Det vart nokre mils kjøyring, men det gjekk over all forventning. Fint vèr fekk me òg, og kva er vel finare enn å feriere i Norge når sola er med oss?

No ser eg framover mot ein ny haust. Alle årstider har sin sjarm. Innekos med strikketøy og varm kakao, joda, hausten kan vere veldig koseleg den òg.

Kor mykje blogging det vert veit eg ikkje endo. Det står ikkje øverst på prioriteringslista, men eg håpar å kome innom innimellom :) Herleg med slike ting ein ikkje gjere, men som ein kan gjere om ein har lyst!
Ynskjer deg ein fin dag!



Klem få Kristina

3 kommentarer:

  1. Hei, så fint innlegg! og viktig spørsmål å stille seg ja, kva er egentlig som betyr noko her i livet? takk for påminningen! Håpar det går bra med dikka, til tross for triste ting. Du har ein veldig koselig blogg, den er så inspirerande og tankevekkande, full av fine verdiar!
    Ha ei god helg! klem

    SvarSlett
  2. Ser ut som dykk har hatt ein finfin tur. Litt labert med blogginnlegg frå denna fronten òg, men kjenner på det same som deg. Godt at det ikkje er noko me MÅ gjera, men noko me kan gjera når me har lyst og kose oss med det=)

    Ynskjer deg og dine hærlege tre ei fortsatt fin helg!;-))

    SvarSlett
  3. Så koselig med et innlegg fra deg:) Så spennende med skolestart! Det er virkelig en ny epoke! Har sendt deg en mail med tlf.nr, så du får ta kontakt når du har tid og lyst:) Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...