fredag 1. april 2011

Vårens fyrste uteblomar og nokre påsketips

I dag har eg og ungane vore ute og ordna litt ved inngangspartiet. Det var på høg tid å ta bort konglekransen på døra og fjerne kristorn frå urnene ;) No har vårens fyrste uteblomar komen i trillebåra mi. Det er april og det er vår! Det minnar iallefall desse søte små stemorsblomane oss på, sjølv om temperaturen ute ikkje er noko å skryte av enda.







Det er enno to veker igjen før palmehelga. Likevel har eg byrja å innstille meg på at det nærmar seg påske, også på interiørfronten. Vil vise dykk to ting eg nyleg har kjøpt som eg syns er verdt å dele her. Det fyrste er eit fargerikt girlander kjøpt på Indiska. Kosta berre 29,-pr stk, to av dei vart med meg heim.


Det eine har fått plass i yndlingskroken min i stova. Eg plar ikkje nett å bruke knallfargar i interiøret, men desse synst eg var søte og vårlege. Litt fargar gjer godt no etter ein lang vinter.







Det andre girlanderet har eg hengt i sidefeltet ved ytterdøra. Dette var med å friske opp vår ellers så gråe gang. Slike girlander er fine å lage sjølv også. Har kjøpt inn ei blokk med fine tildapapir som eg tenkte me kunne lage blandt anna slike av, men då med andre former som kan henge utover vår og sommar.



Til sist vil eg tipse om eit veldig kjekt påskeblad som er i salg i daglegvarebutikkane fortida (eg kjøpte mitt på Rema). Dette koselege bladet inneheld masse fine klistremerker og bilder med nostalgisk motiv, itillegg til fine tekstar om kvifor me feirar påske m.m. Desse kan brukast til mykje fint.









Eg har kjøpt meg papir som det går an å kopiere ut bilder på, enter fra nettet eller bilder ein sjølv skanner inn, som ein deretter kan stryke på kvitt stoff og bruke til å sy fine ting av (heng de med?). Eg håpar eg får tid til å prøve meg på dette før påska er her. 

Til deg som enda heng med i dette laange innlegget, vil eg ynskje:

God helg

Klem frå Kristina

15 kommentarer:

  1. Så koselig inngangsparti! Den trillebåra var jo bare helt fantastisk fin da!!
    Flott påskepynt du har laget også, god idé. Og takk for tips om påskebladet :)
    God helg! Klem fra Bekka

    SvarSlett
  2. Kjempefine girlander! Fint med fargar! :) god helg!

    SvarSlett
  3. Så koselig du har gjort det utenfor. Du har virkelig ordentlig vår hos deg. Her kan vi ikke plante ut stemor enda.. Men, snart. :) Kjempefint det påskebladet, så mange gammeldagse motiver. :)

    SvarSlett
  4. Så hærleg å friske opp til vår utanfor! Håpar eg og får litt tid til det i løpet av helga:)Og for ei nydelig trillebår du har!=)

    Var akkurat på Rema, typisk! Frå no av skal eg alltid ta ein bloggerunde før eg handlar. hehe;)

    Ynskjer deg ein hærleg fredagskveld!

    SvarSlett
  5. Så fint det ble- føler at vinteren enda har et godt grep- men snart kommer nok våren. Artig blad!!

    SvarSlett
  6. Så da blei litt planting på deg og ja..hehe. Så kjekt. Veldig fint. Og kjempefin påskepynt forresten.

    SvarSlett
  7. Blir veldig imponert over alle dine prosjekter, heldige du som allerede kan plante ut blomster:))

    God helg:))

    SvarSlett
  8. Hei! Så herlig blogg du har!
    En liten oppmerksomhet venter på deg på bloggen min:)

    Klem Kristin

    SvarSlett
  9. Så koselig inngangsparti! Herlig med vår. Tror jeg må se etter det bladet, takk for tips.
    Ha en flott helg!

    SvarSlett
  10. Ligger en award å venter på deg hos meg.. :)

    SvarSlett
  11. Ååh, så herlig blogg du har! Denne må jeg snekre fast i lista mi :) !!
    Jeg så en artikkel inne på foreldrem. bloggen om hvordan du hadde pusset opp en skrivepult.. stemmer det? :) ..Det ble veldig stilig!!
    Jeg så du hadde en bilderamme på denne pulten.. med hjerteramme, prinsessekroner osv. Hvor er den kjøpt? :D

    SvarSlett
  12. Tusen takk for alt det fine de skriv til meg. Det gjer meg såå glad. Veldig kjekt er det også med nye følgarar ;) Til deg søte Caroline så stemmer det at foreldremanualen hadde eit innlegg der dei viste skrivepulten til jenta mi (gjett om eg vart overaska då eg fekk spørsmål fra dei!!) Den bilderamma du spør om kjøpte eg på Nille (!) for 2 år sidan. Har malt den etter det. Sikkert ikkje så lett å få tak i, desverre...

    Ha ei god helg allesaman :)

    Klem Kristina

    SvarSlett
  13. Stilig Kristina! Du burde meldt deg på Norges fineste hjem (eller ka da no heitte) som interiørbladet Bolig Pluss arrangerer. Du må sjekke det ut. :)

    SvarSlett
  14. Hehe Mita, den var god ;) Men tuden takk for komplimentet!

    SvarSlett
  15. Takk for koselig kommentar! Så koselig inngangsparti! Stemorsblomster er jo så fint, og så varer de liksom hele sesongen- hvis de får vann vel og merke... Det påskebladet var jo også kjempesøtt! Må prøve å få tak i et sånt! Ha en fin kveld:) Klem K

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...