onsdag 27. april 2011

Oppussingsobjekt

Då me var på hytta i Hardanger i påska måtte eg innom ein bruktbutikk eg ikkje har besøkt før, berre høyrd om. Den ligg i Øystese og er vel verdt eit besøk om du er på dei trakter. Les meir om butikken her.
 
 
Eg klarte selfølgeleg ikkje å gå tomhendt ut derifrå. Desse to nattborda måtte eg ha med meg heim. Skal sei det vart trongt om plassen i bilen vår, men me fekk med oss både nattborda og all bagasjen og no gledar eg meg til å setje i gong å male dei.
 
 
Kvit blir fargen. Nattborda er ikkje behandla frå før, det gjer jobben mykje enklare. Handtaka må også bytast ut. Nattborda skal få plass på vårt soverom. Dei me hadde før er alt komen inn på guterommet (det vil seie berre mitt foreløpig). Du kan sjå det her .
 
 
Nokre Norges-glas vart også med meg. Desse får eg aldri nok av. Det største vil bli fint til å ha 17.mai blomar i.  To andre glas (eller kva skal eg kalle dei?) vart også med meg. Minnar meg om snop og landhandel. Er ikkje sikker på kva eg skal ha i dei endå. Kanskje skal eg gjere som Lisje Astrid og lage søte rosa pikekyss som eg kan fylle dei med?
 
 
 
Ein siste ting eg må vise, eller det vil seie to siste ting, er desse søte harane eg kjøpte med meg heim i dag. Dei er frå merket sia, kjøpt på interiørbutikken fem høns, og vart mine for berre 20 kr stk! Snakk om givekkpris! Før hadde dei kosta 169,- pr stk. (Beklagar dårleg bildekvalitet). 
 



 
Påskepynt for nokon, men her hos meg skal dei få pynte hylla i kjøkkenstova både vår og sommar, før dei skal gå i dvale til neste påske.
 
 
Håpar du har like strålande ver som me har her om dagane. Verkeleg herleg!
 
Klem frå Kristina

4 kommentarer:

  1. Hvor skal jeg starte? Her var det mye fint! De nattborda kommer til å bli rå-lekre! Gleder meg til å se resultatet:) Og så fine glass du har fått tak i, de kan jo brukes til uendelig mye! Søte harer også da, og alltid gøy å gjøre et "røverkjøp"

    Ha en fortsatt fin kveld!
    Klem fra Hanne:)

    SvarSlett
  2. Å, de harene var jo supersøte. Knall å ha på et barnerom også de ;) Fem høns har jo bare alt en kan drømme om ! Fin blogg du har !!

    SvarSlett
  3. Hei kjære deg. Du var også innom "Plant et Tre"- butikken i Øystese i påsken ja, hehe. Eg og, eg og mamma er som oftast innom der når me e på hytta. Denne gongen kjøpte eg ikkje noko, men eg likar å gå å sjå der. Kjem eit innlegg på bloggen om da neste gong. :)

    Kjempefine nattbord forresten, dei såg ikkje eg når eg var der, kanskje du alt hadde kjøpt dei då, hehe.

    SvarSlett
  4. Så mykje fint! :) Så skjønne hara! Enig i at du kan ha dei framme om sommaren òg! :-D
    Klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...