tirsdag 19. april 2011

Nymalt skap og trappehall

Eit litt kjedeleg skap/kommode har blitt pimpa opp med maling. Også dette møbelet har eg malt med den duse gråfargen Morgendis. Skapet kjøpte eg rimeleg på finn.no saman med eit veggskap som også skal pussast opp. Men når det er ferdigmalt byrjar det å bli tomt i boden vår. Og det er bra, for der skal me snart lage til to nye rom; matbod og eit lite soverom.(Kjenner eg meg sjølv rett tar det ikkje så lang tid før eg har skaffa meg nye oppussingsobjekt...)
Skapet har fått plass oppe i gangen vår. Hovedetasjen vår ligg i 2.høgda med inngang nede.

Eg hadde allereie tatt alle skuffene ned i boden då eg kom på at eg hadde gløymd å ta før-bilete :/ og med tida after-eigth (når ungane er lagde)som primær tid til kreative sysler kan ein ikkje sløse med tida. Derfor eit litt ufullstendig før-bilete ;)


Og slik vart den sjåande ut etter nokre strøk maling. Eg brukte dei same knottane og malte dei kvite.


 Veggane i trappehallen er malt med eggekvit farge. Eg har brukt nokre svarte kontrastar og ein touch av rosa i interiøret. Dei svarte skulpturane har søstera mi Synnøve laga. Ho studerer på kunsthøgskulen i Bergen og er kjempeflink.

Kunsten på veggen (sjå bilete under) har ho også laga. Dei skiljer seg litt ut i frå resten av interiøret, men eg synes likevel dei sklir inn på eit vis. Tenkjer på systera mi når eg ser dei og då blir eg glad :)

Eit gamalt vindu frå besteforeldra til mannen min sitt hus er komen på veggen. Krokane var på vindauget og har no blitt pynta litt. Ei lyslykt og  ein gamal kjole på ein klehengar i sink. Skal ikkje så mykje til.



When I count my blessings, I count you twice , står det på det rosa skiltet på hylla.



To søte påskeharar har fått plass på det nymalte skapet. Desse vil ynskje deg ei fortsatt god påskeveke!



Klem frå Kristina
Ps. Ser forresten at nokon har problem med å legge seg til som følger her hos meg, er det fleire som har det problemet? Nokon som veit kva eg kan gjere for å fikse opp i det? Takksam for hjelp.

10 kommentarer:

  1. Virkelig en god jobb du har gjort med både trappegangen og kommoden. Vakkert styla!

    SvarSlett
  2. Nydelig den kommoden vart. Tenk ein så kjedelig kommode kan verta så vakker med nokre malingstrøk;)
    Ang det sykurset; Trur ho vil ha fleir kurs, kanskje helgekurs. Følg med i avisa eller på heimesidene til husflidslaget. Det er kjempekjekt!! Eg blir nok med ein runde til om økonomien strekjer til. Hiv deg med du og;-))

    Ha ein fin tirsdagskveld! =)

    SvarSlett
  3. Kjempe flott. Du har virkelig stått på. Slik påskehare har lille jenten min også...er jo bare så søte.
    Ha en riktig god påske.
    Klem

    SvarSlett
  4. Hei!

    Først av alt: Tusen takk for den koselige kommentaren du har lagt igjen inne hos meg! Den varmet:)

    Nå har jeg bladd meg litt nedover i din blogg, og her var det mye fint! Du virker til å vere ett kreativt menneske som er flink til å ta med deg barna på ulike aktiviteter! Masse inspirasjon her inne! Tusen takk! Ekstre gøy og se at vi deler samme tro:) Vi snakkes! Vil følge deg videre!

    God påske!

    SvarSlett
  5. Hei, så mye fint det var her inne! Kommoden og trappegangen din er kjempefine! Det er så kjekt med maling,man kan lage gull av gråstein:) Smart å henge pynt på vinduskrokene!
    Legger meg til som følger, og titter innom igjen.

    Klem fra Hanne:)

    SvarSlett
  6. Hei hei!

    Så flott den ble, utrolig koselig i trappen din der altså!

    Titter innom deg igjen - veldig koselig blogg!

    Nyt påsketiden,
    Klem Jatte♥

    SvarSlett
  7. Tusen takk for hyggeleg kommentar hos oss :)
    Velkommen til å fylja bloggen vår :)
    God Påske til deg og dine:)

    SvarSlett
  8. kommoden blei kjempeflott - har noen slike prosjekter på vent jeg også .... ååå, så koselig i trappegangen.
    GOd påske til deg og dine.
    Hadde ingen problem med å bli følger av bloggen din (bortsett fra at jeg trodde jeg var det fra før)

    SvarSlett
  9. Så fin kommoden blei!
    -Og huset ditt er så fint!! :)Mykje insiprasjon å hente hos deg!
    -Og er ikkje du heldig at du har ei så flink søster :D Trur dåke er ganske kreativ heile gjengen :)

    God Påske Kristina! <3
    Klem

    SvarSlett
  10. Det må jo verkeleg ein skattejakt-opplevelse å gå rundt i huset ditt, Kristina. :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...