fredag 15. april 2011

Me lagar påskegodt på påskeglas



 Me førebur oss til påske og lagar marsipansnop i dag. Me har også laga oss koselege glas som me skal putte marsipankulene i. Bli med så skal du få sjå :)
Marsipan


 Sjokolade i vannbad, gul konditorfarge,
trille kuler og dyppe i sjokolade.


Me prøvde også å blande rød og gul konditorfarge.
Det  fungerte fint :) Gøy måte for ungane å lære litt om fargar. 


 Marsipankulene blir sett kaldt medan påskeglasa blir gjort istand.

 Påskeglas

Syltetøyglas, klistremerker, hamptau, lim og saks. Enkle midlar og enkel aktivitet, også for dei heilt minste barna. Dei rekk ikkje å bli utolmodige før dei er ferdige ;)



No har marsipankulene komt på glas. Ungane lagde glas med søte kyllingar og fargeglad stoff med egg på...


....medan eg lagde to av det meir nostalgiske slaget. Stoffet eg brukte på dei er frå eit gamalt sengetøy kjøpt på loppis.


No skal me glede oldeforeldre og besteforeldre med ei lita påskehelsing. Litt må me nok behalde sjølv også :)


Ynskjer alle ein god god fredag.
I morgon viser eg bileter av eit av maleprosjekta eg har hatt gåande denne veka.

Klem frå Kristina


4 kommentarer:

  1. Så fine glass med selvlaget godt! En flott påskegave.

    SvarSlett
  2. Hei Kristina! Så inspirerande og koselig - heile bloggen din e knallfiiin! :) Sjåast snart? Klem

    SvarSlett
  3. Så koseleg aktivitet for både barn og mor;) Ynskjer deg og dine ei fantastisk helg!;-)

    SvarSlett
  4. Eg var så heldig å få prøvesmaka :D Dei var go'e! God påske <3

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...