tirsdag 12. april 2011

Litt nytt på kjøkkenet

Kjøkken


Tok nokre bilder frå kjøkkenet i dag, når det for eingongskuld var ryddig. Tenkte eg måtte sei noko om kjøkkenstolane våre. Dei observante har sikkert lagt merke til at me har bytta ut dei me hadde tidlegare. Me kom i det luksusdilemmaet å ha to sett med spisestolar. Då me kjøpte huset me bur i trudde eg at me skulle få plass til spisemøblement i stova, men det viste seg å bli for trongt. Eg hadde då allereie kjøpt eit spisebord med tilhøyrande 6 stolar på Fretex som eg malte kvitt. Eg likte det kjempegodt og klarte derfor ikkje å kvitte meg med det. Derfor bestemte me oss (les:eg) for å selge Ikea kjøkkenstolane våre og ta inn dei gamle. Bordet som tilhøyrer dei gamle stolane er i for dårleg forfatning til å ha til kjøkkenbord, det står foreløpig lagra i ein bod.

Desse stolane hadde me før:




No har me bytta til desse:




 Kva syns du om valet me har gjort?


Påskeliljer frå mi kjære Besta sin hage. Det er vel ikkje ofte at påsken kjem så seint at me har blømande påskeliljer samtidig som det er påske?




Her nyter me skillingsbollar frå gårdsdagens bakst. Desse er laga av våre små søte ♥





Det blå serviset har eg 12 dekningar av. Fekk det til jul av mannen og er kjempefornøgd med det. Ikkje noko dyrt merke, men likevel nostalgisk og småsøtt slik eg likar det.


Tavla eg pussa opp (les innlegget her om du vil) heng godt endå. Det har fått selskap av ein nydeleg skjønn teikning som Sara teikna 4 år gamal.






Nye gardiner frå Prinsess er komen opp.



I dag har sola skint i vindaugskarmen min og gitt meg litt ekstra energi. Herleg at våren er her!



Denne søte mugga er kjøpt på KID og kosta 25 kr.


Til slutt vil eg takke for alle dei fine kommentarane de legg igjen, det gjer meg SÅ glad ♥
Det er ikkje alt ved blogglandia eg likar like godt, men det å bli kjent med nye flotte mennesker er verkeleg eit stort pluss ved dette nettverket. Velkommen til nye følgarar, set veldig stor pris på dåke allesaman!

På gjensyn ;)

Klem fra Kristina

3 kommentarer:

  1. Masse kjekke bileter du har lagt ut i dag :D
    -Likte kjempe godt serviset. Det var min kopp med te ;)

    Ønsker deg ei god veke, Kristina!
    Klem fra Miriam

    SvarSlett
  2. Så påskefint du har gjort det. Den gule buketten var en herlig fargeklatt i det hvite. Flotte stoler du har fått inn, selvom jeg likte de med kryss i ryggen veldig godt også. :)

    SvarSlett
  3. Du har så koselig blogg! kjempefint kjøkken!!

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...