søndag 17. april 2011

Litt frå guterommet

I går fekk eg ordna litt meir på guterommet. Med ei oppussa tallerkenhylle, papirvimplar og nokre bilder kan eg no seie meg ferdig med denne delen av rommet. Slik vart det:



Ei tallerkenhylle malt i samme farge som skuvsenga har no komen opp på veggen. Denne kjøpte eg for 75 kr på ein bruktbutikk i Kr.sand (Shalam). Andre folk skjønar ikkje kva eg skal med ei slik, men kanskje forstår dei det no? Føler meg ein smule dum avogtil når eg raskar med meg ting som er skrot i andre sine auge. Her inne i blogglandia får eg derimot god forståelse for min lidelskap for gamle ting, takk til alle dåke :)
Tallerken hylla før:



Tallerkenhylla etter:



 Eg har også laga vimplar av tilda-papir, inspirert av den flotte bloggen Huset ved Fjorden. Hadde tenkt eg skulle sy vimplar av dei same stoffa eg har sydd lappeteppet av, men det veit eg ikkje om eg treng gjere no...



Vil du sjå korleis senga såg ut før kan du enten kikke på forrige innlegg eller trykke her


Bileter av Jonas og Sara har komen i rammer. Godt å halde handa til gode, trygge storesøster:)



Min aller første bil og eit Brio-tog frå min barndom har fått plass på hylla saman med nokre av favorittbøkene til vesleguten. Ei god bok på eit trygt fang er ei god avslutning på ein dag for eit lite barn.



Fargen på veggen heiter Isfjord og er ein farge fra eit av Halvor Bakke sine fargekart. Lampen er eit bruktfunn og nattbordet fra Ikea. Her er det god samanblanding av nytt og gamalt, akkurat slikeg vil ha det.


Her håpar eg Jonasguten vår vil sove godt framover:)



Siste maleprosjekt får de sjå til veka. Då viser eg også bileter frå eit rom eg ikkje har vist her før.

Ynskjer alle ein god palmesøndag.
Velsignet vere Kongen, Hosianna!

Klem frå Kristina

10 kommentarer:

  1. Hei Kristina!
    No har eg fått oppdatert meg litt, endelig!! Du har virkelig stått på og fått gjort mykje!
    -Og guterommet var heilt nydelig!

    Ønsker dåke ei nydleg palmesundag!

    Klem fra Miriam

    SvarSlett
  2. Da blei utrulig fint! Her er eg sikker på at Jonas får såva godt! God palmesøndag :)

    SvarSlett
  3. Så fint guterom! Lurt å laga vimplar i papir då, mykje meir lettvint og pyntar opp like fint=) Nydelig skuvseng! Ikkje misunnelig på den altså... hehe;)

    Ha ein finfin søndagskveld=)

    SvarSlett
  4. Kjempeflott gutterom ! Nydelige farger og kjempemorsomt tips til vimpler !
    Ha rikke vært innom her hos deg før , men kommer gjerne innom igjen ! :)
    Ha en fin plamesøndag !
    Liv Elin

    SvarSlett
  5. Hei hei.

    Tusen takk for koseleg kommentar, veldig kjekt,
    for då fann eg deg også.
    Kjempefint guterom du har laga til, og så koseleg å bruke gamle møbler.
    Ha ei finfin påske.

    Klem H

    SvarSlett
  6. Hei:)
    Takk for slike fie ord♥

    Nydeleg på guteromet..
    Likte meg så godt her i bloggen din.Så mykje herleg inspirasjon♥

    Klarer ikkje å legge meg som følgjar?Hmmmm...Legg deg til blogglista mi,så eg får følgje meg.

    GOD PÅSKE ♥

    Klem frå Astrid

    SvarSlett
  7. Så fint rommet har blitt og det var ei nydelig seng. Heldige Jonas. :) Og eg likte så godt det du har brukt den tallerkenhylla til.. Utrulig koselig med bøker oppi. Kreativt! Du er så flink! <3

    SvarSlett
  8. Så flott guterom! Likte så godt senga og tallerkenhylla:) Moro at du og laga papirvimpler. Dine vart kjempefine:))
    Ha ein super kveld!
    Klem:)

    SvarSlett
  9. Hei Kristina
    Så flott blogg du har :) Her la jeg meg til som følger... Kjempefint barnerom og nydelig seng ღ Ønsker deg en fin kveld videre og god påske :) Klem fra Mette

    SvarSlett
  10. For et fantastisk barnerom:):) utrolig nydelig:) det er så fint med bøker i tallerkenhylla:)

    Ønsker deg og dine en flott påske:)

    Klem Lise

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...