torsdag 7. april 2011

Klutar til små trutar

Det er i vinden å strikke oppvaskklutar! Eg vart inspirert og kjøpte inn garn, men fann ut at det var andre klutar eg hadde meir bruk for. Truteklutar! Med tre små born og minst fire måltid til dagen (utanom dei 3 tre dagane dei er i barnehage) kjem desse godt med. Kvite og lyse klutar er ein dårleg kombinasjon med tomatsaus og div andre matvarer. Våtserviettar er praktisk, men ikkje så bra verken for barnehuda eller miljøet. Derfor er eg godt nøgd med desse fargeglade klutane som også er behagelege å bli vaska med.



Garnet er i bomull og akryl, "Tuva" heiter det, og er kjøpt på Europris. 






Eg har strikka dobbel perlestrikk og hekla ein kant rundt. Dobbel perlestrikk er veldig enkelt: strikk 2 r og 2 vr 2 omg, deretter motsatt, dvs rett der ein strikka vrang og vrang der ein strikka rett, 2 omg, deretter fra starten. Dette gir ein veldig behageleg kvalitet samstundes som dei blir litt finare å sjå til.







Ingen skitne munnar her i huset lenger!

Etter helgas strabasar har eg ikkje hatt så mykje overskudd til kreative krumspring. Derfor litt meir trivielle innlegg frå meg i det siste. Og slik vil det nok bli her på bloggen min. Variasjon. Merkar heldigvis at lysta etter å ta fatt på nye prosjekt byrjar å komme tilbake, og det er bra. Tidlegare idag var eg og mannen nemleg å henta ei gamal skuvseng me var så heldig å overta. Den treng nokre strøk maling, så skal eg få vist den her etterkvart.

Klem fra Kristina :)

4 kommentarer:

  1. Så fine de var! Supert med den blomsten til pynt også. Flott presentert!

    SvarSlett
  2. Så flink du er, de var nydelige:)

    Her må lillegull ta til takke med våtservietter stakkar...

    Ønsker deg en super helg:)

    Klem Lise

    SvarSlett
  3. Det var noen koselige kluter du har hekla. De ble så søte med de små blomstene.

    Fin blogg du har jeg legger meg til som følger hos deg.


    Klem Annfrid

    SvarSlett
  4. Fine kluter med det lille ekstra - koselig med blomst og knapp på ...
    Fin fredag til dere

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...