torsdag 14. april 2011

Grått

I dag regnar det her i Nordbygdo.  Ikkje berre nokre byer i ny og ned, nei det striregnar. Det skiftar fort, frå strålande sol i går til grått og trist i dag. Slik kan det også vere i livet. Dagane skiftar og livet er ikkje alltid ein dans på roser. Heller ikkje for meg. 


Her i blogglandia er det ikkje så mykje å sjå til av livets skuggesider. Heller ikkje eg er flink til å framstille den verkelege sanninga alltid. Men så er det ikkje så veldig kjekt å ta bileter av klesstativ, rotete golv og visna blomar....men det er faktisk ein vesentleg del av "interiøret" her i heimen. Så veit de det, at når eg legger ut fine bilder av ein tilsynelatande strigla heim, så er det langt i frå heile sanninga.

Natt og dag-blomar, syns desse er så fine. Og så seier dei litt om livet, som også består av kontrastar. Livet er eit mysterium. Me kan møte på ting som virker så meiningslaust. Seinare kan me sjå at dette førte til noko positivt, trass alt.

Bilde lånt fra google
La oss alltid ha med oss ankeret i livet, som består av tru, håp og kjærleik. Tru på livet som er gitt deg, håp om ei god framtid, kjærleik frå Han som gav oss livet.


Frå alvor til litt mindre alvor. Grått, ja det er ordet som skildrar min dag. Her har eg malt på møblar i dag, lysegrått :)

Håpar å kunne vise bileter av det ferdige resultatet iløpet av dei komande dagane. Kanskje du kan ane kva det er eg malar på her?




Hugs, du har ein stor eigenverdi! Ikkje for alt det du gjer eller ikkje gjer, men fordi du er nettopp den du er :)

-helsing fra Kristina

5 kommentarer:

  1. Koselig innlegg og så søt blogg. Er gøy å male møbler, de blir så fine etterpå.
    ønsker deg en fin dag.

    SvarSlett
  2. Du skriver så fint, og så ekte:)Nydelig header du har fått deg! Ønsker deg en riktig god påske- tenk å få feire en tom grav! Vi er heldige! Jeg tar en påskepause nå! Setter stor pris på deg og kommentarene dine:) Klem

    SvarSlett
  3. Så flink du er til å skriva gode ord, Kristina. :) Kjempefint innlegg, og heilt sant det du skriv.

    Og så vårlig og fiiin header du har laga! Nydelig innlegg fra turen i Hystadmarkjo, med kvitveis og sjø og blå himmel og sol. Det var nok ein herlig tur. :)

    SvarSlett
  4. Ja det er så sant....eg må innrømme at eg "sjelden" blogger om den fulle skittentøyskurven eller smulane på golvet..;)

    Så fin den nye headeren din var, virkelig vårlig:)

    Kan det vere ei skyveseng du maler på?? Heldige deg i såfall:)

    God helg til deg, så får me håpe finværet snart kjem tilbak:)

    Klem fra Torill

    SvarSlett
  5. SÅ kjekt å kikka innom bloggen din, blir glad av å lesa / kikka! Takk for det du dele!! Sko fått te et nytt treffpunkt om ikkje alt for lenge. Ein velsigna god påske te deg og dine!

    Klem May Synnøve

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...