onsdag 6. april 2011

Gjer nokon glad

Det skal ikkje alltid så mykje til for å glede andre og det treng heller ikkje alltid koste så mykje. Det er tanken som teller heiter det og i mange tilfeller er det sant. Her om dagen fekk ungane lage kort. Tanta deiras, mi kjære søster Helene, hadde bursdag og sidan ho bur langt borte frå oss tenkte me ho ville bli glad for ei lita overasking i posten.



Eg har kjøpt ei blokk med søte tildapapir. Desse papira har fine mønster på begge sider av arket og er fine til mangt og mykje. Med eit slikt papir som basis vart korta dekorative.

På framsida limte me bilete av Helene og tantungane hennar.


Ungane tegna på kvite ark som me limte inni. Jenta vår på snart 6 skreiv på kortet sjølv, ved at eg først skreiv steningane på eit anna ark og ho skreiv etter det.



Eit hjarte med fine ord og glitter rundt. Lim & glitter, finst det noko kjekkare for små kreative barnehender? Dei kosa seg med dette og eg trur også tante Helene kosa seg då ho fekk dette i posten.





Har du nokon som hadde trengt eit oppmuntrandes kort i posten?


Tilslutt ein song eg kom på som me song på barneskulen. Denne songen sit som spikra i meg. Nokon songar gløymer ein berre aldri:

Gjer nokon glad! Ja skund deg gjer det nå i dag.
Det er så mykje du kan gjera om du vil.
Og når du gjer det skal du sjå at det er betre gje enn få.
Det største er å gjera andre mennesker glad!

Leif Lundberg/Jostein Janøy


Ynskjer alle ein god dag

Klem frå Kristina :)

6 kommentarer:

  1. Blei såå glad for de skjønne kortene. Tusen takk! ♥ De har fått plass i bokhylla mi, der de står så fint og glitre. :)

    Så bra at de små koser seg med sånt. Det er nok fordi mammo deira også er glad i, og veldig flink med sånt. Og er det noko du er flink til, så er det å gjera andre glad! :))

    SvarSlett
  2. Tuusen takk søte deg ♥ Kjente eg blei litt rørt no. Masse masse gla i deg Helene. Klem

    SvarSlett
  3. Hei.
    Så nydelige kort og vakre, sanne ord.
    Ha en fin dag videre. :)

    SvarSlett
  4. Hei Kristina og takk og takk for alle de koselige kommentarene, setter stor pris på deg!!! Nydelige kort dere har laget, sikker på at Helene ble glad! Det er så kjekt med annet enn regninger i postkassa!:-)

    Nydelig ute hos deg også, hvit blomstertrillebåre, kjmpefint!!! Øsnker deg en fin kveld og gratulerer med "dåpen" som var! Klem

    SvarSlett
  5. Så koslig! Og det er jo så kjekt å få heimelaga kort, i allefall frå søte små tantungar!!
    -Og ikkje minst kjekt at det kjem noko anna enn regningar i postkassa!

    Klem Miriam

    SvarSlett
  6. takk for gode ord nok en gang:) Du er skjønn!!! Kjempefine kort, du er virkelig flink og produktiv! Ha en fin kveld- klem

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å legge igjen ein kommentar hos meg! Det blir eg veldig glad for. Du kan kommentere sjølv om du ikkje har ein google-konto ved å hake av på "anonym" under.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...